Martha C. Nussbaum: Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne; Per Thomas Andersen: Fortelling og følelse. En studie i affektiv narratologi

Den affektive vendinga kjem til Noreg i to aktuelle bøker som demonstrerer korleis analyse av kjensler kan gi nye perspektiv på både litteratur og samtid.

Vil våren 2016 bli ståande som våren då kjensler fekk betre rykte i intellektuelle kretsar? To aktuelle bokutgivingar gir grunn til å håpe: Eit utval av filosof Martha Nussbaums tekstar er omsett til norsk, og litteraturprofessor Per Thomas Andersen leverer litterære analysar av dei affektive dimensjonane i kjende verk. Dermed kan vi no lese både ein av klassikarane og eit av dei nyaste bidraga til det som gjerne blir kalla den affektive vendinga i humaniora. Det opnar viktige perspektiv.

Martha Nussbaum er ein av dei teoretikarane Andersen brukar mest plass på å presentere i sitt innleiande kapittel. Sidan han der gir ei innføring i synet på samanhengen mellom estetikk og kjensler i vestleg kulturhistorie frå antikken til vår tid, seier det noko om kor sentral Nussbaum er i denne delen av akademia.

Nussbaum har vore opptatt av kjenslene sin plass i kulturen og politikken heilt sidan 80-talet. Spesialfeltet hennar er antikk filosofi, men ho har også studert nyare skjønnlitteratur. Sidan ho òg er professor i rettsvitskap og etikk, har skriftene hennar ofte ei innretting mot praksis som har gjort at ho både interesserer seg for og er relevant for mange fagfelt, mellom anna undervising og omsorgsarbeid.

KOGNITIVE PROSESSAR
Nussbaums arbeid med kjensler har falle saman i tid med den teknologiske utviklinga som har gitt hjerneforskarane ny innsikt i kva rolle kjensler spelar for kognitive prosessar som danning av minne, planlegging, vurdering og førestillingsevne. Medisinsk forsking viser altså at ein ikkje kan dra eit skarpt skilje mellom fornuft og kjensler – slik det har blitt gjort i vestleg idéhistorie sidan René Descartes filosofiske rasjonalisme på 1600-talet. Dette er bakgrunnen for den fornya interessa for kjensler også i humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking dei siste to tiåra i USA.

Det er professor emerita Irene Engelstad som har gjort eit utval av Nussbaum-tekstar under tittelen Litteraturens etikk. Følelser og forestillingsevne, og Agnete Øye har omsett til klart og lettlese bokmål. Engelstad har òg skrive ei grundig innleiing med innføring i Nussbaums sentrale idear. Sidan Nussbaums eigne tekstar stort sett er tydelege og tilgjengelege, kunne eg ha ønskt at Engelstad fokuserte meir på debatt om Nussbaums påstandar og mindre på oppsummering. Men Engelstad har gjort ein god jobb med å finne tekstutdrag ein med stort utbytte kan lese som frittståande essay, samstundes som det finst ein klar tråd frå tekst til tekst. Boka er difor ein utmerkt introduksjon til Nussbaums store og viktige akademiske produksjon.

Nussbaum vil at litteraturen skal inngå i det ho sjølv kallar eit radikalt prosjekt: å spreie ideen om at alle menneske er like mykje verde. Nærmare bestemt meiner ho at litteraturen kan lære oss å skjøne og ha medkjensle med andre menneske gjennom ei veksling mellom identifikasjon og erkjenning av at mykje er grunnleggjande forskjellig, men at forskjellane stammar frå erfaringar også vi i prinsippet kunne ha vore utsette for.

Sjølv om kjensler har ein sterk fysisk og instinktiv komponent, meiner Nussbaum at dei er sosialt og kulturelt innlærte, og at oppfatningar og verdiar er avgjerande for korleis vi reagerer emosjonelt. Nærmare bestemt meiner ho at litterære forteljingar er heilt sentrale i slik emosjonell danning.

Klikk her for å lese resten av meldinga på nettsida til Prosa

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: