Ida Hegazi Høyer: Historier om trøst

I drift mellom kroppar: Ida Hegazi Høyer skriv godt om sex, men det er noko distansert og retningslaust over historiene.

Sorg ser ut til å vere eit sentralt tema denne bokhausten. I fjor haust var det som at alt eg las handla om angst. Om kretsinga rundt slike tunge tema speglar forfattarstanden, det kulturelle klimaet eller berre meg som kritikar kan eg ikkje seie sikkert, men skulda for alt har nok marknadsliberalismen, akkurat det er eg aldri i tvil om. Så no lurer eg på om Ida Hegazi Høyer kan ha liknande baktankar når ho portretterer ei ung kvinne som døyver si indre smerte gjennom sex med framande? Historier om trøst tar oss med på ei reise gjennom europeiske soverom.

Sex og stemning
Ida Hegazi Høyer har sidan debuten i 2012 gitt ut éi bok i året, og den nye boka er hennar femte. Det er ingen tvil om at Høyers debut viste eit stort, litterært talent og at ho har utvikla seg vidare sidan, men eg synes nokre av utgjevingane ber preg av at det går fort unna. Historier om trøst har tydelege kvalitetar, men manglar den konsentrerte intensiteten og det oppfinnsame språket som eg tidlegare har sett så stor pris på hos Høyer.

Dei tre historiene om flyktige kjærleiksrelasjonar er lagt til i utanlandske storbyar; Lisboa, Berlin og Brussel. Både tittelen, Historier om trøst, og slikt den kvinnelege forteljaren seier gjer at boka kan lesast i forlenginga av romanen Unnskyld (2014). I denne intense og tragiske kjærleikshistoria, Høyers beste bok så langt, tar ein ung mann livet av seg når fortrengde traume brått blir avdekkja. Eit viktig symbol var ei gul badeand. Når ei badeand også dukkar opp hos mannen i den første historia i årets bok, skaper det difor ein samanheng som igjen peikar mot traumatisk fortid. Historia tar etterkvart ei uhyggeleg vending som er interessant konstruert, men krasjar med det flate stemningsleiet i teksten.

Den andre historia er den som i størst grad utforskar andre perspektiv på både kjærleiken og verda. Her blir den heterofile kvinna saman med ei anna kvinne som er innvandra frå eit afrikansk land og som deler ut klede til flyktningar. Høyer klarer å bruke skildringar av intimt samliv til å få fram tre heilt ulike pardynamikkar i dei tre historiene, ikkje minst får hovudpersonen tydeleg ulike roller. Det er godt gjort og det mest imponerande i boka. Ho skriv også nøkternt og godt om sex, det blir verken latterleg eller platt.

Psyke og samfunn
Men hovudpersonen er i alle tre historiene likegyldig og uforsiktig på ein måte som gjer at ho verkar lett deprimert, og ho flyktar frå eit tap i fortida som berre blir hinta om. Dette, samt at handlinga er lagt til byar i Europa kor kvinna søkjer trøyst hos framande, minner sterkt om Amalie Kasin Lerstangs debutroman Europa (2014). I begge bøkene får vi glimt av livet under heilt andre vilkår enn dei norske, men det er vanskelegare å tolke karakterane i eit samfunnsperspektiv hos Høyer. Men grunnen til den lunkne omtalen min er likevel ikkje det, men at historiene blir keisame når det ikkje skjer stort meir enn at to menneske møtast og blir intime. Framstillinga er detaljert og distansert på same tid, og har noko retningslaust over seg.

Ein kan velje å lese det også som uttrykk for kva stemning som rår blant unge vaksne i Europa for tida: At alt er usikkert og utbyttbart, ikkje berre jobbar, men også kjærastar, og at alle shoppar rundt for å skaffe seg det dei treng av både materielle goder og omsorg. Det bør altså vere mogeleg å skulde på marknadsliberalismen her òg.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: