Gro Dahle: Søster

Ei søster å bli glad i: Gro Dahles diktsamling Søster hallar mot det overtydelege, men flyt godt på varmen og sjarmen.

Gro Dahle har gjennom forfattarskapen sin vore spesielt oppteken av korleis vi blir sosialisert inn i verda: Vanskane med å finne dei rette orda og skjøne dei uutala normene for sosial omgang, når vi skal nikke, takke og le. Og ho har ofte skildra den vanskelege kjærleiken, relasjonen som startar så fint, men blir vanskelegare etterkvart. Dette er også tema i den nye diktsamlinga Søster. Men årets utgjeving er lys og humoristisk, i motsetnad til den førre, lagt mørkare samlinga Støvet, skyggen, hunden og jeg (2011) som skildra einsemd og depresjon.

Dahle går laus på omgrepet og realiteten «søster» frå alle vinklar, samstundes som dikta til saman er ei forteljing om korleis ei søster kan vise seg å bli noko mykje meir utfordrande enn den søte omsorgspersonen diktar-eg’et fantaserer om. Ein komplisert relasjon til mor ligg også bak idealiseringa av fenomenet søster, dermed blir samlinga ei gransking av ambivalensen i nære kvinnefellesskap både i og utanfor familien.

Diktsamlinga held den direkte, lett naive tonen som er karakteristisk for Dahle. Typisk er det òg at indre tilstander blir projisert ut på verda og biletlege talemåtar konkretiserte: «Jeg vil ikke være noen byrde,/sier moren min./ Hun henger over skuldrene mine». Språkleiken og sansen for det uventa («el-drevne søstre»), gjer at eg ofte småler under lesinga. Men det som mest av alt pregar Dahles stil, er det skarpe blikket for både det vanskelege og det vakre i det vanlege.

Gro Dahle har gitt ut ei rekkje prisløna barnebøker i samarbeid med ektemann og teiknar Svein Nyhus, og ofte tar dei opp vanskeleg emne på måtar også vaksne kan ha glede av. Også dikta hennar har rørt seg i retning av all-alder-litteratur. Det er potensielt eit stort kompliment, berre tenk på Alf Prøysen. Mi einaste innvending er at samlinga hallar mot det overtydlege når dikta i så liten grad tøyer kvardagsspråket. Søster flyt likevel godt på varmen og sjarmen.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: