Selma Lønning Aarø: Hennes løgnaktige ytre

Galne kvinnfolk og geniale menn: Selma Lønning Aarø viser at Anna Munchs lidenskap for Knut Hamsun handla om meir enn forelsking.

Sjølv i vårt formelt likestilte samfunn er det ein ting vi neppe får endra på: At biologisk kjønn påverkar alle menneskelege relasjonar; kva forventingar ein møter, korleis det ein seier og gjer blir oppfatta, kven ein får kontakt med og på kva premissar. Dermed legg det også rammer for kven ein kan bli. Mi erfaring med norsk kulturliv tydar på at kjønn betyr like mykje her som i bedehusmiljøet på vestlandet, om ikkje meir; før i tida gjekk eg i kjønnsblanda bibelgrupper, no er det kjønnsdelte lesesirklar som gjeld. Sidan det framleis sit flest menn i dei mest attraktive posisjonane, motverkar slik kjønnsdeling reell likestilling. Med dette in mente har eg laga meg ein hypotese om Anna Munch: Ho var ikkje besett av Knut Hamsun fordi ho ville sole seg i glansen av hans store talent og endå større ego, men fordi ho ville vere Knut Hamsun.

Faktabasert dikting
Grunnlaget for ein slik tanke kan ein finne i Selma Lønning Aarøs biografiske roman Hennes løgnaktige ytre. Her vil ho nyansere biletet av Anna Munch, forfattaren som vart mest kjend for å ha vore ulukkeleg forelska i Knut Hamsun og skildra av Hamsun-biografane som «stakkarslig» og «sinnssyk». Det var om henne Hamsun skreiv til politiet og bad dei verje han mot «Forfølgelser» i form av anonyme brev som sverta ryktet hans. Skuldingane vart aldri prova, men det er slått fast at Anna Munch skreiv mange signerte brev til Hamsun – også etter at han hadde gjort det klart at han ikkje ønskte kontakt. Kvifor klarte ho ikkje å ta konsekvensen av det openberre, at «Hun var ingenting for ham»?

Lønning Aarø har leita i arkiva og funne fakta om Anna Munchs liv og møta med Hamsun. Så har ho dikta til for å fylle biletet ut. Det har blitt ein særs ryddig, biografisk roman, spesielt fordi forfattaren i etterordet gjer greie for kven ho har valt å tru på når dei ulike kjeldene motseier kvarandre. Historia ho teiknar opp viser at Hamsun ikkje kan ha vore så avvisande som han sjølv i ettertid hevda, men òg at ein kvinneleg kunstnar som Anna Munch måtte leve med store påkjenningar som gjorde henne ustabil: Ein familiebakgrunn med mange søsken ho måtte ta seg av, fekk henne til å flykte inn i ekteskapet. Der viste det seg at ho var meir ufri enn før; ektemannen nekta henne å skrive, var kontrollerande og valdsam. Då ho til slutt røymde, måtte ho etterlate dottera, noko som må ha vore ei enorm psykisk påkjenning i seg sjølv. Ho ga ut romanar og var invitert til stiftinga av Forfatterforeningen, men etter skandalen med Hamsun døydde ho fattig og einsam.

Tidskoloritt og klisjear
Språket i romanen er halde i ein stil som ligg nær opp til språket i dei originale breva som dels er siterte og dels vist fram på bilete. I byrjinga verkar stilen banal, med for mange slitne fraser som «De kommer som perler på en snor», «kjenner et stikk i hjertet når hun tenker på …» og «sulten gnager i tarmene». Eg reknar med at dette er eit medvite val frå forfattaren si side, for å liksom tilbakedatere språket. Inntrykket betrar seg etterkvart, men klisjeane burde ha vore rydda ut. Hovudinntrykket er likevel at forfattaren treff med tidskoloritten og unngår anakronismane som ofte skjemmer historiske romanar.

I portrettet av Anne Munch kunne Lønning Aarø ha gått mykje lenger i å skildre eit overoppheita indre liv i staden for å berre konstatere at Munch tidvis er forvirra. Og det hadde vore interessant om ho hadde fått fram meir av korleis dei religiøse overtydingane hennar arta seg. Men den tilknepte, høflege stilen, kor det er tydeleg at forteljaren leitar etter det som kan orsake og forklare, står godt til at Lønning Aarø har gjort Annas dotter, Signe, til forteljar. Romanen er fortalt som hennar tilbakeblikk på mora basert på gamle brev og eigne minner – og det i ein situasjon rett etter andre verdskrigen kor Signe sjølv har mist alt som var viktig for henne.

Kjønn og lagnad
Dottera er bitter fordi mora ofra henne for kunsten og jakta på Den Store Mannen. Men ho ser også at kjønnsrollene skapte både situasjonen som tvinga eit slikt val fram og prega etterdømet til mora: Det er lite som tydar på at Knut Hamsun i utgangspunktet var ein meir balansert person enn Anna Munch var. Men som mann hadde han eit heilt anna handlingsrom, og fordi han skreiv så gode romanar, kunne han gjere nesten kva som helst utan å bli avskriven som menneske – som historia seinare også har demonstrert. Likevel var det han som fekk definere for ettertida kven Anne Munch var. Heilt til no.

Hennes løgnaktige ytre er ein tankevekkjande og velkomponert biografisk roman. Og ein treng ikkje sjå lenger enn til svenske Lena Anderssons nylege suksess med romanane om den kjærleikssjuke Esther Nilsson for å skjøne at temaet framleis er aktuelt.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: