Nils-Øyvind Haagensen: Er hun din?

Ei open sorg: Nils-Øyvind Haagensen har den sjeldne evna til skrive lett om slikt som slett ikkje er enkelt.

Ein skulle ikkje tru det var mogeleg å skrive ein feelgood-roman om ein mann som både har kjærleikssorg og sørgjer over ei ufødd dotter. Men det er nettopp det Nils-Øyvind Haagensen har gjort i romanen Er hun din? Her tek han opp tråden frå romanen Liten (2013) og utforskar roller og kjærleiksrelasjonar mellom menneske i ulik alder. Men han går ikkje utanom potensielt ubehagelege koplingar til seksualitet, makt og ansvar.

Slik og sånn kjærleik
Opplegget er enkelt: Ein vaksen mann møter Eira, ei jente på 5-6 år, på bursdagsfesten til mora hennar, og dei får ei spesiell kontakt. Det får han til å tenkje på dottera han aldri fekk, og korleis aborten som vart utført mot hans vilje, øydela relasjonen til den mykje yngre kjærasten.

Dialogane mellom mannen og jenta er særs sjarmerande, Haagensen har klart å fange den lune og frie stemninga som oppstår når eit trygt barn blir begeistra for ein vaksen og viser det med heile seg. Korleis ho kjem heilt nær og er interessert i alt; kleda, håret, rynkene. Korleis ho ertar og tøysar: «Du er altfor barnslig til å være førtifire».

Men det fins mørke undertonar i det eg først berre lo av. Som når Eira ser lyset som bryt gjennom skyene og tenkjer at verda er som ein presang med pustehol, for: «Ingen har lyst på døde mennesker i gave». Kanskje var det nettopp det hovudpersonen følte han fekk. Også tankane hans om naturen ber preg av livssituasjonen, som når han seier om trea: «Løfter de også blikket etter en besværlig natt med Gud (…)». Slik skriv poeten Haagensen vakkert fram ettertanken si stille, men framleis opne sorg.

Implikasjonane som oppstår i møtet mellom ulike tematiske trådar i boka er langt frå enkle. Utan å røpe handlinga, kan eg seie at teksten både tar opp konkrete problemstillingar knytt til ulike behov i ulike livsfasar og til det overskridande i seksualiteten. Mellom anna fortel hovudpersonen at han før vart kåt av at kjærasten hans heldt bestikket på ein barnsleg måte. Det er ein farleg ladd detalj når så mykje av boka handlar om kjærleik på tvers av store aldersskiljer. Samstundes viser minnet også tilbake over eit tidsskilje; før og etter at mannen tok til å sjå på seg sjølv som far.

Teksten som barn
Mot slutten kjem ein innskoten tekst: Cordelia-filen er eit slags dagboks- og arbeidsnotat kor hovudpersonen vender seg til barnet han aldri fekk og både fortel om seg sjølv og funderer på kva slags person ho ville ha blitt. Etterkvart glir teksten over i refleksjonar om «litterær innflytelse» kor han med referansar til teoretikarar som Harold Bloom og Derrida samanliknar det ufødde livet med den nyskrivne teksten; begge kan blir hindra eller hjelpte fram av korleis dei blir mottekne.

Koplinga er risikabel, sidan det verkar som eit hårsårt svar på negativ kritikk. Notatforma kan også verke lettvint. Men samstundes passar det jo godt med opne spørsmål i ein tekst om liv som aldri vart realisert.

For meg veg det tyngst at Haagensen opnar teksten opp med fantasi og humør. Koplinga som fort kunne ha blitt klam, blir i staden morosam når han skriv om lesaren som «halser etter en tekst som er i ferd med snuble ut i en kraftig trafikkert bygate.» Andre poeng treff akkurat der dei skal, som tolkninga av Den Gyldne Regelen i ei tid kor ingen elskar seg sjølv: «Som da vil si at man skal være like ambivalent, kritisk, humørsyk og fordømmende mot andre som man er mot seg selv?» Ein må kanskje vere sunnmøring for å le av det når ein sjølv er kritikar.

Er hun din? er ein roman som trass si lettlesne, sjarmerande form opnar opp for både vanskelege kjensler og vanskelege spørsmål, og tenkjer godt utan å tenkje tankane til endes.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: