Maria B. Bokneberg: Lukta av våt jord om natta

Sorglandskap: Debutant Maria B. Bokneberg skriv presist og innsiktsfullt om sorg.

Nathalie Sarraute skriv i essayet «I fugleperspektiv» frå 1956 at den viktigaste oppgåva til litteraturen er å framstille røynda så presist som mogeleg, og at litterær estetikk difor må endre seg i takt med tida. Ein konsekvens av dette synet er at ho kallar dei som skriv i tråd med litterære konvensjonar for formalistar og – stikk i strid med det som både var og er vanleg bruk av omgrepa – dei som eksperimenterer med forma for realistar. Den harmoniske og vakre stilen meiner ho derimot ikkje er eit mål, men snarare ei freisting for forfattaren. Det skrivne kan likevel vere vakkert, men, som ho skriv: «Stilens skjønnhet, som består av kraft, presisjon, livfullhet, smidighet, dristighet og sparsomhet med midlene, er bare et uttrykk for dens effektivitet.»

Eg tok til å tenkje på dette då eg las Maria A. Bokneberg sin debutroman Lukta av våt jord om natta. Det knappe, presiste språket passar til sorga ho skildrar, men er nesten litt for godt å vere i. I Sarrautes vokabular er ho snarare formalist enn realist.

Tid, rom og kjensler
Den unge, kvinnelege eg-forteljaren er på hytta saman med faren og søstra etter at mora har tatt sjølvmord på grunn av depresjon. Bokneberg skildrar på eit vis som gjer at tid og landskap, det fysiske landskapet og det mentale går over i kvarandre: Korleis dei fysiske omgjevnadane både ber på minner om mora og viser seg frå ei heilt anna side no som mora har tatt livet av seg her. Sorga går gjennom ulike faser, men artar seg òg ulikt for familiemedlemmene, slik at behova deira kan krasje når dei prøvar å kome seg vidare.

Forma Bokneberg har valgt har vore flittig nytta i norsk litteratur dei siste tiåra; emnet er livet i kjernefamilien, skildringane er knappe, konkrete skildringar av scener der eg-forteljaren enten skildrar kva ho gjer for å takle sorga frå dag til dag, gjenopplever minner om mora eller pratar med sine næraste. At ein debutant meistrar ei kjend form er ikkje eigentleg ei innvending, men eg trekk fram Sarraute for å seie noko om rammene eg legg for vurderinga.

Stilen oppfyller Sarrautens krav om presisjon og «sparsomhet med midlene», og Bokneberg kjenner emnet sitt godt. Ho får fram både skamma og sinnet dei som lever igjen etter eit sjølvmord kan kjenne, og ikkje minst den fysiske komponenten sterk, psykisk smerte har; mangelen på energi, den desperate trongen til å få bort trykket i brystet. Vansken med å finne ord. Ikkje minst klarer ho gjennom små gestar som blikk og handrørsler å få fram at det finst slikt som aldri vert sagt. Samstundes kan heilt minimale teikn vere til både smerte og trøyst for den sørgjande.

Kontemplativ form
Nicolai Houm skriv òg om sorg i haust, men Bokneberg lukkast betre med å skape samsvar mellom tema og form. Men ho får ikkje så tydeleg fram dei kompliserte kjenslene i sorga som ho sjølv har lagt ut spor av. Somme av scenene viser at ikkje alt var idyll før; mora var mykje på reise, ho var ofte lei seg og skauv ektemannen frå seg. Men dette blir ikkje utdjupa, og utfordrar i liten grad biletet av ein stort sett harmonisk familie. I staden opplever eg teksten som kontemplativ og roande på eit vis som minner meg om Ingrid Z. Aanestads romanar. Ein kunne tenkje seg at den psykiske smerta, som ein skjønar kjem i bølgjer, kunne ha prega formspråket endå meir.

Bokneberg fornyar ikkje det litterære landskapet. Men ho fortel presist og med stor innsikt, og eg trur boka kan vere ei god lesaroppleving for mange som lever med sorg.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: