Jan Kristoffer Dale: Arbeidsnever

Heilstøpt novelledebut: Jan Kristoffer Dales skildring av stille fortviling skaper stille begeistring.

Debutant Jan Kristoffer Dale har uttala i avisintervju at han ser seg sjølv som del av arbeidar- og standpunktlitteraturen. Men novellesamlinga Arbeidsnever er ikkje det rasande oppgjeret med kritikkverdige arbeidsvilkår som eg hadde venta, berre éi av seks noveller tar dette opp eksplisitt. Slik sett er det politiske ikkje iaugefallande. Derimot vaks det fram ei stille begeistring i meg ettersom eg las. Ikkje på grunn av noko spektakulært i språket eller historiene, men fordi Dale gjennom smålåtne skildringar av folk med usikker tilknyting til arbeidslivet og dårleg økonomi får fram ein mentalitet og ei atmosfære som seier mykje om tida og miljøet dei lever i.

Menn i skvis
Dale portretterer først og fremst menn utan høgare utdanning som lever i krysspresset mellom den tradisjonelle mannsrolla som forsørgjar og eit arbeidsliv som krev at ein er både lydig, fleksibel og effektiv, men utan å gi trygge arbeidsvilkår i retur. Kanskje er det ikkje arbeid å få i det heile, kanskje stikk kona av. Både den fysiske og psykiske helsa kan bli dårleg, men ekte menn bit tennene saman og klagar ikkje.

Tittelnovella handlar om Trygve som bur saman med den gravide sambuaren i eit hus eigd av svigerfaren. Han jobbar på bryggeri via eit vikarbyrå, og står alltid i fare for å ikkje få forlenga kontrakt om han ikkje presterer godt nok.

Dale skildrar både arbeidsvilkår og kva Trygve tenkjer om jobben direkte og utan spesiell litterær finesse. Men det dannar berre grunnlaget for det som kjem fram meir indirekte gjennom daglegdagse hendingar og knappe, truverdige dialogar skrivne på dialekt: Forståinga og solidariteten mellom Trygve og svigerfaren. Den mannlege fellesskapen står i kontrast til dei like kjærlege, men meir krevjande relasjonane til kvinnene. Her blir også tittelen til:

Mora hans pleide alltid å skryte av arbeidsnevene til faren hans: «Sånn ska’ nevene te’ ein mann se ut», hadde han hørt henne si. Hun hadde kommentert nevene til Trygve sist han hadde vært på besøk, studert dem fra den andre sida av kjøkkenbordet. Så hadde hun tatt nevene hans i sine, holdt dem og strøket en finger over de rue håndflatene hans og konstatert, med stolthet i stemmen, at han hadde fått arbeidsnever.

Dermed ligg det ikkje akkurat til rette for å fortelje at det harde fysiske arbeidet går på helsa laus for Terje, som verken er spesielt handy eller atletisk, men som heller ikkje klarte seg bra på skulen.

Kjærleik og tidleg død
Det karakteristiske spelet mellom det enkelt refererande og undertekst er verknadsfullt, til dømes i skildringa av den unge mannen med angst og depresjon som i novella «Jon» leitar etter ein lagnadsfellesskap. Novellene tematiserer elles korleis forskjellar i utdanning og inntekt skaper avstand mellom gamle vener og korleis omsorgsoppgåver blir styrande for kva både menn og kvinner kan få til av sjølvrealisering. I novella «Sør» samlar Dale trådane i ei rørande skildring av ei enke og svigerfaren hennar: Ektemannen har døydd etter det vi skjønar har vore ein hard kamp før han måtte oppgi gardsdrifta og ta jobb som bussjåfør – med påfølgjande helseproblem.

Det er ei oppgitt kjensle over heile samlinga, ein mild resignasjon som viser seg i mange små detaljar; som når André i «Levende bevis» finn seg i å gå med ein for trang blodtrykksmålar eit heilt døgn sjølv om han nesten svimar av smertene. Men nettopp i den kjensla fins både det vakre og det politisk ladde: Dale får fram dei menneskelege konsekvensane av ein tøffare arbeidsmarknad, den stille fortvilinga som ikkje gir seg dramatiske utslag før ein for tidleg død. Samstundes har han blikk for kjærleiken som ligg i viljen til å halde ut for sine næraste. Arbeidsnevar er ein særs heilstøpt og lovande debut.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: