Bli «eg»!

Lesing av tre aktuelle diktsamlingar fortel om eg-konstruksjonar under sterkt press.

Guri Sørumgård Botheim: Heime mellom istidene (Samlaget 2016)
Dan Andersen: Flaggtale (Tiden 2016)
Sarah Selmer: Tjue (Gyldendal 2016)

Den litterære debatten om autofiksjon har for det meste kretsa om romansjangeren: – Forfattaren skriv om seg sjølv og familien, med dei verkelege namna! Er det ein romankropp med eit biografisk hovud eller ein biografisk kropp med eit romanhovud? Dette snur opp ned på alt!

Eg på mi side var lei nesten før det hadde begynt. Eg hadde nemleg tatt eit kurs om sjølvbiografi då eg studerte litteraturvitskap og syntes ikkje den sjølvbiografiske vendinga var så revolusjonerande i lys av tidlegare litterære bekjenningar. Men i det siste har eg begynt å lure på om eg rett og slett må endre meining. For sjølv om forfattarar også tidlegare har skrive utleverande om livet sitt, kan det vere at autofiksjonstrenden fortel oss noko anna om vår eiga tid enn at forfattarane plutseleg har blitt meir sjølvsentrerte.

Også mange diktsamlingar er ope sjølvbiografiske, utan at det har ført til tilsvarande sjangerdiskusjon. (To nylege eksempel er Nils Øyvind Haagensens Spredning (2014) og Nils Christian Moe-Repstads Teori om det eneste: Bok I. Bok II (2013).) Er det fordi det blir rekna som eit sjangertrekk at dikt blottar poetens inderlege og ekte indre liv, med mindre noko anna er tydeleg signalisert? Blir for mange diktsamlingar lesne som sentrallyrikk – som Store norske leksikon enkelt og greit definerer som lyrikk med emne frå forfattaren sitt eige kjensleliv – og kan det verke begrensande for tolkingane?

Henning Hagerup skriv i essayet «Mellom Tu Fu og Wordsworth» fra Metafysisk skrapjern (2015), om korleis dei nye skildringane av sterke, individuelle sanseopplevingar og kjensler vart avvist av konservative kritikarar som sjølvsentrert svermeri under og etter Romantikken. Men å bruke estetikk som argument for å avfeie dei romantiske poetane  var ein måte å undergrave dei politiske verdiane dei stod for; oppvurdering av individuelle opplevingar og – som konsekvens –  krav om likeverd og fridom for alle. Hagerup argumenterer difor for at den romantiske lyrikken bør lesast som utforsking av mangefasetterte eg-konstruksjonar:

«Med romantikken radikaliseres jegets forhold til samfunnet, slik at lyrikken som initieres, ikke først og fremst bør forstås som en jeg-erfaring eller oppdagelse av naturen eller følsomheten, men som en ny politisk opplevelse av det sansede eller en sanseopplevelse av det politiske»

Dette handla altså om framveksten av ein individualisme som på 1800-talet var like radikal som ideen om stemmerett for alle. I vår tid har individualismen blitt ein sjølvsagt, og kanskje problematisk, del av den rådande ideologien. Men det er likevel ikkje gitt at ein tydeleg identitet er lett oppnåeleg når vi lever i mange parallelle røynder både på nett og IRL. Kanskje handlar ikkje eg-fokuset om å eksponere ein eksisterande person, men om korleis identitet og kjensla av å vere eit «eg» blir til?

Dette er starten av eit lengre essay som er publisert i BLA nr. 1/2016. Les resten her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: