Kristin Bjørn: Sant nok

Medrivande om intellekt og kjensler: Kristin Bjørn debuterer med innsiktsfulle og underhaldande noveller.

Litt sant, ganske sant, heilt sant eller kjempesant? I ei pragmatisk verd er sanning som valuta, moro og kjærleik: Ein må klare seg med det ein får tak i, eller lage sin eigen variant. Sant nok er tittelen på Kristin Bjørns novellesamling og skjønnlitterære debut, og dermed er vi alt på sporet av både tematikken og særpreget i tekstane.

Ærleg tala?
«Jo mer privat og personlig, desto viktigere tror de det er. De tror på ærlighet, stakkars, og tror at de kan skille det ærlige fra det uærlige ved å se på graden av personlige følelser involvert.» Læraren i novella «Det der med Svartedauden» er skeptisk til både kjensler og forenkla framstillingar i historiebøkene, og ser det som si oppgåve å lære elevane «rasjonell ærlighet». Men hennar eiga personlege historie viser at det kan vere vanskeleg nok berre å skjøne seg sjølv, då er det enklare å vite alt som er å vite om Svartedauden.

Kristin Bjørn kan verkeleg kunsten å byggje opp ei historie av ulike element som belyser og berikar kvarandre. Ho er då heller ikkje debutant som tekstarbeidar; ho har både skrive for og jobba med teater ved Ferske Scener i Tromsø.

Ikkje minst viser bakgrunnen seg i måten ho brukar stemmer på. Forteljarane verkar openhjartige – igjen; nok – men ofte er det noko emosjonelt, eller ein mangel på kjensler, som undergrev det som blir sagt. Tonen er gjerne skarp og direkte, og ein lett sarkastisk, svart humor gjer tekstane underhaldande, men peikar også mot dei meir kompliserte kjenslene som ligg under. Dermed blir effekten di sterkare når dei sjeldne, ømme stundene kjem.

Dette er ikkje ei slik bok kor du fell i stavar over vakre setningar, det er ulempen med ein litterær estetikk som har fokus på å skape truverdige stemmer. Men fleire av novellene inneheld scener som er sterke og fine.

Intellektuelt forsvar
Det som i størst grad skil Bjørn ut i mengda av novellistar, er at ho nyttar fagkunnskap om spesifikke emne til å portrettere forteljarane sine. Fokuset på det upersonlege er karakteristisk for hjernehelten, men kva dei er opptekne av, seier også noko om kva som er deira indre drama. Som forteljaren i «Desperado» seier:

«Hjernen min er vanligvis som et Afrika-kart, fylt av rette grenser, tilsynelatende logiske og ordentlige, men i realiteten basert på tilfeldige og følelsesstyrte beslutninger. Et kart over Nord-Afrika ser greit ut ved første øyekast, men er det ikke. Grensene er helt på bærtur.»

Bjørn utforskar altså forsvarsmekanismane intellektualisering og rasjonalisering. Kanskje modus operandi for mang ein litteraturkritikar? Verd å reflektere over, sidan noko kan gå tapt på vegen. Éin variant av emosjonell distansering finn vi hos den 16-åringe jenta i «Rettslære», som berre kan «gjøre de tingene man gjør når man elsker når hun ikke elsker. Hvis hun hadde elsket, hadde hun aldri turt». Ved å vise ein gift mann gjennom augene til den altfor unge elskarinna, snur Bjørn effektivt om på tankane våre om kven som er farlig for kven i ein slik relasjon.

Bjørns teaterbakgrunn kjem spesielt tydeleg fram i den tredelte teksten «Dance of a Muse», ei historie om samarbeid og sjalusi mellom to dramatikarar som personifiserer korleis den analytiske evna og den ekspressive emosjonaliteten treng kvarandre. Bruk av avisintervju, e-post og Facebook-chat er brot med den tradisjonelle novelleforma som ikkje er direkte revolusjonerande, men som ein heller ikkje ser så ofte. Her blir tematikken overtydeleg, men det er sterkt driv i teksten, og innblikket i teaterverda er interessant.

Alt i alt klarer Bjørn å kombinere det medrivande med det innsiktsfulle på ein måte som viser at norsk novellekunst berre har godt av meir drama.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: