Toni Morrison: Gud hjelpe barnet

Slåande svart og skjønn: Toni Morrisons siste romanen er ikkje perfekt, men ho er framleis ein meisterleg forteljar.

Vi har alle vår byrde å bere, men nokre av oss er så uheldige at vi må bere ho midt i fjeset. De som har hatt kompleks for utsjånaden veit kor hemmande det kan vere, til og med når den aktuelle kroppsdelen verken blir kritisert eller gjort narr av. Likevel trur eg kvite nordmenn knapt kan skjøne kor belastande det er å ha eit så stigmatisert trekk som svært mørk hud. Toni Morrisons siste roman, Gud hjelpe barnet, er ei forteljing om korleis sosialt lært avsky for svart hud får konsekvensar for fleire enn dei mørkhuda.

Litterær trollskap
Hovudpersonen Bride blir født med uvanleg svart hud, noko som kjem som eit sjokk for foreldra, som sjølv har mykje lysare hud. Faren reiser; han klarer ikkje å tru at barnet kan vere hans. Mora kjenner slik motvilje mot dottera at ho knapt klarer å ta i henne, og oppdrar henne svært strengt. Ho er overtydd om at ei så svart jente må herdast – og alltid må liggje lågt for å vere trygg. Men då tre lærarar på barneskulen vert skulda for seksuelle overgrep og Bride må vitne i retten, får lengten hennar etter ros og kjærleik uventa utslag – gode for nokre, katastrofale for andre.

Gjennom ei historie som er både slåande og kvardagsleg, fortalt gjennom mange ulike stemmer, klarer Morrison å belyse både kor krevjande det er å oppsede born rett i ei utrygg verd, spørsmål om rettstryggleik og korleis hudfarge er og har vore brennpunktet for eit kollektivt sosialt traume i USA.

Toni Morrison er vel kjend for dei fleste bokelskarar, men sidan ho har blitt heile 85 år gamal og stadig er produktiv, er det på sin plass med ein liten lovtale: Ved å vise dei menneskelege kostnadane ved den grusomme historia om slaveri og rasisme, samstundes som ho viser mangfaldet og ressursane blant dei som må tåle slike levekår, har ho gitt eit vesentleg bidrag til å byggje opp afroamerikansk identitet – og ho har spreidd historisk kunnskap så vel som forståing for denne spesifikke livserfaringa verda over.

Emne som dette er det lett å unnvike fordi det er smertefullt berre å lese om kva andre må gjennom, men Toni Morrison har nådd ut fordi ho er ein fantastisk forteljar, både i bokstaveleg og overført tyding: Ho tar gjerne steget ut av realismen. Saman med eit språk som spenner frå eksperimentelt til forførande vakkert til brutalt presist, skaper det ein aura av trollskap – på sitt beste smeltar ho det vonde og det vakre saman i historier som får nærmast mytiske dimensjonar. Det gjer henne til ein av dei aller største forfattarane i vår tid, og ho fekk Nobels litteraturpris i 1993.

Vil bli elska
Gud hjelpe barnet er ikkje på høgd med Morrisons beste. Personlegdomen til hovudpersonen kjem aldri tydeleg fram, og spesielt mot slutten blir framstillinga i overkant pedagogisk. Men i motsetnad til den førre romanen, Hjem – som var velskriven, men knapp – merkar eg her tydeleg Morrisons spesielle evne til å bruke det ekstraordinære til å formidle innsikter med ålmenn relevans. Det slår meg no at det kanskje er sjølve kjennemerket på ein god forteljar. Og når forfattaren slik klarer å rive lesaren med, men samstundes får fram mangfaldet og kompleksiteten i livet, er vi over i meisterklassen.

Bodil Engen har latt den originale, engelske syntaksen vise igjen i omsetjinga. Det fungerer stort sett bra, men ordvala verkar av og til gamalmodige, noko som ikkje står i stil med forteljarar i 20-åra. Men i denne boka er innsiktene viktigare enn språket, og eg vart spesielt oppteken av det som gjeld justismord. Heller ikkje i rettssaker kan ein gløyme at vi menneske på somme område er så enkle at vi framstår som gåtefulle; vi kan gjere kva som helst for å bli elska.

Sjølv når ho ikkje overgår seg sjølv, demonsterer Morrison kvifor forfattarskapen blir elska og vil bli ståande for ettertida.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: