Nicolai Houm: Jane Ashlands gradvise forsvinning

Ufokusert om sorg: Nicolai Houms korte roman om sorg er likevel for ordrik.

Der mange av dei fremste, norsk prosaistane står i ein sentraleuropeisk modernismetradisjon, skriv Nicolai Houm seg opp mot ein sterk nordamerikansk forteljartradisjon: Realistiske tredjepersonsforteljingar som gjerne oppsummerer heile livsløp. Historier av denne typen som har fått enormt gjennomslag dei siste åra, er Stoner av William James og Olive Kitteridge av Elizabeth Strout.

Ein treng likevel ikkje avanserte stilanalyser for å kome fram til kven Houms inspirasjonskjeldene kan ha vore: I hans nyaste roman Jane Ashlands gradvise forsvinning reiser hovudpersonen Jane og kjærasten Greg på ein «litterær odyssé» for å oppsøkje bustadane til John Updyke, Edgar Allan Poe, O. Henry og Flannery O’Connor. Desse forfattarskapa er vidgjetne for stor novellekunst prega av humor og dramatikk. Eit liknande temperament pregar også Houms forfattarskap.

Små, sanne detaljar
Houm slo gjennom til eit større publikum med mursteinsromanen De håpefulle for tre år sidan, men hans sterkaste utgjeving til no er framleis novellesamlinga Alle barn er laget av ild (2009). Med denne nye romanen på berre 175 sider har han funne attende til eit meir komprimert uttrykk, men historia har likevel ikkje nok å by på til å forsvare valet av romanformatet.

Romanen startar med slutten: Den norskætta amerikanaren Jane Ashland ligg på bakken og ventar på døden, fanga av tåke i den norske fjellheimen. Så følgjer forhistoria, fortalt gjennom hopp mellom tre ulike hendingsløp: Janes tidlegare familieliv, kva som skjedde då ho kom til Noreg for å vitje fjerne slektningar, og at ho blir med ein ukjend norsk mann på moskussafari i Dovrefjell. Etter kvart skjønar ein at ho har ei personleg tragedie bak seg. Eit sentralt tema er dermed korleis ein lever vidare med sorga.

Houm har evna og viljen til å leve seg inn i og skildre liv fulle av det den franske forfattaren Nathalie Sarraute kallar dei små, sanne detaljane som skal få oss til å tru på personane og historia. Men, som Sararraute skriv i det vidgjetne essayet Mistankens tidsalder frå 1950: Den moderne, rutinerte lesaren gjennomskodar ofte kva forfattaren legg opp til, og blir dermed utålmodig. Spesielt Houms skildring av Janes tidlege relasjon til ektemannen blir dermed meir detaljert enn det som trengs for å byggje opp mot det forferdelege tapet ho seinare skal lide.

Samstundes kan det verke som om Houm i desse partia skriv ut tankar som ikkje har noko med sorg-tematikken å gjere, men meir med forfattarlivet: Kva det er å ha eit litterært talent, å gi og få vurderingar av litterære forsøk. Det verkar malplassert i samanhengen.

Sorg og dramatikk
Houm har eit biletrikt språk, og treff innimellom svært godt med karakteristikkane sine, til dømes av topptrente turnjenter som «små stålkonstruksjoner». Men her gjer for mange personportrett og mindre relevante detaljar historia ufokusert.

Dei kontemplative, melankolske tilbakeblikka på ei tragisk forhistorie passar også dårleg inn i ein komposisjonen som skal byggje ei spenningskurve. Det kan vere at sorg ikkje er eit emne som høver for dramatikk, for sjølv i etterdøningane av ei valdsam og meiningslaus hending, så er sakn og sorg tilstander som sug ein tom for energi. Kor det tyngste kanskje nettopp er at sorga blir så vanleg; ho er der kvar dag, og rammar også nye menneske kvar dag. Det er ingen dramatikk igjen – berre ein taus kamp for å halde ut. Difor trur eg det ordknappe formidlar sorga betre enn det ordrike.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: