Birgit Alm: Endelig skal vi le

Fattigdomsskildring med oppdrift: Birgit Alms solide debut skildrar fattigdom på norsk med trass og bitter humor.

Å sjå samfunnet nedanfrå er eit fruktbart kritisk perspektiv. Heilt frå antikken av har det òg vore éit mål for kunsten å få vanlege folk til å leve seg inn i, og dermed sympatisere med, dei uheldige blant oss. Debutant Birgit Alm gjer akkurat det når ho skildrar livet som fattig blant rike.

Kampen mot skamma
Elinor Nor er ei aleinemor som lever av avklaringspengar, barnebidrag og barnetrygd medan ho prøvar å dra i land ein akademisk grad på universitetet. Slitasjeskader sette nemleg stopp for livet som heimehjelp. Ho sjølv kom altså skeivt ut, no gjeld det å redde framtida for sonen: Ho har skaffa han friplass Steinerskolen på Nordstrand i Oslo, noko som også betyr at ho må flytte frå ei romsleg leiligheit på Sinsen til ei bittelita sokkelleiligheit i det rette nabolaget.

Birgit Alm drar vidare opp scener som gjer det tydeleg korles heilt vanlege folk opptrer annleis i møte med fattige. Men Ellinor, som sjølv kjem frå stabil heim i Drøbak, har temperament og bein i nasen. Sjølv om ho vaklar mellom kamplyst og mismot, er ho målretta og villig til å tole ei viss audmjuking for å gi sonen det ho har skjøna må til for å kome opp og fram, nemleg dei rette venene.

Kvardagen er dominert av kampen for å få pengane til å strekke til, men det er den sosiale skamma som verkeleg svir, som gjer det vanskeleg å halde kontakten med gamle vener og umogeleg å gå på Fattighuset, sjølv om gratis mat og klede hadde kome godt med.

For meg vaklar realismen litt når Ellinor ikkje får meir hjelp av foreldra endå dei bur relativt nær og ho er einebarn. Men kanskje handlar det også om skam og trongen til å leve som eit vakse, sjølvstendig menneske.

Typisk norsk
I val av fattigdom og sosial status som tema minner romanen om dei hjarteskjerande novellene til Ingvild Rishøi, men tonen i teksten ligg nærmare sarkasmen og indignasjonen ein finn hos Nina Lykke. Det er derimot eit godt stykke igjen til raseriet vi har sett i den svenske arbeidarlitteraturen. Slik fattigdom på norsk førebels ikkje er skrikande, skriv Alm typisk norsk, jordnær prosa. Men ho vaklar mellom bruk av undertekst og det meir ekspressive, og kunne med fordel ha reindyrka ein av stilane.

Det svakaste partiet i forteljinga, også språkleg, er nokre få sider i andre kapittel kor Ellinor ramsar opp hendingane som førte henne ut i situasjonen slik han er no. Her blir språket flatt som ein rapport: «Behandling og opptrening hjalp lite, og etter ett år av og på med sykmeldinger (sic!) havnet jeg på arbeidsavklaringspenger.»

Vidare lar forfattaren Ellinor på ein overtydleg måte setje ord på korleis fattigdomen har påverka henne. Det står ikkje heilt i stil med at romanen elles er bygd opp av situasjonar kor refleksjonane spring meir naturleg ut av samanhengen. Det er synd, for eit dårleg inntrykk så tidleg i romanen skal det litt til å rette opp.

Engasjement og respekt
Men Alm klarer det, eg vart snart overraskande engasjert i Ellinors daglege kamp for å klare seg. Forteljaren har nemleg både trass og bitter humor. Sjølv når dette viser seg som forakt for dei endå svakare, skjønar ein at ein treng noko å verne sjølvkjensla med.

Ellinor lever i stor sosial isolasjon, og forfattaren kunne med hell ha gjort det tydelegare for ei psykisk byrde det er. Men Alm legg ikkje opp til at lesaren skal felle tårer av medkjensle, snarare skaper ho forståing og respekt for kva som krevst for å leve med lite. Dette er ein solid debut som viser at fattigdom er ei aktuell problemstilling, ikkje berre for skumle framandkulturelle som kan bli «radikaliserte», men for gjennomsnittlege, lyserosa nordmenn.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: