Stine Pilgaard: Leilighetssanger

Søt draum om fellesskap: Sjeldan har vi vel trengt varme, sjarmerande komedier om inkluderande kjærleik like mykje som vi gjer no.

Alle tekstar har ein særeigen tone, eller kanskje skulle ein kalle det stemning, i alle fall har det med kjensler å gjere om ein oppfattar skrift som trist, rå, opprørsk, romantisk, sentimental, morosam eller kanskje bister og snobbete. Sjølvsagt kan éin tekst veksle mellom ulike stemningar, men som regel vil det språklege uttrykket ha eit karakteristisk særpreg av både musikalitet og temperament.

Etter å ha lese Leilighetssanger av danske Stine Pilgaard, er det éit ord som oppsummerar opplevinga mi: Sjarm.

Viljen til vi
Det som sjarmerer i denne samlinga av tekstar, laust samanvevde til ein roman, er det same som gjer somme menneske så gode å vere saman med: Varme, humor og sjølvironi, interesse for andre, men også mot til å ta plass, til å vise fram både sterke og svake sider og slik invitere til ein fortruleg fellesskap. Alt dette fins i Pilgaards skildring av nære relasjonar i storfamilie og burettslag, tittelen Leilighetssanger har dermed ei smart dobbel tyding:

Forteljaren er ei ung kvinne som nett har flytta inn i ny leiligheit med kjærasten. Ho blir godt kjend med naboane i bygarden fordi ho er open og prateglad, og dessutan tar i oppdrag å skrive sangar til jubileum, bryllaupsdagar og konfirmasjonar. Ho skriv òg horoskop for eit ukeblad, og romanen skiftar dermed mellom ulike uttrykk: Korte, introduserande tekstar som dels parodierer, dels dreiar horoskopteksten mot noko meir poetisk og samstundes tidsfestar og oppsummerer hendingar gjennom eit heilt år.

Så fortel kvinna anekdotisk om folk og hendingar i burettslaget, om seg sjølv og sin eigen familie. Innimellom kjem det også «songar», som er skrivne i eit meir biletrikt språk om likt og ulikt, som «parmiddag», «fortellinger», «synder» og «kjærlighet».

Éi sentral forteljing i boka handlar om mormor og Ruth, som fann kvarandre i ungdommen, men på grunn av homofilitabuet ikkje fekk leve saman før mormor vart enke. I kontrast kjem det berre indirekte fram at forteljaren sjølv lever saman med ei kvinne; tidene har forandra seg, no er ikkje slikt lenger noko å gjere eit poeng av. Ein kan dermed lese boka som ein litterær «leilighetssang» for å feire den inkluderande kjærleiken. Som Pilgaard vakkert formulerer det: «at grammatikken er den søteste drømmen mennesket har om verden, at viljen til vi er den vakreste av alle utopier».

Godt om lukke
Humoren og det narrative grepet i boka kjenner vi frå debutromanen, Min  mor sier, som Pilgaard gjorde braksuksess med i 2012 (på norsk i 2015). Der veksla ho også mellom dialogar og poetiske einetalar, men tonen var mørkare, gitt at den utløysande hendinga og tematikken var brot og kjærleikssorg.

I Leilighetssanger er idyllen derimot deilig og lett, det blir nesten for sukkersøtt innimellom. På den andre sida er det nærmast eit sjangerkrav i klassisk komedie at publikum skal sitje att med gode kjensler. Og Pilgaard har evna til å skrive både tilgjengeleg, artig og intelligent, ikkje ulikt norske Kjersti Annesdatter Skomsvold og – sjølvsagt – omsetjar Erlend Loe.

Pilgaard klarer faktisk det som skal vere det vanskegaste av alt: Å skildre lukkeleg kjærleik utan at det blir platt, flaut eller uinteressant. Og evna til å skape gode kjensler skal ein ikkje kimse av i vanskelege tider som desse. Dermed skal ein heller ikkje sjå bort frå at denne varmande fellesskapsutopien har ein viss politisk relevans.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: