Miriam Stendal Boulos: Lykke og eksil. Om Rune Christiansens forfatterskap

Forelska i fellesreferansen: Miriam Stendal Boulos gir ei velkomen forståingsramme for Rune Christiansens forfattarskap, men kretsar for lenge om intertekstualiteten.

Rune Christiansen er ein av mange poetar som har oppdaga at ein må skrive prosa for å få brei merksemd. Sjølv om ein forfattar kan uttrykkje seg gjennom fleire sjangrar, og sjølv om Christensen har demonstrert korleis sjangrane kan berike kvarandre gjennom essayistisk poesi og romanar utan lineære plot, er det synd at poesien slik blir redusert til ein slags førebuande språkverkstad for spesielt interesserte.

Dermed er det forståeleg, men synd at det berre er prosaen som blir presentert når litteraturforskar Miriam Stendal Boulos no utgir boka Lykke og eksil. Om Rune Christiansens forfatterskap. Spesielt ettersom tyngda i Christiansens forfattarskap ligg i poesien, både kvantitativt og kvalitativt.

Christensen har fått spesielt god respons på dei to siste romanane sine, Krysantemum (2009) og Ensomheten i Lydia Ernemanns liv (2014). Begge er prega av ein estetisk nostalgi som dreg i retning av det stiliserte og idylliserande. I poesien er derimot det bittersøte brote opp av det uventa og utfordrande. Boulos bok gir ei velkomen forståingsramme for det særmerkte ved forfattarskapen, men ville ha blitt betre av ei breiare tilnærming, både tematisk og språkleg.

Tekstspelet
Boulos har forma boka som ein samtale, ramma inn av hennar analyser. Det beste er at ho gir Christiansen rikeleg høve til å setje ord på ein poetikk som er kjenneteikna av ei open og eksperimenterande tilnærming til litteraturen. Openheita viser seg også i at Christensen flittig nyttar sitat og referansar i bøkene sine, og dette har Boulos gjort til hovudpoeng i framstillinga. Det er befriande at Christensen faktisk framhevar gjenkjenning som sentral i lesaropplevinga, men påstanden om at referansar er ein måte å opne litteraturen også for lesaren på, er ikkje utan vidare overtydande for ein lesar som kjenner få av dei refererte verka. Breidda av inspirasjonskjelder er nemleg stor: Finlandssvensk poesi, britisk sosialrealisme og fransk nybølgje-film, men også «1800-tallsromaner, nyromaner, teori, gammel krim, hørespill, dramatikk.»

Boulos fortel at interessa for Christensens forfattarskap starta nettopp med oppdaginga av sams litterære favorittar, spesielt Nobelprisvinnaren Le Clézio, som Boulos har tatt doktorgraden på. Det er i utgangspunktet ein styrke at Boulos er fagleg rusta til å sjå desse dimensjonane, men det blir for mykje når kapittel etter kapittel tar opp kva funksjon intertekstualiteten har. Christensen kjem med mange andre interessante innspel, til dømes om samtidspoesien og om dei rørlege grensene mellom det sjølvbiografiske og det litterære. Men Boulos dreg stadig samtalen attende til eigne tekstassosiasjonar.

Store ord
Christensen er lett å følgje når han fortel om eigne erfaringar og refleksjonar. Han har evne til å snu på det vande, mellom anna når han skildrar klassereise, ikkje som eit oppbrot, men som utviding av erfaringsgrunnlaget. Boulus ordlegg seg derimot akademisk og omstendeleg med abstrakte og altfor romslege ord: «store fragmentariske sprang med kunstens og livets higen etter balanse som omdreiningspunkt». Det er tungt å lese, og når ei nydeleg, poetisk setning blir forklart som «en leksikalsk overmetning av innelukkethet» dett i alle fall eg av lasset.

Eg saknar også presentasjonar av dei omtala verka som utgangspunkt for den vidare samtalen. Hovudinntrykket er at boka er skriven for dei som både er velkjende med forfattarskapen og akademisk sjargong, og vil bli ståande som eit viktig referanseverk for seinare forsking.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: