Amos Oz: Judas

Sterk historisk ettertanke: Amos Oz spenner opp problemstillingar så store at dei femner både Judas, Jesus og 2000 års historie.

Det er ikkje noko spektakulært ved handlinga i Amos Oz sin siste roman, men spennvidda i tankane og detaljane i skildringane viser kvifor han blir rekna som forfattar i verdsklasse. Jerusalem vinteren 1959-60 rissar han opp ved å fortelje at folk hadde stråmatter på golva, parafinomn med blå flamme og Stjernenatt over Rhône av van Gogh på veggen. Ute bar husa enno merke etter krigen som delte byen ti år tidlegare. Så følgjer ein stemningsmetta historisk ettertanke sett gjennom ein student i livskrise: Var det rett å kaste traumatiserte overlevarar etter 2. verdskrig ut i ein ny krig for å opprette Israel som eigen jødisk stat, ein blodig konflikt vi enno ikkje ser slutten på?

Tittelen Judas viser at Oz er spesielt oppteken av synet på forrædaren, som meir enn noko anna blir prega av kven som skriv historia. Spørsmålet er om den radikale «verdsforbetraren» berre gjer alt verre eller om kompromisslaus idealisme er det verda treng – ei problemstilling som i romanuniverset spenner heilt frå Judas til Jesus.

Ideal og realitetar
Amos Oz er kjend som forkjempar for ei tostats-løysing i konflikten mellom israelarar og palestinarar, men i romanen presenterer han ulike perspektiv utan å konkludere. Det er vel gjerne slik at di meir ein veit om ein reell konflikt, di mindre sjølvsagt er det kven som har rett og kva som er gode løysingar. Og som i all politikk blir motsetnaden mellom idealisme og pragmatisme akutt når teori skal omsetjast i praksis; krev realitetane at ein må legge vekk ideala, eller blir kva som er mogeleg avgjort av kva ein er villig til å tru på og kjempe for?

Hovudpersonen Shmuel Ash er ein student som avbryt arbeidet med masteroppgåva si om «Jesus sett med jødenes øyne» fordi faren ikkje lenger kan sende pengar og fordi kjærasten giftar seg med ein annan. Han tar jobb som selskapsmann (tenk «selskapsdame», så skjønar du det) for ein eldre, kunnskapsrik og prateglad mann, og hamnar dermed i hus med svigerdottera hans, ei 20 år eldre enke som Shmuel forelskar seg. Han får vite at mannen hennar døydde i krigen då staten Israel vart oppretta, og at den avlidne faren hennar vart stempla som forrædar fordi han gjekk mot Ben-Gurions strategi for oppretting av ein eigen, jødisk stat med mandat frå FN og dei tidlegare kolonimaktene.

Shmuels interesse vender seg mot svikaren Judas: Leidde han øvsteprestane til Jesus fordi han var overtydd om at Jesus skulle stige ned frå korset og slik vinne verda? Hadde Judas sterkast tru av alle? Det er naturleg å lese portrettet av Shmuel sjølv som ei utforsking av korleis karakteren til Judas kan ha arta seg, og sjå kor effektivt Oz teiknar opp ein motsetnadsfyllt idealist: «Han var en kraftig ung mann, skjeggete, femogtyve år gammel, sjenert, følsom, astmatiker, ble fort i fyr og flamme og lett skuffet.»

Smertefullt open
Det er ein historisk realitet med uendeleg tragiske konsekvensar at jødane i kristen tradisjon har blitt identifisert med svikaren Judas. Difor er det nesten smertefullt intellektuelt ope når Oz spør korleis historia ville ha sett ut om jødane hadde akseptert den reformasjonen av jødedomen som Jesus forkynte, om Jesus ikkje hadde blitt korsfest.

Det einaste som er litt nedslåande i ein så klok roman, er at kvinnene igjen er idealiserte begjærsobjekt som med suveren sjølvtillit gir eller held tilbake sosial og seksuell gunst. Sjølv om det i min alder er godt å lese om ei famme fatale på 45 år, finn eg det langt enklare å identifisere meg med den volatile unge mannen. Det hadde vore fint å vite at alle vitebegjærlege menn der ute hadde like komplekse kvinnekarakterar å leve seg inn i.

Romanen er omsett av Kjell Risvik.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: