Av og om Nathalie Sarraute: Bruken av ord

Litterær grunnforsking: Nathalie Sarraute gav sjelegransking eit nytt litterært uttrykk, no framifrå omsett og presentert av Elin Beate Tobiassen.

Under ein avslappa samtale mellom to vener høyrer den eine med eitt at den andre, midt i taleflaumen, kallar han «lille ven». Orda treff han som ein elektrisk støyt, men han prøvar å halde tråden i samtalen. Likevel latar han berre som om alt er greit, for noko har skjedd. Men kva?!

Dette minner kanskje om ei scene i ei Carl Frode Tiller-bok, men dømet er henta frå kortprosasamlinga Bruken av ord som vart skriven for snart 40 år sidan i ein heilt annan stil. Forfattaren er Nathalie Sarraute, eit sentralt namn i kretsen som lanserte den litterære retninga best kjend under nemninga fransk nyroman.

Det motsette av undertekst
Denne rørsla frå 50-talet ville fri litteraturen frå metafysikken – også slikt som førestillingar om eit einskapleg «eg». Sarraute brukte difor ei dialogisk form kor mange stemmer møttest – igjen ein likskap med Tiller, og som han skreiv ho også for teateret.

I det vidgjetne litterære manifestet Mistankens tidsalder gjorde Sarraute opprør mot tanken om at litteratur skal fortelje sterke historier om truverdige litterære karakterar. Hennar prosjekt likna meir humanistisk grunnforsking; i staden for å teikne opp livaktige scener med murrande undertekst, skriv ho fram alt det som vanlegvis ikkje blir sett ord på, helst gjennom anonyme personar og bagatellmessige hendingar.

Spontane, indre reaksjonar på sanseinntrykk kalte Sarraute «tropismar», eit ord lånt frå botanikken. På same måte som ein blome reagerer på vind og ver, kan eit menneske opne seg, lukke seg eller kome i opprør av sjølv enkle fakter og ord. Dei ti korte tekstane i Bruken av ord granskar det som rører seg i og mellom menneske på eit førverbalt nivå. Tekstane har fått tittel etter orda dei granskar verknaden av – som det kverulerande «Og hvorfor ikke?» eller det befriande ærlege «Jeg forstår ikke».

Nærtakande merksemd
Men Sarraute utforskar ikkje berre psykologiske rørsler, men også spriket mellom ord og røynd. I «Ordet kjærlighet» nyttar ho eit biletrikt språk – ikkje utan ironi – til å vise korleis ordet er for stivna i konvensjonar til å romme alt som skjer frå to framande kjenner ei flagrande spenning mellom seg til kjærleiken er erkjent, proklamert, feira, tynt til det yste i ekteskapet og kanskje til slutt erklært død – eller kanskje igjen slept fri til ein meir anonym eksistens kor slikt som fargen på himmelen og smaken av appelsinsaft er det viktigaste.

Dei små stubbane viser kor mykje ein kjenslevar forfattar kan sjå og oppleve der andre seglar trygt og blindt av garde i etablerte konvensjonar og sjølvbilete. Sarraute klarer også å sameine intelligent analyse med eit både vakkert og lågmælt humoristisk språk.

Høgsensitiv presisjon
Bruken av ord er truleg blant det enklast tilgjengelege i Sarrautes forfattarskap,  men det intellektuelle særpreget gjer henne til ein forfattar ein får best utbytte av med ein god introduksjon. Det har omsetjar Elin Beate Tobiassen gitt oss i studien Storm i et vannglass. Nøkler til Nathalie Sarrautes forfatterskap. Ho imponerer stort. Tobiassen er forskar som har spesialisert seg på Sarrautes forfattarskap og moderne, fransk litteratur. Både omsetjinga og dei litterære analysene er tydeleg basert på stor kunnskap samstundes som ho klarer å gjere tolkingane levande og relevante.

Tobiassen brukar karaktertrekket høgsensitivitet som inngang til analysen, noko som på treffande vis karakteriserer ein forfattar som ikkje ser nokon detalj i sjelslivet for liten til å granske, samstundes som ho på sitt stille vis snur opp ned på dei litterære konvensjonane. Sarraute skar vekk alt ho oppfatta som uvesentleg for å kome fram til det spennande; det myldrande indre livet. I dette minner russisk-franske Sarraute om russisk-brasilianske Clarice Lispector, sjølv om sistnemnde har eit langt meir eksplosivt temperament og uttrykk.

Prosatekstane i Bruken av ord er særprega og fine, men eg har hatt nesten endå større glede av å lese Tobiassens komprimerte og presise forklaringar av tankearbeidet bak og i åtte av Sarrautes verk. Det største komplimentet til Tobiassen må vere at boka gav ein akutt trang til å lese meir av Sarrautes ein gong så banebrytande, og framleis originale forfattarskap.

 Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: