Bjarte Breiteig: Den andre viljen

Tru, vilje og intuisjon: Bjarte Breiteigs essaysamling er ujamn, men dei nyskrivne essaya er verkeleg gode.

I litterære kretsar hissar folk seg gjerne opp over rare ting, som essaysjangeren. I fjor haust vart det rabalder då sakprosaforfattar Morten Strøksnes kritiserte norsk essayistikk for å berre bry seg med litteratur og ikkje med den verkelege verda. Dermed fall skuggen av det kvite elfenbeinstårnet igjen tungt på kritikarar og forfattarar som likar å tenkje på seg sjølv som samfunnsengasjerte.

Eg høyrer sjølv til blant dei som meiner at litteraturen har, og bør ha, ein funksjon i det verkelege livet. Men poenget er jo at litteraturen hjelper oss å reflektere rundt nettopp det det er vanskeleg å tenkje klart om, men som likevel påverkar oss sterkt: Fordommar, verdiar, kjensler.

Bjarte Breiteig har heilt sidan debuten i 1998 hatt ry som ein kresen forfattar i dobbel forstand; før denne samlinga har det blitt berre tre novellesamlingar og ein roman. Denne samlinga av essay skrivne dei siste 18 åra gjer det tydeleg at han plasserer seg trygt i den metalitterære essaytradisjonen: Her handlar det om litteratur, film, kunst og hans eigne erfaringar som forfattar.

Intuisjon og intensjon
Høgdepunktet er essayet «Min tro, eller: Viljen i teksten». Her skildrar Breiteig ei langvarig skrivesperre som førte han ut i ei personleg krise. Han vever saman sterke skildringar frå eige liv, døme på ein skriveprosess som køyrer seg fast og referansar til film av Andrej Tarkovskij. Det munnar ut i innsikt om at det å halde ut den lammande tvilen er naudsynt for å kome i kontakt med det han i boktittelen kallar Den andre viljen; kjensla av at noko i teksten dreg mot noko anna og meir enn han sjølv har medvite kontroll over.

Breiteig er med andre ord ein utprega intuitiv forfattar. Og som til dømes Virginia Woolf, Jon Fosse og Steinar Opstad, hevdar han at «det ofte (er) et dårlig utgangspunkt når en forfatter har en på forhånd definert mening eller holdning (…) som han vil innprente leseren gjennom teksten.» Eg har etter kvart begynt å oppfatte slike utsegner mest som uttrykk for kor forfattaren sjølv har styrken sin; eg trur ikkje lenger at det fins ein måte å skrive god litteratur på – nokre blir gode fordi dei har sterke overtydingar og analytiske evner.

Det er også noko ironisk i at ei bok med litterære lesingar blir opna med ein poetikk som legg vekt på at «Det er gjennom sin uforklarlighet at (litteraturen) sier noe sant om vår eksistens». Teksten er frå 1998, og påstanden dukkar opp i ulike variantar som konklusjon på dei følgjande forsøka på å utleggje skrifta. I essayet om Tarjei Vesaas endar ei fin lesing i påstanden at det er reduserande å lese Isslottet som symbol på noko, medan sjølve tolkingsforsøket blir «litteraturens eget isslott». Slik levandegjer også litterære essay paradokset.

Vegen frå Ulven til Ulven
Om ein drar opp ein litterær akse frå resonnerande til forteljande essayistikk, er Breiteig sterkast på det siste. Lesinga av Tarjei Vesaas og samtalen med Øyvind Ellenes om Kjell Askildsen er gode, men tørre. Å gjere ei littærer analyse til levande litteratur krev ein annan type retorisk evne, noko essaya til Henning Hagerup demonstrerer. Heldigvis er essayet om Laila Stien frå 2012 mindre prega av litteraturteorien, og dei nyskrive essaya har eit heilt anna liv i seg.

I det siste essayet skildrar Breiteig korleis han har gått frå å vere ein ung, sjølvhøgtideleg Ulven-lesar til å bli ein vanleg familiemann som, etter å ha kjent både meiningsløyse og frykt for døden på kroppen, kjenner motvilje mot det tyngjande svartsynet. Samstundes ser han at rørsla i hans eige liv frå det abstrakte til det konkrete også fins i det tilsynelatande upersonlege hos Ulven. Her smeltar den litterære kompetansen og forteljeevna saman på ein veldig fin måte.

Ei samling med berre nyskrivne essay ville nok gitt ein sterkare totalitet, men det er også mykje å hente i å følgje Breiteig heile vegen på hans personlege reise frå Tor Ulven til Tor Ulven.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid 22.04.2016

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: