Victoria Kielland: Dammyr

Vill, vakker og valdeleg: Victoria Kielland har gitt ei passande opprørsk form til dei sterke kjenslene tenåringar har for livet generelt og heimstaden spesielt.

Tenåringen Aurora står og onanerer med utsikt over byen frå parkeringshuset på toppen av kjøpesenteret. 110 sider seinare drar ho handa opp av buksa og tenner ein røyk. Teksten som ligg i mellom er ein virvel av sansingar og fortellingsbrokkar om alt frå justismord og andre lokale tragediar til korleis det er å vere tenåring og breddfull av begjær i eit miljø kor valden boblar rett under overflata. Victoria Kiellands Dammyr er forfriskande formmedviten og musikalsk prosa.

Stadsportrett
Det heile startar med ei nærmast leksikal skildring av korleis landskapet i Østfold vart danna reint geologisk. Dammyr blir vidare skildra både som eit bymiljø rundt eit kjøpesenter i Fredrikstad og eit utmarksområde med tre dammar; ein uttørka, ein fiskedam og ein badedam. Dette er byen kor øksemorda i «Lille helvete» vart eit av Noregs mest namngjetne justismord og kor mordaren gjekk fri til å ta endå eit liv. Og det er byen kor det spiritistiske mediet Ingeborg Køber i 1934 vart skulda, men ikkje dømt, for å ha drepe sin eigen far. Meir nyleg har den populære guten som chattar under det mildt smaklause nick’et «blowJOSH» teke livet av seg, andre har drukna i badedammen, hoppa i Glomma, døydd i trafikkulykker. Bygjengen går rundt og yppar til slagsmål og pene Renate spelar handball med store puppar og ei s-forma ryggrad.

Victoria Kielland debuterte i 2013 med prosastykke under tittelen I lyngen. Det var tekstar med nærgåande skildringar av kropp, haldne i eit språk prega av korte setningar og mykje bruk av gjentaking som stilistisk verkemiddel. I romanen Dammyr har ho utvikla stilen vidare; det kroppslege er framleis viktig, og gjentakingane er kanskje det viktigaste strukturerande trekket i ein tekst som stadig gjer store sprang i tid og stad utan forklaring av samanhengar.

Men punktum er i stor grad bytt ut med komma og uttrykket har nærma seg det eg likar å kalle fri flyt av medvit: Det er alt som flimrar gjennom kroppen og sinnet til Aurora som til saman blir eit portrett, ikkje berre av hennar indre liv, men av stemninga på heimstaden.

Ungdommens råskap
Kielland gir også litterær form til korleis  overleverte førestellingar lever i fantasien og påverkar dei sterkt blanda kjenslene ungdom gjerne har for heimstaden sin. Korleis kjensla av fare knytt til alt ein veit om ulukkene, brotsverka, blottarane og gjengmiljøa blandar seg med den sterke tilknytinga ein har til landskap og miljø ein har kjent heile livet og det rastlause begjæret som driv tenåringen ut i all slags galskap. «Driv ikkje hjertet for langt» kviskrar Aurora stadig til seg sjølv. Det er så mange som driv det for langt akkurat i tenåra, når hormona herjar, og utforskings- og sjølvhevdingstrongen er sterk og evna til å vurdere risiko enno ikkje ferdig utvikla.

I eit uttrykk som er like mykje poesi som prosa, og meir gåtefullt enn mange diktsamlingar som vert utgjevne om dagen, skaper Kielland ein rastlaus og medrivande rytme kor vond og god spenning smeltar saman til eit nærmast ekstatisk uttrykk. Det er veldig fint, dette er tekst ein godt kan lese høgt for seg sjølv. Så ein smakebit til slutt:

Aurora driver hvileløst gjennom gatene, over parkeringsplassene, hun speiler seg i butikkvinduene, øynene er blanke, man kan ikke vite hvem som skal drepe noen, hvem som skal dø og hvem som skal leve, hjertet slår hardt, hun kjenner det i hele kroppen, en muskel i brystet, en muskel mellom bena, en muskel i hånda.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid 15.04.2016

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: