Kamel Daoud: Meursault-saken

Det skjønne, det sanne og det synlege: Kamel Daoud viser korleis litteratur kan opne ein dialog i staden for å slå den eine sanninga ihjel med den neste.  

«I løpet av alle de årene vi har vært naboer, har han bare så vidt sett på meg. Ha, ha! Jeg er araberen hans.»

Å vere arabar betyr i dette sitatet å ikkje bli sett som individ, å vere usynleg. Utgangspunktet for Kamel Daouds roman er at mannen som blir drepen av forteljaren i Albert Camus klassiske roman Den fremmede aldri blir omtala med namn; det viktige er at forteljaren Meursault blir drapsmann. Daoud lar dette bli konkretisert i ein påstand om at liket forsvann, til stor fortviling for mora som sat igjen utan nokon til å forsørge seg og den sju år gamle sonen.

Mange år seinare sit Haroun, bror til den drepte, på ein bar og fortel historia om storebroren Mousa, seg sjølv og mora til ein journalist. Slik får historia eit tydeleg postkolonialistisk perspektiv, og dialogen med Camus opnar eit rom for refleksjon som strekk seg frå kolonialiseringa av Algerie til vår tids globale terrortrugslar.

Eføytekst
Forfattar Kamel Daoud (f. 1970) er frå Algerie, journalist og redaktør for ei franskspråkleg avis. Han debuterte som forfattar i 2013 med Meursault-saken, som sidan har fått fleire prisar. Ei engelsk omsetjing har òg blitt møtt med glødande omtalar. No har Synneve Sundby omsett den franske originalen til godt bokmål.

Det spesielle med boka er at ein eigentleg må ha lese Den fremmede for å skjøne prosjektet. Til dømes verkar første setning merkeleg: «I dag lever mamma fremdeles». Heilt til ein finn ut at første setninga i Den fremmede er «I dag døde mamma». Resten av historia er som ein viltveksande eføy, den har ikkje ei kronologisk oppbygging eller spaningskurve, men kveilar seg mange vegar rundt historia i Camus meisterverk. Hendingar blir gjentekne og spegla, som til dømes når hovudpersonen Haroun, etter at landet har fridd seg frå kolonimakta, blir fengsla og sett i ei celle med mange franske. Då dei spør han kva han er fengsla for og han svarar at han har drepe ein franskmann, blir dei tause. Hos Camus skjer det same, berre at det då er arabiske medfangar og ein franskætta som har drepe ein arabar.

Somme setningar er også direkte sitert, og Daoud kommenterer Camus roman eksplisitt, men med eit fiktivt grep: Han latar som om romanen vart skriven av hovudpersonen og forteljaren i Den fremmede, Meursault. Dermed kan han problematisere at ein mordar blir berømt berre han kan skrive vakkert om det, i et språk «fastere i sitt favntak, nådeløst i sin hugging av ord i stein, nakent som euklidsk geometri.»

Éi, mangfaldig historie
Daoud lar også Haroun fortelje i eit konsentrert, men også munnleg språk som både nærmar seg poesien – «Hun bor i et hus under himmelen med et sitrontre og en avdød luskende omkring» – og slagferdige sentensar: «En mann som drikker, drømmer alltid om en mann som lytter. Der har du dagens visdomsord. Skriv det ned i notisboka!»

Det paradoksale og ja, nærmast geniale, slår det meg no – er at den måten Harouns forteljing både hermar, men òg opponerer mot estetikken i Den fremmede, speglar korleis livet hans langt på veg er ein repetisjon av Meursaults liv, men også utvidar historia med nye perspektiv. Skildringa av livet og psyken hans kan potensielt kaste forklarande lys tilbake på Meursaults berømte kombinasjon av årvakne sansar, intellligens og avstumpa kjensler.

Romanen er dermed både i form og innhald ein refleksjon om korleis offeret blir grunnleggjande forma av overgriparen slik at vi alle endar som fangar i den evig ekspanderande spiralen av årsak og verknad. Det viktigaste er likevel at det ikkje fins to versjonar av historia, der heltane i den eine er skurkane i den andre, men at det foregår ein dialog som opnar opp i staden for å lukke frontane.

Meldinga har tidlegare vore publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: