Jostein Gaarder: Dukkeføreren

Meir kunnskap enn kjensler: Jostein Gaarders forsøk på å tematisere einsemd er svekt av manglande evne til å motivere forteljinga emosjonelt.

For tida er det aukande merksemd rundt korleis kjensler pregar offentlegheita. Det starta med nye funn i hjerneforskinga, men også i humaniora har ein på 2000-talet sett «den affektive vendinga», som først no er i ferd med å nå norsk akademia. Den nye interessa for dei ofte mistrudde kjenslene har òg påverka litteraturvitskapen. Til dømes har den amerikanske litteraturforskaren Patrick Colm Hogan utarbeidd ein «affektiv narratologi»: Ved hjelp av nye innsikter i korleis i kjensler oppstår og pregar sansinga og tenkinga vår, har han skapt eit sett av omgrep til bruk i litterær analyse. Eit av desse er «emosjonell intensivering», som ikkje kling godt på norsk, men altså skal uttrykke korleis forteljingar vanlegvis introduserer ei konflikt eller noko som står på spel heilt i starten, slik at kjenslene, og dermed også merksemda og interessa til lesaren blir vekt: Korleis skal dette gå?

Manglande motivasjon
Eg tenkte at ei slik faktaorientert innleiing passa bra til Jostein Gaarders roman Dukkeføreren. Det er nemleg ein roman full av fakta om alt frå etymologi til runer og teologi. Samstundes manglar romanen nettopp eit element i starten som vekkjer ei kjensle av at historia er viktig, eller ein idé om kva ein les for å finne ut av. Dermed blir det vanskeleg å interessere seg for alle dei historiene om folk og episodar som forteljaren presenterer.

Hovudpersonen Jakop er ein vaksen mann som skriv forteljinga si til ei kvinne, Agnes, utan at lesaren får vite kva relasjon som er mellom dei. Etter å ha skildra sin eigen skrivesituasjon, gir han seg til å fortelje om ei rekkje gravferder som alle viser seg å involvere medlemmer av ein bestemt familie, nemleg slekta til Agnes. Gjennom dette veks det fram eit portrett av forteljaren som ein svært einsam mann, ein som trass all sin intelligens og kunnskap ikkje klarer å skape nære relasjonar til andre. Han definerer den indoeuropeiske språkfamilien som sin nærmaste familie. Han bøter på sine sosiale manglar ved å leve i fantasien, noko som gir seg merkelege utslag som både involverer gravferder og ei handdukke med namet Pelle.

Som mange av Gaarders tidlegare romanar er også denne prega av stor kunnskap og idérikdom. Og sjølv om måten Jakop ordlegg seg og samtalar med andre på verkar gamaldags og konstruert på meg, ser eg ikkje bort frå at eldre menn med sterkare faglege interesser enn sosiale antenner faktisk kan oppføre seg slik. Det faktaorienterte, konsise og litt gamalmodige språket står også til innhaldet.

Tematisk relevant veikskap
Men forsøket på å portrettere forteljaren gjennom måten han fortel på, fell ikkje heldig ut, teksten tilfører lesaren få innsikter ut over dei Jakop eksplisitt formulerer. Sjølv om ein ser at han, trass gode analytiske evner, manglar sjølvinnsikt på eit par sentrale punkt, er ikkje det nok til å skape den kompleksiteten forteljegrepet krev. Der har Anne Oterholms romanar sett ein standard Gaarder ikkje er i nærleiken av å tangere.

Likevel er det mogeleg å sjå nettopp denne veikskapen som eit samanfall mellom form og tematikk, og dermed vurdere boka med større velvilje. Men Jakop som type er heller ikkje så unik i samtidslitteraturen at det skiljer boka ut positivt, til dømes har både Øivind Hånes og Lajla Lorentzen skrive meir engasjerande om kjenslevare einstøingar i høvesvis Pirolene i Benidorm (2005) og Setningsskade (2013). I kontrast treng lesaren ei sterk tematisk interesse for kome forbi mangelen på emosjonell motivering av historia om Dukkemakeren.

Meldinga er før publisert i Dag og Tid 11.03.2016

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: