Janne Drangsholt: Ingrid Winters makeløse mismot

Flink pike-nevroser på høggir: Janne Drangsholts karikerte i-landsproblematikk har lite satirisk kraft.

Innimellom blir eg oppgitt over at norsk samtidslitteratur ser ut til å vere fullstendig innkapsla i si eiga, lille øvre middelklasse-boble. Men kunst- og underhaldningsfeltet verda over flyt jo stort sett rundt i den same sjølvrekrutterande sfæren av kulturell og økonomisk kapital, og innbyr dei mindre priviligerte til å drøyme seg bort i passe underhaldande i-landsproblematikk. Hendinga som utløyste desse refleksjonane, er at eg vart nygjerrig på den andre romanen til Janne Drangsholt etter at bokhandel-giganten Amazon nyleg kjøpte dei internasjonale rettane. Skodespelar Henriette Steenstrup vil også filmatisere det mange kritikarar meiner er ein god komedie. Lesinga minte meg på at det som har brei appell sjeldan er det med skarpast brodd.

Tatt av karrierejaget
Ingrid Winters makeløse mismot er ein forviklingskomedie om ein norsk akademikar og trebarnsmor som slit med angst fordi dagliglivet krev så mykje av henne. Ho kjempar for å halde kontrollen, men av og til glepp det – som då ho blir riven med i ei budrunde og endar opp med å kjøpe villa for ein million meir enn dei eigentleg har råd til. Så, medan alt står på som verst heime, blir ho beordra på tur til St.Petersburg for å få til såkalla «internasjonalisering» mellom to universitet. Dermed er det duka for parodiering av all slags byråkratiske krumspring som i praksis handlar mest om at dei ansvarlege leiarane treng noko å imponere med i årsrapportane sine.

Romanen er godt og effektivt fortalt, og har ein del treffande litterære bilete, som når hovudpersonen fortel at ho «hadde en ekkel metallisk smak i munnen, som om jeg natten gjennom hadde sugd på en håndfull vekslepenger.»

Men sjølv om skildringa har satirisk snert mot akademia og sjølvironi på vegne av hovudpersonen, gjer forfattaren lite for utfordre førestellingane om kva det er å vere vellukka i vår tid. Humoren er basert på at ein identifiserer seg med ei kvinne som krev perfeksjon: statusjobb, drøymebustad og bakestunder med heimelaga peparkakedeig. Som står på til angsten tar henne og kjenner seg motarbeidd av idiotane ho må samarbeide med. Om det er ein brodd her, er den retta mot karrierejaget hos alle andre – Ingrid Winter sjølv er liksom berre tatt av dragsuget.

Det er sjølvsagt mykje gjenkjenneleg her. Men det blir ikkje automatisk gøy av den grunn, eg vart snarare stressa og irritert av «glaset er halvtomt»-mentaliteten. Jada, eg veit akkurat kor irriterande det er å sitje på langdryge foreldremøter eller å bli plaga av pågåande seljarar av tryggleiksalarmar. Det betyr ikkje at eg likar å lese om det i tillegg.

Ikkje svart nok
Romanen nærmar seg chick lit-sjangeren når alle karakterane unntatt ektemannen er karikerte, medan hovudpersonen til slutt står att som heltinne i klassisk Brigdet Jones-stil. Og det er verken spennande eller sympatisk når den einaste reelle trugselen litteraturvitaren Winter møter, er at ho kan bli degradert til avdelinga som utdannar førskulelærarar. Det er ikkje svart humor, slik tittelen signaliserer, det er flink pike-nevrosehumor.

Når det er sagt, er både intellektuelt snobberi og nevroser vanlegvis godt materiale for humor: Woody Allen skildrar også øvre middelklasse med eksistensiell angst. Men hos han er karikerte handlingsforløp følgt av replikkar med vidd. Dei er det lite av her.

Humor er ikkje eit felt det er enkelt å grunngje vurderingar av; enten ler ein, eller så ler ein ikkje. Men i mine auge blir Drangsholt forbigått både litterært og humoristisk av norske samtidige som Lotta Elstad og Kjersti Annesdatter Skomsvold.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: