Haruku Murakami: Menn uten kvinner

Kjærleikssorg i trekantmønster: Det er to særs gode noveller i Murakamis siste samling. Resten er lett gløymde.

Kvinner klarer seg betre utan menn enn menn klarer seg utan kvinner. Vi har det til dømes dårlegare i ekteskapet og betre som einslege enn menn. Ironisk nok, gitt at kvinner er langt meir opptekne av menn enn omvendt. Det seier i alle fall Harald Eia og teorien om såkalla homososialitet.

Blir du provosert av slike generaliseringar, kan Haruku Murakamis novellesamling Menn uten kvinner utfordre deg ytterlegare. Boka består av sju noveller om menn som på ulikt vis har mist ei kvinne, men den dominerande modellen er trekanten: Mannens blikk på ein annan mann og gjennom det på seg sjølv, medan kvinna er det sams objektet, representantar for det «andre kjønnet» som det er vanskeleg å skjøne fordi dei avvik frå den mannlege normalen.

Kvinnemysteriet
Den første novella, «Drive my car», startar med ein påstand om at kvinnelege sjåførar kan delast inn i to kategoriar: Dei som køyrer for aggressivt, og dei som køyrer for forsiktig. Men sjølvsagt finns det, slår forteljaren også fast, kvinner som rett og slett køyrer «normalt». Den hovudpersonen som blir tillagt så skjelsetjande innsikter er enkemannen Kafuku, ein skodespelar som får kvinneleg sjåfør då ein augeskade hindrar han frå å køyre sjølv.

Samtalane med henne blir høve til å rulle opp historia om Kafukus møte med ein mann han veit var ein av elskarane til kona, som dei begge no sørgjer over. Men det blir den nær kjønnsnøytrale sjåføren Misaki som hjelper Kafuku å akseptere at han aldri kan få svar på kvifor kona var utru, sidan handlingane hennar var grunnleggjande irrasjonelle, som ein sjukdom. Og etter å ha avlevert desse forløysande orda, viser sjåføren sin aller beste eigenskap; ho veit når ho skal halde kjeft.

Den overdrive polariserte måten tenke om kjønn på seier nok meir om forskjellar mellom norsk og japansk kultur enn om menn og kvinner. Kanskje er det også Murakamis skrudde humor som gjer seg gjeldande, som når ein lege påstår at kvinner er født med «et selvstendig lyveorgan» som gjer at dei kan lyge utan å verken røpe seg eller få dårleg samvit.

Humor og realismebrot
Murakami er elles ein forfattar som har skapt kontrovers i japansk kulturliv fordi han bryt med japanske litterære tradisjonar og i staden er inspirert av amerikanske novellistar som Raymond Carver. Språket her er då også korthogge og tidvis tørt, utan at eg har grunn til å tru at ein kan skulde på Yngve Johan Larsens omsetjing. Men det har ein artig effekt at japansk dialekt er omsett til Odda-dialekt av Frode Grytten.

Den verkelege gode forteljaren Murakami viser seg først når han rører seg over i den poetiske surrealismen som ofte pregar romanane hans. Det gjeld «Sjeherasad», kor Murakamis tørre humor og evna til å formidle meining gjennom vakre, litt mystiske symbol kjem til sin rett når ei kvinne fengslar elskaren med rik fantasi og historier frå sitt eige liv. Det andre høgdepunktet er novella «Kiosk», kor forfattaren manar fram eit nesten magisk levande, melankolsk miljø i ein halvtom bar i eit gamalt hus med hage kor den nyleg bedratte innehavaren prøvar å halde kjenslene unna. Når sorga til slutt bryt gjennom, bryt også skiljet mellom røynd og draum saman i effektfull kontrast til den elles distanserte tonen.

Andre noveller har artige trekk, men tværer enkle poeng for lenge. Det er til dømes fiffig at mannen i «Da Samsa ble forelsket» vaknar opp som Gregor Samsa, eit spel på Franz Kafkas novelle «Forvandlingen» kor Samsa vaknar opp som kakkerlakk. Framhaldet er likevel lett gløymd. I sum er samlinga ujamn, men underhaldande – kanskje aller mest for menn.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: