Lucia Berlin: Håndbok for vaskedamer

Skattar i mørkret: Lucia Berlins skarpsynte noveller overgår Elena Ferrante og konkurrerer med Alice Munoe.

I fjor haust vart ei samling utvalde noveller av den lite kjende forfattaren Lucia Berlin rive vekk frå hyllene og bejubla av kritikarane i USA. Og alt no kan vi lese kvifor i ei smidig og velklingande omsetjing av Vibeke Saugestad. Dermed har ei alkoholisert og hardtarbeidande aleinemor endeleg fått sitt store, litterære gjennombrot, elleve år etter at ho gjekk bort. Håndbok for vaskedamer er like unik som tittelen gir inntrykk av.

Erfaringsrikdom
Lucia Berlin (1936-2004) var stadig på flyttefot. Som barn opplevde ho alt frå små gruvebyar i nordamerikanske fjell til byliv i New Mexico og overklassen i Chile. Ei alkoholisert og valdeleg mor og ditto morfar merkte både henne og søstra for livet, og fleire av novellene handlar om korleis dei seinare bearbeida det saman. Berlin gifta seg og fekk born tidleg, men sidan ho forelska seg i kunstnarar og rusmisbrukarar, enda ho som aleineforsørgjar. På grunn av sin eigen alkoholisme bytte ho stadig jobb, frå sentralbord på akutten til pleiemedhjelpar, spansklærar, vaskehjelp – og skrivelærar på universitet.

Dette omskiftelege livet har blitt eit uvanleg rikt materiale for novellene, som i stor grad er sjølvbiografiske. I eit velskrive forord gir forfattaren Lydia Davies – i Noreg kjend og populær for å ha lært seg norsk ved å lese Dag Solstad – ei fin innføring i Berlins liv og skrift, men understrekar at Berlin sette omsynet til ei god historie før kravet om sanning.

At Berlin hadde lett for å kome i kontakt med folk, hadde eit skarpt blikk og las mykje, pregar novellene. Ofte formidlar ho erfaringar på ein direkte måte, som når ho i tittelnovella rådar vaskehjelper til å setje møblane feil slik at herskapet skal legge merke til at dei har vaska golvet under. Men trass ironisk humor ser ho også dei rike med eit varmt blikk. Så skjønar vi gradvis at forteljaren sørgjer over ein død ven.

Slik fortel Berlin andre og større historier gjennom det daglegdagse. I «Tigerbitt» blir forteljaren send til ein illegal abortklinikk i El Paso av ei rik kusine for å ta abort etter at mannen har gått frå henne. Men då ho seinare kjem til familieselskap, opnar eit større perspektiv seg; om dei grelle kontrastane i livsvilkår mellom fattige og rike, kvinner og menn.

Ei sanseleg verd
Berlin manar fram fargesterke biletet i hovudet på lesaren, og dei har alle ein sterk patina av levd liv. Som når ho skildrar ørkenen i New Mexico, og i den ser det bibelske landskapet ho lærte om først då ho flytta hit som born. Forteljaren ser fortid og notid i lys av kvarandre, noko som gjer novellene grunnleggjande nostalgiske, men ikkje sentimentale.

Tematikken og den direkte stilen minner om Elena Ferrante, men Berlin overgår henne i formuleringsevne. Snarare nærmar ho seg Alice Munro, som fekk Nobelprisen i litteratur i 2013. Eg vil ikkje kalle Berlins ofte korte noveller for «romanar i miniatyr», slik det blir sagt om Munroes noveller. Til gjengjeld tar Berlin for seg meir dramatiske og tragiske hendingar, samstundes som ho ser det komiske. Resultatet er uvanleg rik novellekunst, og det sjølvbiografiske gjer at samlinga nesten blir som ein fragmentarisk roman.

At Berlin blir relansert og slår an betre no enn før, kan ha med den sjølvbiografiske trenden å gjere. Men eg trur også at ho har appell fordi ho skildrar det mange opplever i USA og Europa for tida: Aukande økonomisk ulikskap gjer at mange med solid middelklassebakgrunn no opplever eit usikkert arbeidsliv, dårleg økonomi og sosialt fall samt kanskje rus- og pyskiske problem. Berlin har omforma liknande erfaringar til litterære skattar.

Meldinga stod på trykk i Dag og Tid 22. januar.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: