Geir Gulliksen: Historie om et ekteskap

Alle desse kjenslene som kom og gjekk: Geir Gulliksen skriv kjenslevar prosa om å misse sin store kjærleik til ein annan. Og fråveret av pliktetikk glimrar til ettertanke.

Kvifor endar eit lukkeleg ekteskap i skilsmisse? Gulliksens svar er på overflata så enkelt som at den eine parten tilfeldigvis forelskar seg i ein annan. Men skildringane opnar også ein annan dimensjon: Kor sterkt vi ønskjer å vite kva andre tenkjer og føler, og kor umogeleg det er.

Forteljarmakt
Geir Gulliksen fekk Aschehougprisen i 2014, og i fjor fekk han strålande kritikkar for romanen Historie om et ekteskap. Også eg meiner at Gulliksens blikk for subtile nyansar i skildringa av det mest intime og sårbare i eit samliv, gjer dette til ein av hans sterkaste romanar. Han overgår likevel ikkje det eg reknar som fjorårets beste roman: Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, som har ein unik intensitet i både språk og innhald. Ei anna av haustbøkene som ikkje nødvendigvis utfordrar Gulliksen på kvalitet, men stiller romanen i eit svært interessant lys, er Anne Oterholms  Liljekonvallpikene.

Første kapittel i Historie om et ekteskap er ein slags prolog kor mannen ber ekskona Timmy om å fortelje kva som eigentleg skjedde mellom dei. Men ho vil ikkje. Dermed må han lage sin eigen versjon: Vevd inn i hans eigne minner får vi høyre korleis Timmy møtte den andre mannen, kva som hende mellom dei på skitur i skogen, kva ho tenkte.

Oterholm opererer også med ein forteljar som i ei blanding av fantasi og påstander om intim kjennskap fortel slikt han eigentleg ikkje kan vite om ei kvinne han er svært oppteken av. Gjennom måten han ordlegg seg på, veks det fram eit inntrykk av forteljaren som ein sær type utan sjølvinnsikt, og ein tek seg i å synes synd på kvinna som blir framstilt gjennom ein slik upåliteleg forteljar.

Forteljaren i Gulliksens roman, Jon, er derimot open om at han føresteller seg, og av og til arresterer han seg sjølv: «Det siste er en overtolkning, det trenger ingen å fortelle meg». Men ein må lure på korleis hans versjon skiljer seg frå det ekskona villa ha fortalt. Dermed er vi over i spørsmålet om kor mykje vi kan vite – sjølv om våre aller nærmaste. Og kva ein ønskjer å skjøne eller fortelje: Ved å gi sin versjon, tar Jon tilbake noko av den kontrollen han miste då han vart forlaten.

Vaksne kjensler
Det blir sagt på første side at dette skal vere ei forteljing om dei vaksne, ikkje om borna. Likevel lar forteljaren dei vaksne bli sett gjennom sønene i to sterke parti som viser korleis barn kan sanse det som skjer med foreldra utan å skjøne det. Sidan fokuset stadig er på dei vaksne, er dette eit av fleire moment i historia som illustrere kor sjølvoppteken sterke emosjonar kan gjer ein.

Historia om ekteskapet starta med at forteljaren gjekk frå si første kone og ein toåring for Timmy. Då vart det viktig å vise alle at kjenslene mellom dei var heilt spesielle. Har styrken på romantiske og erotiske kjensler fått funksjon som moralsk rettferdiggjering i moderne samlivsetikk?

Det slår meg at forteljarens refleksjonar om samliv og kjensler ikkje nokon stad kjem inn på moral, plikt eller andre faktorar enn kjensler som påverkar avgjerder om samliv. I staden fins ein kritisk undrande undertekst. Ein kan til dømes sjå kvass ironi i at forteljaren lar Timmy tenkje at sorga ektemannen kjenner ved brotet er «bare følelser» som vil gå over. Samstundes har ho snudd livet opp ned for familien sin nettopp på grunn av kjensler.

Dermed vakna barnelærdommen frå bedehuset: Ein kan ikkje basere tru og liv på kjensler, for dei skiftar heie tida. Men alle veit jo at det ikkje er så enkelt i praksis, og det er ein grunn til at kjensler er episenteret i nesten all litteratur. Geir Gulliksen ein av dei modigaste utforskarane av desse eruptive kreftene i mennesket.

Meldinga stod på trykk i Dag og Tid 15.01.2016

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: