Liv Køltzow: Melding til alle reisende

Kroppssug og hjartesvolt: Liv Køltzow går modig inn i tabu knytt til alderdom, sjukdom og seksualitet. Men å gjere skriving av romanen sentral i historia er ikkje ein god idé.

Den aldrande forfattaren Kaja Baumgarten har fått diagnosen Parkinsons. Manglande støtte frå ektemannen, som også viser teikn på demens, gjer at ho blir råda til å skilje seg. Då ho også forelskar seg i Vegard, som ho møter på rehabilitering, bestemmer ho seg for å bryte alle band og starte på nytt. Men korleis kan ho stole på at den ti år yngre, forfylla kvinnefuten Vegard ikkje berre er ute etter pengane hennar, og korleis kan han stole på at ho ikkje berre vil bruke han i romanen sin?

Forfattarlivet
Når Liz Køltzow no utgir ny roman, 13 år etter den førre, er det minst to viktige likskapar mellom forfattaren og hovudperson: Forløpet for forfattarkarrieren og Parkinsons-diagnosen. Så sjølv om utgjevinga elles ikkje signaliserer å vere sjølvbiografisk, er det så godt som umogeleg å vurdere romanen uavhengig av konteksten.

For det første blir det tydeleg for ein bragd det er av Køltzow å ha fullført romanen når ein les skildringa av kva symptom og biverknader av medisin ein Parkinson-pasient må slite med til dagleg. Til dømes har det vore naudsynt å nytte diktafon i staden for tastatur på grunn av manglande kraft i hendene.

For det andre gjer skildringa av problemstillingar knytt til romanskrivinga at forfattargjerninga i ein spesiell livssituasjon blir hovudsak. Problemet med dette er at altfor mange romanar dei siste åra har gjort forfattaren til hovudperson, samstundes som det er klare grenser for kor interessante deira spesifikke yrkesdilemma er for den store hopen av lesarar. Det er gode grunnar til at Jon Michelets bøker om krigsseilarane engasjerer større lesargrupper, for å seie det slik.

Eg synes difor det er synd at Køltzow har valgt å gå lett over dei delane av Kajas historie som både er mindre handsama i litteraturen og som fleire kunne oppleve som eksistensielt viktige:

Korleis er det å ha ein ektemann som ikkje viser forståing for utfordringane og smerten i å få diagnosen Parkinsons? Kor er smerta og dei moralske kvalene i å gå frå ein ektemann etter mange tiårs samliv, når han i tillegg er i ferd med å utvikle demens? Kvifor får vi ikkje høyre meir om fosterdottera, har ho ingen reaksjonar på at mora går frå faren og at mora i tillegg har ein elskar som utnyttar henne økonomisk?

Begjær og kjensler
Inntrykket er at dei verkeleg djupe og vanskelege kjenslene blir fortrengde ved hjelp av begjæret etter ein ny mann. Det kan ein lese som ein viktig undertekst i romanen. Men fokuset på den kulturelt sett framandarta Vegard, både som kjærleiksobjekt og potensiell romanfigur, demonstrerer at for kunstnaren kjem det som kan bli kunst alltid først.

Og på det feltet manglar det ikkje på sjølvinnsikt: «Hun trodde hun hadde frikort overalt og slapp å betale, hun var nemlig forfatter, og derfor insisterte hun på disse himmelstormende ambisjonene, romanen, og kjærligheten, midt i en utmattende sykdom. Alle fordømte henne som uansvarlig, ingen skjønte henne.»

Her anar vi eit emosjonelt sakn hos den elles så ressurssterke Kaja. Kanskje er kunsten på same tid både problemet og hennar forsøk på løysing?

I skildringa av sjukdom, begjær og kjærleikslengt hos ei aldrande kvinne er Køltzow modig og rett på sak, og det er eit adelsmerke for henne som kunstnar at ho ikkje legg fingrane i mellom. Både tematikken og den reflekterande forteljestilen minner om Vigdis Hjorths bøker, sjølv om humoren ikkje er like tydeleg til stades. Men romanen ville ha blitt betre om enten fiksjonen eller sjølvbiografien var reindyrka og metaperpektivet meir subtilt.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: