Johan Harstad: Max, Mischa og Tetoffensiven

Tusen sider til trøyst: Johan Harstad skriv langt og godt om angsten og kampen for kunsten, og om kjærleiken som gjer det mogeleg.

 

Gjennom heile forfattarskapen til Johan Harstad går det ei spenning mellom tilsynelatande motsetnader: På den den eine sida angst, ein tendens til å tenkje seg inn i dei verste scenario og eit tilsvarande behov for å kjenne seg trygg. På den andre sida: Trong til å utfalde seg kunstnarleg, lidenskaplege interesser og høge ambisjonar. Det pregar også Max, Mischa og Tetoffensiven, som spesielt minner om Harstads første roman: Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005). I begge tilfelle møter vi ein ung mann som flyttar til eit anna land og strevar med å finne seg til rette både med sin nasjonale og kunstnarlege identitet. Og kjærleiken er viktig: Å finne ei trygg hamn hos eit anna menneske.

Angst og ambisjonar
Av og til er det så stor tematisk samanheng mellom bøkene eg les i løpet av bokhausten at eg tar til å bli overtruisk; at livet sender meg dei bøkene eg treng å lese. Det er nok mest uttrykk for hjernens vidunderlege evne til å skape samanheng, men det er likevel ei fin kjensle.

Tidleg i haust las eg i Merethe Lindstrøms Fra vinterarkivene om to generasjonar sterkt prega av både kunstnarlege evner og psykisk sjukdom, og om hennar eigen grunnleggjande tvil. Så las eg sakprosaboka Min angst av Scott Stossel, som gjer eit poeng av at angstliding ofte opptrer saman med evne til kreativ tenking. Så får eg altså Johan Harstads beist av ei 1082 siders bok i fanget – vekta aleine inspirerer til slakt – som viser seg å handle om kunstnarar som kjempar. Mot prestasjonsangsten og for å lukkast, og av og til berre mot den reine angsten.

Den velrennomerte teaterregissøren Max Hansen er på turné i USA, og tenkjer attende på livet sitt. Som gut måtte han flytte med familien frå Stavanger til New York fordi faren fekk jobb der. Han sleit med å finne seg til rette, heilt til å han fekk ein besteven og dei vart med i teatergruppa på skulen. Så vart han kjærast med den sju år eldre biletkunstnaren Mischa.

Romanen handlar også om Max sin onkel Ove, som emigrerte til USA for å bli jazzpianist, verva seg som friviljug til Vietnam for å få amerikansk statsborgarskap, braut kontakten med sin norsk familie og tok namnet Owen. Det er mange likskapar mellom Max og Owen, men kunstnarkarrierene artar seg svært ulikt. Det kan ein lese som ein studie i korleis tida vi lever i og menneska vi møter blir avgjerande for kven vi blir.

Meining og trøyst
Harstad har ein enorm appetitt på kunnskap frå mange område, og boka inneheld lange utlegningar om alt frå Coppolas legendariske film Apocalypse Now! og Vietnamkrigen til kva som skaper godt teater og katalogtekstar om biletkunst. Samt lange digresjonar om folk Max møter og stadar han er på.

For meg, som ikkje heilt deler denne fascinasjonen for absolutt alt, er teksten for lang. Men der eg skumles utålmodig når eg synes han rører seg langt frå hovudhistoria, vil andre storkose seg med å få bli lenge i dette rikhaldige universet. Harstad skriv lange, buktande, velformulerte periodar fulle av innfall og innskot, og det er godt å berre flyte med.

Eg trur Harstad prøver seg på det han i sine innslag av kunstkritikk kallar hyperrealisme, noko nær fotografisk detaljrikdom. Både det og tematikken gir assosiasjonar til Knausgårds Min kamp 1-6. Forskjellen er at Harstad ikkje insisterer på sanning, men legg vekt på det meiningsskapande potensialet i fiksjonen.

Eg ser ein tendens til idealisering i dei nostalgiske skildringane, kanskje spesielt av mora og kjærasten. Men det kjennest ikkje som eit problem så lenge historia formidlar eksistensielle innsikter med vidare relevans enn kunstnarlivet. Det er ein trøystande fellesskap i at vi alle kjempar for å lukkast, men kanskje like mykje med angsten det skaper. Og når livet kjennest komplisert, treng vi at nokon fortel oss at det vil ende bra – ikkje først og fremst fordi vi trur på det, men fordi det er godt at dei bryr seg nok til å seie det.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: