Elena Ferrante: Historia om det nye namnet

Feminin fare: I andre bind av Elena Ferrantes Napoli-kvartett kjem ein skarp, feministisk brodd fram.

Då første del av den italienske suksessromanen Mi briljante venninne av Elena Ferrante vart lansert på norsk i vår, meinte eg at den ikkje høyrde heime i det litterære toppskiktet, men at det også var vanskeleg å konkludere utan å ha lese framhaldet. Etter å ha lese den andre av i alt fire delar, utgjeve under tittelen Historia om det nye namnet, er inntrykket justert eit godt hakk opp. Det er ikkje tvil om at dette er eit viktig verk om livsvilkåra for kvinner i eit samfunn prega av stor sosial ulikskap.

Akkurat passe kvinne
Historia om det nye namnet tar fatt der førre bok slutta: Vi følgjer forteljaren Elena og hennar briljante venninne Lila frå dei er 16 til Elena har fullført universitetsutdanninga og debutert som forfattar. I same periode går livet til Lila i ei heilt anna retning, utan at eg skal røpe for mykje her.

Gjennom desse to får Ferrante vist forskjellen på intelligens og evne til å lukkast for kvinner i patriarkatet. Forteljaren er i stand til å arbeide hardt og bli likt av alle, ho skaper seg om ved å etterlikne dei ho beundrar. Ikkje minst knekkjer ho koden for korleis ho kan gjere den intellektuelle mannen til sin allierte: «Eg forstod intuitivt at eg måtte trå varsamt og seie det han ville at eg skulle seie, skjule både at eg var uvitande, og det vesle eg visste som han ikkje visste.»

Lila er derimot for mykje av det gode, ho er for intelligent, for hissig, for pen, for stolt, for lidenskapeleg. Ho blir omtala som «femme fatale», men mennene er langt farlegare for henne enn omvendt. Ferrante viser realitetane i eit samfunn der mange kvinner levde deprimerte og traumatiserte etter vald i ekteskapet utan at nokon reagerte fordi det var så vanleg. I det heile tatt er romanen full av kvinneportrett, frå den einslege lærarinna som prøver å hjelpe dei smarte jentene fram, til dei utslitne og bitre mødrene som Elena og Lila fryktar å ende opp som.

Høgverdig om jenter
Då eg las første bok, minte den detaljerte skildringa av venskapen og konkurransen mellom to venninner meg rett og slett om ungpikebøkene eg slukte som barn, mange utgjevne i Gyldendals Gode Pikebøker med titlar som Lises hemmelighet, Hva nå, Annelise og Gerd vet hva hun vil. Samanlikninga er ikkje meint nedlatande, for sjølv om Ferrante utan tvil skriv med eit langt høgare ambisjonsnivå, har kjærleikslivet og ambisjonane til jenter i tenåra blitt både skildra og lese med stort alvor av mange. Men slikt vart lenge ikkje rekna som stoff for høgverdig vaksenlitteratur. Då Ebba Haslund i 1946 utgav romanen Første halvår, som er ei innsiktsfull og fin skildring av livet til tenåringsjenter på ein «pikeskole», vart den avskrive av kritikarane som «ungpikeroman» og fekk nesten ingen omtale. No har det synet endeleg endra seg. Då er det kanskje ironisk at eg, som hadde lese så mykje om liknande tema frå før, stilte med den største skepsisen.

Det handla imidlertid like mykje om språk som om innhald. Andre bok bekreftar inntrykket av ein refererande, detaljert stil som er lettlesen, men berre innimellom glimtar til med verkeleg gode setningar og bilete. Men språket er forma for presise analyser av eit viktig innhald, og eg anar konturane av ei historie som både har skarp, feministisk brodd og eit vidare samfunnsperspektiv.

Eg er hekta, og ventar meg endå meir av framhaldet.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: