Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal

Gåta i spegelen: Semja er stor, men forståinga stykkevis og delt i samtalen mellom Jon Fosse og Eskil Skjeldal. For Fosse er det mysteriet som skaper kjenslene, trua og kunsten.

Eg veit ikkje heilt kven som er mest internasjonalt kjend; Jon Fosse eller Jo Nesbø. Men Jon Fosse er i alle fall den av dei to som kanskje ein dag kan få Nobels litteraturpris, og ryet som dramatikar har også skaffa han Statens æresbustad Grotten. At Fosse i 2013 konverterte til katolisismen, understrekar at han er ein åndeleg kosmopolitt; frå bakgrunnen i den pietistiske bygda Strandebarm i Hardanger via teoretiske studier og kvekarfellesskap i Bergen til eit liv på reise mellom teateroppføringar over heile verda, hytte i Skjolden, bustad utanfor Wien og til sist også Grotten i Slottsparken i Oslo.

Intervjuboka Mysteriet i trua. Jon Fosse i samtale med Eskil Skjeldal har blitt til i forlenginga av ein langvarig epostkorrespondanse og somme møter mellom Fosse og Eskil Skjeldal. Det er ei bok tufta på sams erfaringar og stor semje om dei store spørsmål i livet.

Eskil Skjeldal er teolog, skribent og kritikar og har tidlegare gjort lukke med ein intervjuserie i Dag og Tid der han snakka med diverse kjendisar om kriser og meininga med livet. I tillegg skildra han i same avis si eiga truskrise gjennom ei rekkje essay, og har, som Fosse, konvertert til katolisismen. Dei mange sams referansane gjer at samtalen glir lett, ofte for lett og raskt over punkt der kritiske spørsmål kunne ha ført til interessante utdjupingar.

Intellektuelt portrett
Dei punkta Skjeldal stiller flest oppfølgingsspørsmål til er knytte til tvil og trusforsvar: Kven eller kva er Gud, og er han allmektig eller ikkje? Her er det eksistensielle alvoret stort frå begge partar; det betyr verkeleg noko for Skjeldal kva Fosse svarar, og eg skulle gjerne fått vite meir om dei tankane svara vekkjer i han. I staden nøyar han seg som regel med kortfatta oppfølgingsspørsmål.

Både Ingunn Økland i Aftenposten og Ane Farsethås i Morgenbladet har alt påpeika at Skjeldal nærmar seg intervjuobjektet Fosse med nærmast sjølvutslettande beundring og respekt. Dei set også boka inn i ein kontekst der forlaget sin strategi for å halde Fosses forfattarskap «varm» med stadige utgjevingar spelar ei viss rolle.

Eg er samd i at Mysteriet i trua har lite av den levande dynamikken samtaleforma på sitt beste kan skape, og som Alf van der Hagen har lukkast så godt med i Dag Solstad. Uskrevne memoarer og Kjell Askildsen. Et liv. I staden får eg stadig kjensla av at teksten går i ring; las eg ikkje nettopp om dette i stad? Fosse siterer stadig filosofar som Heidegger og Wittgenstein, og gir eit intellektuelt meir enn eit biografisk portrett av seg sjølv. Heldigvis svarar han innimellom annleis enn venta, han har halde på opprørstrangen også i møte med den katolske kyrkja.

Ei åndeleg verd
Boka inneheld interessante tankar om kva religiøs tru er og kan gi. Sidan vi no er inne i det eg har høyrt omtala som ei postsekulær tid, altså kor religionen ser ut til å vere på frammarsj, er det absolutt eit tema det er verd å setje seg inn i.

Eg har sjølv kristen bakgrunn, og eg kjenner meg difor godt igjen når Fosse skildrar tryggleiken trua kan gi og den oppløftande fellesskapen ein kan oppleve gjennom dramaturgien i ei gudteneste. Den udogmatiske og filosofiske tilnærminga hans gjer at tanken dukkar opp: Skal tru om det framleis er mogeleg at trua på ein god Gud og eit liv etter dette kan vakne i meg igjen?

Etterlivet er i denne samanhengen ikkje uviktig, sjølv i ein slik intellektuell kristendom der paradokset og mysteriet står sentralt. Til dømes gir det berre meining å snakke om at «den krossfeste Gud er dei avmektiges Gud (…) som sigrar gjennom si avmakt» dersom ein reknar med evig liv i himmelen. Sjølvsagt kan mykje i livet bli enklare om ein trur på ei åndeleg meining, men utan ideen om paradis ville ein vanskeleg kunne påstå at ein som vert fengsla og drepen for trua si har vunne over dei som har den verdslege makta. Då gir paradokset meir meining slik det framstår som mest relevant for diktaren sjølv: «Kunstnaren er ein eksentrisk outsider og ein nevrotisk eksistens som lukkast i livet gjennom kunsten sin.»

Les resten av meldinga på nettsida til Prosa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: