Inger Bråtveit: Alice A4

Barnet og kjærleikseventyret: Alice A4 er eit klokt korrektiv til romantiseringa av Lolita-figuren, men slår ikkje like sterkt inn som Bråtveits tidlegare romanar.

Inger Bråtveit har heilt sidan debuten med romanen Munn mot ein frosen fjord (2002) vore kjend som ein forfattar med ei særeigen og poetisk stemme. No gir ho stemma si til ein figur som har vore gjenstand for ein litt problematisk popularitet i litteraturen: 13-åringen som blir kjærast med ein mykje eldre mann. Ved å kalle hovudpersonen og eg-forteljaren opp etter Lewis Carrolls barnebokklassikar Alice i eventyrland, gjer Bråtveit det tydeleg at dette gjeld eit barn. Dermed gir ho det perspektivet på Lolita-historia som den svenske litteraturprofessoren Ebba Witt-Brattström har etterlyst i debatten om «litterær pedofili»: Korleis opplever den unge jenta eit slikt forbode kjærleikseventyr? Eit svar er at det er forvirrande å stadig skifte storleik, å vere liten, så stor, så liten igjen.

Farleg tiltrekkjande
Ein kunne kalle Alice A4 romanpoesi av det slaget spesielt Marit Kaldhol har skrive mykje av. Korte kapittel som varierer i lengde frå éi setning til litt over éi side vekslar mellom ei kronologisk eg-forteljing og draumliknande sekvensar som ikkje alltid er draumar, men forsøk på å skildre blandinga av det skremmande og det tiltrekkjande, det vonde og det gode i å la seg falle inn i ein vaksen manns begjær. Symbolikken er henta frå Alice i eventyrland: Den vaksne kjærasten får av og til pels og lange kvite øyrer, akkurat som kaninen som lokka Alice ned i holet i bakken. Å falle for han vert skildra som å falle heile vegen ned til eventyrlandet. Og romanen startar med eit trist eventyr om Tåresjøen, ein referanse til Carrolls Alice som er i fare for å drukne i sine eigne tårer etter at ho på magisk vis har blitt forminska.

Historia er elles enkel: Ei jente frå arbeidarklassen går på tivoli kor ho blir spådd at ho skal møte den store kjærleiken. Same dag tek ein vaksen mann kontakt med henne. Han framstår som ein tvilsam karakter då han prøver å få Alice med seg inn i bilen. Ho seier først nei. Likevel trur ho det er Skjebnen, og ikkje lenge etter er endelause bilturar hennar nye kvardag. Å kome seg laus igjen blir ein lang prosess.

Bråtveit får godt fram ambivalensen som pregar Alice: At mannen representerer både fare og inngang til ei større og meir spennande verd, spesielt for ei jente som er moden for alderen og leitar etter det som er «djupt og spesielt». Det seksuelle møtet vert framstilt som noko nær eit overgrep – likevel trur Alice at han er den store kjærleiken. Relasjonen til mora, som alltid er sliten etter skift på fabrikken, og den eldre søstra er fint skildra. Men Alice gjer stort sett som ho vil – og må ta følgjene sjølv.

Reisa til A4
Som i tidlegare bøker ligg Bråtveits metode nær kollasjen: Spesielt forsterkar bruken av svenske og tyske ord den lydlege og musikalske dimensjonen ved språket. Men også bruken av poetiske bilete og intertekstualitet med Nabokovs Lolita og Sara Stridsbergs Darling River gir teksten eit preg av lappeteppe der mykje er utelate og mykje berre antyda. Eg tolkar heilskapen som ei medviten korrigering av det som ofte kan ta form av både estetisering og erotisering av passive jenter.

Bråtveit skriv tidvis nydeleg, spesielt i dei meir draumliknande partia av teksten. Likevel slår ikkje denne teksten like sterkt inn som hennar førre roman, Siss og Unn (2008). Og eg trur det er fordi den etterpåkloke, vaksne forteljaren vert liggande som ein buffer mellom lesaren og den unge Alice. Dermed kan teksten få ein belærande tone:

«Tusenvis av jenter gjer akkurat som eg, stengjer av og att, for seinare, på klossete og sørgjelegaste vis, å finna seg sjølv bøygd over puslespelet av det som for lenge sidan er gått tapt.»

På den andre sida gjer forteljarstemma, kombinert med den ordknappe stilen, symbolbruken og intertekstualiteten, at Bråtveit unngår den tåredryppande offerskildringa. Alice A4 teiknar opp eit klokt, nyansert og vakkert bilete av jenta som valde det farlege eventyret som veg mot det vaksne A4-livet.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: