Miranda July: Den første slemme mannen

Vaksenleikar: Miranda July skriv vittig om eit deprimerande tema: Å vere einsleg kvinne på nokre-og-førti og lengte etter kjærleik.

Ei kvinne over førti er berre attraktiv som omsorgsperson. Sett på spissen er dét den konvensjonelle og ikkje minst deprimerande bodskapen i Mirande Julys roman Den første slemme mannen. Men vegen dit er full av latter og overraskingar. Det handlar om flytande grenser mellom leik og desperasjon, kjærleik og vald, hetro og homo.

Filmatisk univers
Hovudpersonen er den 42 år gamle Cheryl, ei einsleg kvinne som har vigd sitt vaksne liv til firmaet ho jobbar for, men fått beskjed om at leiarstilen hennar er så spesiell at det er «nok» at ho kjem til arbeidsplassen éin dag i veka. Ho er altså mykje aleine heime, men har funne eit system for hushald som skal gjere at huset praktisk talt vaskar seg sjølv og med det hindre at ho gradvis tar til å kaste søppel over alt og tisse i koppar. Ho er forelska i den 20 år eldre Phillip, som ho trur ser på henne som ei ung jente – heilt til det viser seg at han ser henne som jamaldra og sjølv er forelska i ein sekstenåring.

Så blir Cheryl beden om å gi husrom til dottera til ekteparet som eig firmaet. Utviklinga av relasjonen mellom henne og denne smellvakre, men mannhaftige unge kvinna tar ei uventa vending. Etter ei tid med irritasjon og psykisk hundsing tar dei nemleg til å slåss. Fysisk, altså. Og det blir ein vane. Dermed oppdagar Cheryl noko ho i sitt intense alvor ikkje visste: At også vaksne leikar.

Lenge kjendest det som at absolutt alt kunne skje i denne romanen, men diverre blir forfattaren etterkvart litt for oppteken av å samle trådane.

Amerikanske Miranda July er mest kjend som regissør og skodespelar. Så det er ikkje overraskande at det er noko filmatisk avgrensa over det universet ho presenterer i romanen; alle som vert introdusert i starten blir vevd inn i plotet etter kvart. Dermed går alt litt for fint opp på ein måte vi vanlegvis aksepterer utan vidare i ein film, men som i ein roman kjennest konstruert. Spesielt er sluttscena ei så sukkersøt verkleggjering av ein dagdraum at ein kan lure på om det er ironisk meint.

Nye blikk
Men med det har eg også gjort meg ferdig med innvendingane. For dette er tydelegvis ikkje meint som psykologisk realisme, i staden er det komedie av det slaget som rykkjer ein ut av vanetenkinga. Julys måte å sjå og formulere verda på minner om poet og barnebokforfattar Gro Dahle; ho kombinerer det naive med det overraskande og innsiktsfulle på ein måte som ofte går på tvers av det konvensjonelle. Til dømes tenkjer ho dette etter å ha køyrd ein støyande firehjuling for første gong:

«Kanskje var dette en form for meditasjon. Jeg følte at jeg sto i forbindelse med alt, og volumet på motoren holdt meg på et nivå av årvåkenhet jeg ikke var vant til. Jeg fortsatte å våkne opp og så våkne opp fra det, og så våkne opp enda mer. Var alt rånete egentlig mystisk? Hva med skytevåpen?»

Dette er akkurat det eg ofte saknar i norske samtidsromanar: Det reelt overraskande, eit nytt og gjerne humoristisk blikk på det velkjende. Samstundes får July sagt mykje om dei haldningane einslege, barnaluse kvinner blir møtt med når dei når ein viss alder.

Omsetjar Johanne Fronth-Nygren ser ut til å ha halde seg svært nær den amerikanske originalen. Med unntak av eit par formuleringar som høyres tvilsame ut, fungerar det utmerka, og skaper tillit til at det originale ved Julys språk og syn på verda er tatt vare på.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: