Dorthe Nors: Kantslag

Dansk dynamitt: Dette er noveller du ikkje vil skal handle om deg; her blir blindsoner eksponert.

Dorthe Nors noveller er skarpe og glitrande isfjell som ligg tungt i vatnet; i tråd med klassisk novelleesteikk finn ein det meste av historia under overflata. Ta til dømes tittelnovella «Kantslag». Her sit Annelise i senga og lurer på kvifor ho alltid fell for valdelege menn. Etterkvart viser det seg at ho ikkje er aleine i senga, og at den kontemplative tonen hennar ikkje står heilt i stil med situasjonen. Nors imponerer stort med evna til å portrettere komplekse, sårbare menneske og deira meir eller mindre vellukka strategiar for å meistre livet når det blir vanskeleg.

Komikk og alvor
Novellesjangeren blir nettopp på grunn av det knappe og stilreine idealet assosiert med stort alvor; små augneblinkar som fangar opp og formidlar den eksistensielle tyngda av eit heilt liv. Dei 15 korte novellene i Nors samling lever opp til dette, men i tillegg har Nors ein uttrykksmåte som også viser komikken i alvoret og tidvis nærmar seg satiren. Til dømes når Annelise lurer på kvifor ho aldri har tatt det alvorleg når menn har advart henne om sine dårlege sider, og korleis ho umiddelbart fall for ein mann då han ærleg fortalde at han hadde temperament, var litt av ein feiging og ein dårleg far.

Det skal også temperament til for å skrive slik satire som Nors leverer i novella «Buddhisten». Her møter vi ein embetsmann som blir buddhist når kona går frå han – sidan buddhistane meiner ein vinn innsikt gjennom smerte. Jo vondare det gjer, jo klokare blir ein. Teorien blir utfordra når den nye religionen fører til ein del mindre kloke livsval basert på nyvunnen idealisme. Komikken er vellukka, men ein kan vel også lese inn påstander om manglande sjølvinnsikt med katastrofale følgjer. Her minner Nors om norske Nina Lykke og hennar skarpe skildringar i debutboka Orgien og andre fortellinger.

Men Nors skriv endå betre. Ho kan kunsten å fortelje historier med store dimensjonar gjennom utval av få, men talande situasjonar. Sjølv om stilen kan variere frå det nedtona vakre til det harselerande, er grunntonen mørk: Det å bli forlaten, eller å vere redd for det, er ein sentral tematikk, og symbolikken peikar mot vald og død. Som ein koffert med eit partert kvinnelik – eller husdyr som blir avliva.

Syre og medkjensle
Danmark har ein sterk novelletradisjon, og Nors skriv seg inn blant solide namn som Katrine Marie Guldager og Nordisk Råds litteraturpris-vinnar Naja Marie Aidt. Nors debuterte i 2001 og har sidan utgjeve til saman seks bøker. Kantslag kom ut i 2008, og er omsett til norsk av Pernille Rygg.

Rygg har lukkast godt med å overføre Nors særprega tone til norsk, ein tone som på uventa vis kombinerer varme og medkjensle med det syrlege. I novella «Andungen» viser det seg i korleis den kvinnelege forteljaren skildrar faren: Ein mann som likar at ting går ryddig for seg, og dermed forklarer døtrene at det er greit for ein gift mann å ligge med andre kvinner så lenge det ikkje er kjensler involvert. For å få det til å gå opp, må han sjølvsagt oversjå kjensler hos alle involverte kvinner, inkludert døtrene.

Nors både skarpe og subtile noveller sprenger seg inn til det viktige: Dei kjenslene som styrer oss, men som det er aller vanskelegast å setje ord på.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

One response to “Dorthe Nors: Kantslag

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: