Benedicte Meyer Kronberg: I beste mening

Stilrein einsemd: Benedicte Meyer Kronberg har eit skarpt auge for dei psykiske problema i velferdssamfunnet.

Min første tanke etter å ha lese eit par sider av Benedicte Meyer Kronbergs fjerde roman var: «Å nei, ikkje endå ein roman om ei hardt pressa småbarnsmor!» Det er noko med at alle ungar og foreldre i småbarnsfasen framstår som identiske, alle ungane er tunge og varme når dei blir løfta ut av senga, dei masar mest når foreldra er slitne, og foreldra misser tålmodet og får skuldkjensle. Det skal difor noko til å få ei litterær skildring av dette opp på eit interessant nivå, spesielt etter at Trude Marstein la lista svært høgt med den ubehageleg skarpsynte Plutselig høre noen åpne en dør i 2000.

Likevel, Marita Liabø klarte det i fjor med Pusteproblem, og Benedicte Meyer Kronberg klarer det med I beste mening. Det avgjerande er at hovudpersonen framstår som ein kompleks karakter som åpnar interessante perspektiv inn i psyken og ut i samtida.

Tredelt portrett
I beste mening er eit tredelt portrett av ei kvinne i tre stadier av livet: Helene som russ og ung student, Helene som heimeverande med to små, krevjande born i Oslo og Helene som nyinnflytta lærar i Sørlandsbygda kor ho budde som tenåring. «Kvinnen i tre stadier» er tittelen på eit maleri av Edvard Munch som også dukkar opp i romanen, det viser ungdommen i kvit kjole vend mot havet, den fullmogne kvinna i lidenskapeleg raudt og alderdommen som eit skjelett i svart kjole. Men det er den siste studenten Helene identifiserer seg med.

Gjennom hendingar som trass liten ytre dramatikk er skjelsetjande, får forfattaren fram korleis Helene slit med å bryte ut av ei grunnleggjande einsemd som grensar mot depresjon. Vi får vite at ho som tolvåring vart teken frå mora på grunn av omsorgssvikt og plassert hos fosterforeldre. Idet ho blir 18 år og myndig, er ho ikkje lenger deira ansvar, og sjølv om dei seier at ho alltid er velkomen, må det seiast, det er ikkje ei sjølvfølge.

Benedicte Meyer Kronberg markerte seg alt med debutromanen i 2010 som ein stilsikker og klok skildrar av liv i nærkontakt med psykiske problem. Ho har tidlegare skildra ei jente med bipolar mor, ein tenåring med eteforstyrring og ein familiefar med posttraumatisk stressyndrom. Likevel er både tidlegare romanar og årets roman meir enn tematiske utforskingar av diagnoser, det handlar også om det psykiske klimaet i samtida vår.

Subtil respekt
Det sterkaste med skildringa av Helene er at ho ikkje framstår som eit menneske ein synes synd på, men eit det er mogeleg å identifisere seg med, trass ulik livserfaring. Forfattaren teiknar bilete av ei kvinne som desperat treng, men ikkje heilt klarer å vere emosjonelt nær andre, noko som manifesterer seg ulikt i ulike livsfaser. Samstundes skjer det ei utvikling; den vaksne Helene strevar, men det blir også klart at ho har oppnådd mykje. Kanskje er ho til og med nærare den kvitkledde kvinna i Munchs maleri enn nokon gong før, ho har arbeidd seg bort frå ein mørk barndom og mot noko lysare.

Benedicte Meyer Kronberg er ein av dei mange gode forfattarane i Noreg som enno ikkje har nådd eit stort publikum. Noko av årsaka er nok at ho har valgt det subtile og stilreine uttrykket og unngår det dramatiske og sterkt kjensleladde, ikkje heilt ulikt Merethe Lindstrøm. Eg synes nok at skildringa av depresjonen som rammar Helene som einsam student kunne hatt godt av større emosjonell intensitet. Likevel gjer boka inntrykk, ikkje minst ved å formidle respekt for dei eksistensielle kampane mange utkjempar i det stille.

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: