Victoria Durnak: Torget

Ting i tida: Victoria Durnak skriv underfundig om å vere ung i eit tid der det er overskot på ting, men underskot på fellessskap.

Etter ein krangel gir ei ung kvinne gir bort ein plakat kjærasten er veldig glad i. Då ho angrar, men ikkje lukkast med å få plakaten attende, slår ho opp med kjærasten, som har blitt så rar i det siste. Ho har eige gartnerfirma, men i mangel på oppdrag og anna arbeid tar ho til å kontakte menneske som vil gi bort noko via Finn.no, og tilbyr seg å levere vara til mottakaren. Gratis. Samstundes fantaserer ho uavbrote om menneska ho møter, gir dei namn og forhistorier som blir så verkelege for henne at ho av og til spør dei korleis det går med kona, til dømes, utan å vite om dei har ei kone.

Fragmentert samtid
Victoria Durnak (f. 1989) er kunstutdanna forfattar med to diktsamlingar, ein boksingel og ein roman på CV’en frå før. I Torget finn ein igjen eit karakteristisk trekk både frå hennar eigne tidlegare bøker og forfattarkollegaer frå same generasjon; ein hang til å skildre verda gjennom oppramsing av ting, hendingar og replikkar snarare enn å sy saman drivande narrativ og kjensletolking.

Ei slik tilnærming verkar formmessig enkel, her er det ikkje mange såkalla «gode setningar» å smatte på. I staden kan ein seie at forma mimer det fragmenterte i ein kvardag full av googling og kjappe samtalar via SMS eller sosiale medier, der det å lage seg mat og handtere eignelutane sine i praksis tar mykje av den merksemda som blir att. Det blir fleire rastlause rørsler og skiftande impulsar enn sjølvgranskande tankar.

Hovudpersonen Elin gjer det til eit prosjekt å bytte til seg eit fotoalbum ho kjem over som inneheld barnebilete av venninna hennar. Eigaren vil ikkje ha pengar, ho må finne ein ting han vil ha. Plottet framstår som konstruert og løysinga på det gåtefulle kjem uengasjert og raskt.

Lause agentar
Imidlertid speglar skildringa av Elin og kjærasten aktuelle trekk ved tida vår på ein måte som bind Noreg saman med det meir kriserama Sør-Europa: Det viser seg at begge har vore utan arbeid og har prøvd å halde seg verksame og nyttige i augene til folk rundt seg. Einsemda og smerta i å ikkje ha ein stabil fellesskap rundt seg kjem først indirekte fram, men begge har gradar av psykiske vanskar.

Påfallande er det også kor lita rolle familiane deira spelar. Og det er trist, men vanleg, at dei to som skulle ha støtta kvarandre, glir frå kvarandre når livet blir vanskeleg. Dermed går assosiasjonane til sosiologen Émile Durkheim og hans påstand om at svekt fellesskap vil skyve individet mot meiningsløysa og det han kallar det anomiske sjølvmordet.

At tinga i boka blir påskot til å få kontakt med andre, kan ein lese som kritikk av forbrukarsamfunnet, men eg trur ikkje det er eit sentralt poeng. Eg trur snarare Durnak vil ha fram det tomrommet tinga både representerer og delvis fyller, det som oppstår når ein ikkje heilt veit kva ein vil, kva ein treng og kva ein skal gjere for å få orden på livet sitt. I det minner romanen om debutantprisvinnar Amalie Kasin Lerstangs roman Europa, som også handla om ei ung kvinne i drift mot ei usikker framtid.

Det er ein sterk generasjon av unge, kvinnelege forfattarar på veg. Sjølv om Victoria Durnak ikkje uten vidare peikar seg ut som ein favoritt, er ho definitivt verd å følgje med på.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: