Josefine Klougart: Om mørke

Litteratur i mørke: Josefine Klougarts fragmentariske tekst hamnar i eit intellektuelt og estetisk dødvatn mellom forteljing og poesi.

I Danmark raser for tida ein litterær debatt utløyst av doktorgradsstipendiaten Mette Høeg som påstår at «Dansk litteratur lider under kvindelig dominans». Nærmare bestemt skal forfattarstudia vere dominert av kvinner fordi kvinnelege autoritetspersonar har ein feministisk agenda, medan dei mannlege gjerne vil kome i kontakt med unge, pene kvinner. Ein av forfattarane det blir sagt skriv sjølvbiografisk på eit vis som er performativt, sjølvforelska og samfunnsmessig irrelevant, er Josefine Klougart.

Og her sit altså eg med Om mørke av Klougart, og kjenner det svært problematisk at eg ikkje likar boka. Høeg representerer ikkje eit syn eg ønskar å bli teken til inntekt for.

Verken god eller viktig
Om mørke er mitt første møte med Josefine Klougart, som har vore ein litterær sensasjon heilt sidan ho vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for debutromanen frå 2010, Stigninger og fald. Ho har blitt samanlikna med Virginia Woolf, men sjølv om dei dvelande skildringane av ting og natur kan gi slike assosiasjonar, manglar Klougarts tekst både Woolfs autoritet, tankekraft og stilsikre språk.

Om mørke slår meg verken som spesielt god eller viktig. Boka består av 300 sider med korte tekstar og fragment som formidlar sansingane og tankane til ein uidentifisert forteljar. Setningane er ofte ufullstendige og manglar subjekt, metaforane er mange, og det er også formuleringane om livet: «Taket som ryggen av et dyr som smyger seg langs gulvet. Den dobbelte bevegelsen. (…) Å ikke fokusere på noe gir tingene mulighet til å stå tydligere fram.» Spørsmålet blir kvifor det er viktig å skildre akkurat desse inntrykka?

Språk for psykisk mørke
Teksten kan vere eit forsøk på å finne språk for eit psykisk mørke: Når kjensla av å vere eit «eg» nesten forsvinn og verda blir redusert til ei rekkje sanseinntrykk og tankar tyngde av meiningsløyse og sorg. Det sentrale er blikket og stemma, ytre inntrykk blandar seg med kjensler, minner og fantasiar på ein måte som gjer teksten lukka om seg sjølv.

Ein tekst så blotta for historie krev stort tålmod. Når det i tillegg kan vere vanskeleg å sjå samanhengen mellom ei setning og den neste, vert det nesten umogeleg å halde på konsentrasjonen. Etter å ha vore gjennom boka har eg ingen idé om kven eller kva eg akkurat har lese om. Det var kanskje noko om kjærleikssorg eller sjukdom – eventuelt begge delar?

Riktignok byr Klougart på ein del fine poetiske bilete: «Soldaters språk er kort, ordene stopper brått som hester foran en avgrunn.» Men ofte opplever eg språket som tomt, det gir meg ingen tankar. Somme setningar er så uklare at dei kan bety kva som helst eller ingenting: «… man har følelsen av at alt nærmer seg hele tiden, men man kunne også påstå det motsatte. Og også det vil være sant.» Javel?

Eg vil ikkje kalle Klougart sjølvforelska, for det er ein upresis karakteristikk det er lettvint å kaste ut og vanskeleg å forsvare seg mot. Forfattarar har alltid brukt seg sjølv som litterært materiale, til stor glede for lesarane, og det er irrelevant kor fascinert ho måtte vere av seg sjølv. Det avgjerande er om forfattaren klarer å formidle verda i eit språk som gir gjenklang eller skaper noko nytt i lesaren. Mitt problem med Om mørke er verken det sjølvbiografiske eller emosjonaliteten, men at teksten hamnar i eit intellektuelt og estetisk dødvatn mellom forteljing og poesi som verken engasjerar eller pirrar språksansen.

Boka er omsett av Trude Marstein.

Meldinga er tidlegare publisert i Dag og Tid. Det følgjande er skrive for bloggen:

Sjølvforelska eller ikkje?
Debatten Høeg utløyste aktualiserer ei problemstilling som opptek meg: Kva avgjer om vi oppfattar sjølvbiografisk litteratur som pinleg, sjølvforelska og irrelevant eller modig og viktig? Å knyte alt det negative ved autofiksjonstrenden til kvinnekjønnet slik Høeg gjer, er eit gufs frå fortida og dessutan uforståeleg upresist med tanke på at dei mest omtala sjølvbiografiske forfattarane i Norden dei siste åra er Karl Ove Knausgård og Yahya Hassan.

Mange vil nøye seg med å seie at den litterære kvaliteten er det avgjerande for om det sjølvbiografiske framstår som sjølvforelska eller ikkje. Men utan nærmare forklaring er det eit svar som fort endar i sirkelargumentasjon: Dette er dårleg fordi det er sjølvforelska, og sjølvforelska fordi det er dårleg. Medan ei anna bok med liknande innhald ikkje er sjølvforelska fordi teksten er litterært god. (Dette var eit sentralt tema i debatten mellom Olaf Haagensen og meg i Morgenbladet tidlegare denne våren.)

Carina Elisabeth Beddari gir ei meir utdjupande forklaring i Vinduet 1/2015. I artikkelen «Et språk for selvprøvelse, et annet for selvtrøst», vurderer ho Geir Gulliksens siste diktsamling Ung trost klokken fem om morgenen i en brusende alm. Et dikt fra januar til september og Anne Helene Guddals første: Også det uforsonlige finnes. Gulliksens tekst er den som blir oppsummert som «selvtrøst», og etterkvart får han også den lite flatterande merkelappen «selvhenført». Grunngjevinga er at det som skal vere utforskande framstår som uklart, han fortaper seg i eigne indre nyansar og nyttar ytre referansar som staffasje. God litteratur, som Anne Helene Guddal her blir representanten for, koplar derimot saman tradisjon og samtid, privat og offentleg på eit vis som gir den eksistensiell relevans for lesaren. Beddaris artikkel er klargjerande, og forklarar langt på veg kvifor «selvhenført» ikkje berre er eit moteord i norsk kritikk, men nærmast har blitt eit eige vurderingskriterium no som det sjølvbiografiske har blitt så vanleg i litteraturen.

Tue Andersen Nexø, dansk litteraturforskar og kritikar, sa noko som går inn på det same under Kritikerseminaret på Lillehammer 28. mai, sjølv om problemstillinga då ikkje var kvalitetsvurdering, men korleis den sjølvbiografiske litteraturen er kopla til ein trend mot meir politisk litteratur. Det er når forfattaren skildrar menneska rundt seg og relasjonen til desse, at det verkeleg tar fyr i den sjøvbiografiske litteraturen, hevda Andersen Nexø. Dette viser seg mellom anna ved at det er slike skildringar som har skapt etikkdebatt om bøkene til alt nemnde Knausgård og Hassan.

Dermed peikar Andersen Nexø på det same som Beddari: Litteraturen må på ein eller måte vere sosial, nærme seg det som bind menneske saman, om den skal bli oppfatta som viktig. Men eg synes ikkje «sjølvforelska» eller «selvhenført» er gode karakteristikkar for litteratur som ikkje lukkast med dette. Orda gir assosiasjonar til forfattaren og det sjølvbiografiske som tema snarare enn til den litterære utforminga, sjølv om det kanskje ikkje var meint slik. Då er det betre å vere konkret på kva ein ikkje synes er godt i teksten.

Om det er ein ting aktuell litteraturdebatt har mint meg på, så er det at fokus på sak og språkleg presisjon er heilt essensielt om offentleg meiningsutveksling skal føre til noko anna enn opphausing av eksisterande fordommar.

Advertisements

2 responses to “Josefine Klougart: Om mørke

  • Marita (@maritanesnah)

    Du formulerer mange av de tankene jeg hadde etter og ha lest «En av oss sover». Jeg liker hvordan Klougart presenterer følelser og tanker som noe nesten stofflig – men blir irritert når jeg møter setninger som ikke gir noen mening. Jeg husker at jeg på ett eller annet sted i den boka ble sittende og lure på om hun snakket om en mann eller tre ulike.

    • MRG

      Fint å høyre! Eg lurte på det same som du for denne boka også, altså om det var snakk om éin eller fleire menn. Eg prøvde å lese «En av oss sover» for å sjekke om eg likte ein meir tradisjonell roman betre, men støtte raskt på dei same irritasjonsmomenta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: