Ariana Reines: Cæur de Lion

Sjølvbiografisk pønkpoesi: Ariana Reines revitaliserer poesien ved å utfordre skiljet mellom godt og dårleg, privat og politisk.

Cæur de Lion er namnet på ein billig camembert som eg ofte et til frukost. Det er også namnet på ei diktsamling av Ariana Reines som kom ut i USA i 2007. Ifølgje Samlaget, som no utgir ei nynorsk gjendikting gjort av poet Anna Kleiva, vart boka raskt ein kultklassikar med stor innverknad på samtidspoesien. Teksten verkar først platt, så blir den betre og betre.

Reines er knytt til utgjevar- og kunstnarmiljøet Semiotext(e) som på den politiske venstresida kombinerer aktivisme med kunstprosjekt, kunstkritikk og filosofi. Karakteristisk er kombinasjonen av akademisk teori med undergrunnskultur i ein estetikk som blandar «høgt» og «lågt». Det er nettopp det Reines gjer når ho skriv ein slags sjølvbiografisk pønkpoesi som blandar banning, sex, flaue kjensler og høgkulturelle referansar.

Fitte og hjarte
Kvifor valgte forfattaren ein slik tittel? Vel, det handlar mellom anna om fitte som luktar ost og «den merkelege kroppslegheita / i ost; gjæra greier, at dei er meir / urovekkjande dyriske, på eit vis / enn dyrekjøt». Dermed vert osten bilete på det ufråkomeleg biologiske grunnlaget for kjærleiken, samfunnet og litteraturen, og det flaue, men like ufråkomeleg sterke i trivielle kjensler som kjærleikssorg eller eit morskompleks. Cæur de Lion, fransk for «løvehjerte», er også ein referanse til kong Rikard Løvehjarte, korsfararen kjend for sitt militære mot. I krig og kjærleik, altså. Og i poesien: Alt er lov.

Ein kan spørje seg kva som eigentleg skiljer poesi frå prosa når eit dikt byrjar slik: «Du driv og skriv ei bok som heiter Mein Kuk. / Den handlar om romansen din / med ein telefonsexseljar, mellom anna.» Bruken av munnleg kvardagsspråk er typisk for boka, og teksten verkar først som ei rekkje klisjear frå det mykje skildra kunstmiljøet i New York, det er som om eg høyrer ei frå TV-serien Girls fortelje om jobben på kunstgalleriet på Manhattan og kven ho har vore til sengs med.

Likevel er det sentrallyrikk: Eit lyrisk eg vender seg mot fortida og eit «du», mannen som gjorde henne til «den andre kvinna». Det er velkjend, men likevel langt meir komplisert enn ein først trur, ikkje ulikt bakteriefloraen som mognar osten eg et til frukost, litt frå dag til dag.

Konseptuelt brot
Jon Fosse ser poesi, ikkje som ein sjanger, men som ein kvalitet ved det litterære språket, det som gjer språk til kunst. Og kvar kunstnar har sitt unike språk, seier han i samtale med Eskil Skjeldal i boka Mysteriet i trua.

Og det er nettopp den unike stemma som gjer Cæur de Lion til poesi. Men det unike ligg ikkje i ordvalet, snarare i måten teksten hentar kraft frå det konseptuelle brotet med forventinga til poesisjangeren. Reines vågar å skrive trivielt, men gjer det på ein intelligent måte. I det minner ho om Nils-Øyvind Haagensen, som også skriv slentrande og hudlaust på ein gong.

Eit høgdepunkt i boka er diktet «Det fins mange / typar overføring / mellom menneske. / Kraftigare greier enn setningar.» Ved å ta for seg ordet «Du» og alt det representerer sosialt og i språket, nærmar Reines seg dei store spørsmåla i litteraturen, som relasjonen mellom språk og røynd, språk og tid. Men også korleis «du» blir utnytta kommersielt. Tiltalen blir ein manifestasjon av ei spenning som går gjennom heile boka: Konflikten mellom trongen til fridom og trongen til å bli fanga av kjærleiken. Slik utvidar Reines perspektivet frå det private til det politske og eksistensielle.

Anna Kleivas gjendikting til nynorsk ber preg av at dette er ein tekst det er vanskeleg å rive laus frå det karakteristiske i amerikanske vendingar. Samstundes er utgjevinga mest av alt ein introduksjon av Reines til eit norsk publikum, noko som vert understreka av eit informativt etterord av Kleiva samt eit intervju med forfattaren. Då er det ikkje så nøye om ei humoristisk formulering som «Det gjorde henne veldig ambisiøs i følsamheita si» kling rart på nynorsk.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Ariana Reines: Cæur de Lion

  • Signe

    Denne las eg og for ei tid tilbake. Eg måtte jobbe litt med den sjølv, språket er direkte, og eg er litt allergisk mot nokre av uttrykksmåtane – og eg vart overraska over meg sjølv medan eg haldt på. Det direkte språket provoserte meg aldri (noko som i og for seg provoserte meg litt…), men somme gonger skildra det vemodet veldig godt – og eg likte veldig godt forvirringa mellom då og no. Det var ofte vanskeleg å skjøna «kor» i brotet ein stod, og for meg tydeleggjorde det sårheita for meg. Litt for lite pønkete, og til tider litt for platt, men ei god oppleving.

    • MRG

      Ja, eg var også litt overraska over kor godt eg likte boka til slutt, var skeptisk i starten. Men eg synes boka er rå og direkte på ein god og intelligent måte.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: