Lena Andersson: Uten personlig ansvar

Hjernebrann: Elskarinna er hjernehelt i Lena Anderssons sylskarpe tragikomedie

Det er stor sjanse for at det mest tragiske elementet i eit kvinneliv handlar om menn: Det er omtrent like vanskeleg å leve med som utan. Å halde på draumen om den store kjærleiken kan dermed bli ei utfordring av bortimot heroiske dimensjonar. Svenske Lena Andersson fekk sitt store, litterære gjennombrot med skildringa av den kompromisslause kjærleiksjakta til Ester Nilsson i Rettsstridig forføyning, og no kjem oppfølgjaren Uten personlig ansvar. Det er grunn til å glede seg!

Tydeleg møter utydeleg
Alt i innleiinga vert vi mint på kvifor Ester Nilsson er ein hovudperson ein berre må elske, sjølv om mennene i livet hennar ikkje like enkelt lar seg vinne:

Vedrørende kjærligheten hadde hun vært i full og ubrutt aktivitet uten å pådra seg hemmende lærdommer; nærmere bestemt mente hun at lærdommer av det slaget alltid måtte avveies mot risikoen for lede og tristesse, et passivt liv styrt av redsel for avvisning og fiasko.

Men etter fiaskoen med Hugo Rask (førre roman), bestemmer ho seg for å unngå misforståingar på første date med den gifte skodespelaren Olof Sten: «Jeg vil dele livet mitt med deg.» Sånt seier ein jo berre ikkje, men nettopp der ligg både latteren og relevansen; her er det berre å lene seg attende og lære av Esters feil.

Men det er ein veikskap ved første del av teksten at lesaren ikkje får eit tydeleg bilete av Olof. Det gjer det vanskeleg å leve seg inn i kvifor Ester får så sterke kjensler for ein mann som verkar usympatisk og nesten dum. Ei stund verkar det også som om romanen ikkje har så mykje å tilføre historia i den første romanen, svært raskt kjem vi inn i kjende mønster; at mannen gir sterkt motstridande signal som Ester tolkar med desperat velvilje. Dermed spør ein seg kva resten av boka skal handle om, vil det ikkje bli keisamt når forteljaren heilt frå starten gjer det tydeleg at dette ikkje kjem til å ende bra?

Svaret viser seg å vere nei, og spenninga knyter seg til korleis det uunngåelege oppgjeret vil arte seg. Andersson rører seg også inn i nytt landskap samanlikna med den kortvarige affære i førre bok: Dette blir ei historie om elskarinner som vert haldne på gras i årevis av gifte menn. Det skal visstnok vere eit velbrukt og klisjéridd emne, men sjølv kan eg ikkje hugse sist eg las ein roman om det.

Kombinasjonen av lakonisk humor og analytiske evner er altså like stimulerande som før, ikkje minst gjer Andersson det tydeleg at humor ofte er basert på gode analyser som gir nye perspektiv på det kjende. Eit godt døme er når ho brukar to tannhjul som metafor på kjærleiken; dei finn si ibuande meining når dei møtest og driv kvarandre fram. Så punkterer romantikken på ei enkel konstatering: «Dessverre fungerer også tre, mekanisk sett fungerer det til og med utmerket.»

Karakterbrist, kor og katarsis
Sidan Ester Nilsson er lynande intelligent utan at det hjelper henne det minste i kjærleiken, kunne ein kalle henne ein hjernehelt av tragiske dimensjonar. I greske tragedier er det nemleg slik at helten blir ramma av ulukke fordi han har ein karakterbrist, ofte i form av hovmod eller overmot. Ester Nilssons evne til å analysere erfaringane sine blir også veikskapen hennar: Ho tar ikkje elskaren på ordet sjølv om han stadig gjentek at han ikkje kjem til å forlate kona.

Ho meiner å skjøne kva som foregår i Olof betre enn han gjer sjølv. Det er meir enn blind forelsking, det er intelllektuelt hovmod, og resultatet er sjølvsagt at ho oppfører seg like dumt som alle andre. At kjærleiken trur alt, håpar alt, toler alt er ikkje sant, men ei kraftig forelsking held ut forbausande mykje, ikkje ulikt influsensaviruset som gjekk i vinter.

Eit anna drag av gresk tragedie er koret av venninner som diskuterer og gir råd. Dei gir Ester både motstand og støtte, men illustrerer også kor vanlege erfaringane hennar er og kor mykje energi som blir brukt både privat og sosialt på at tidlegare samlivsnormer vert underlagt psykologien og romantikken. Katarsisen kjem når Ester til sist har analysert og lidd nok til å setje strek, og det med ei drepande presis diagnose av Olofs person og oppførsel. Dermed sit både Ester Nilsson og lesaren reinsa attende. Feide og pynta for nye demonar.

Romanen er omsett av Bodil Engen.

Ein litt kortare versjon av teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: