Hallgrímur Helgason: Kvinnen ved 1000°

Tatt av mannen: Hallgrímur Helgasons skildring av kvinner i krig er meisterleg, men den største styrken ligg hjå kvinna som har gitt han historia. 

«For mennene var krigen over, for oss kvinner var den akkurat begynt.» Krig og valdtekt høyrer saman, men fred betyr ikkje at valden stoppar. Kvinnen ved 1000° er mest av alt ei historie om kor farlege menn er for kvinner, både på den eine og den andre måten. Sjølv om Hallgrímur Helgason fortel om det dramatiske livet til éi islandsk kvinne, er boka full av påstander som skaper refleksjon om levekåra for kvinner i eit vidare perspektiv.

Romanen var nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2013, og det var tredje nominasjon for den feira forfattaren og biletkunstnaren Hallgrímur Helgason. Eg har ikkje lese vinnaren det året, men det er vanskeleg å akseptere at det ikkje var Helgason. For dette er definitivt ei bok i nordisk særklasse. Det både burleske og poetiske språket minner også om dei tre siste islandske vinnarane av Nordisk råds pris: Einar Már Guðmundsson, Sjón og Gyrðir Elíasson, men Helgason overgår etter mi meining dei to sistnemnde. Silje Beite Løken skal også ha ære for ei særs god omsetjing.

Absolutt ikkje Facebook
Det er ei ram og rå kjerring vi møter som forteljar. Ho har bastante meiningar om det meste, spesielt Islandsk historie. Det islandske flagget omtalar ho som «en sønderpult spermutklint blodig fitte, omringet av fire blåmerker» (for alle små land blir ifølgje henne valdtekne av nabolanda). Dermed går det på ein måte an å skjøne kvifor ho, etter å ha levd nesten to tiår med «terminal» kreft, på sitt siste er forlaten av all familie, visstnok fordi ho har vore meir oppteken av elskarane sine enn av sønene.

Men ho har lært seg både å bruke sosiale medium og å hacke seg inn i epostkontoar for å lage problem for svikefulle svigerdøtre. Og mellom besøka frå hjelpepleien og det ho kallar sin daglege Via Dolorosa til toalettet, underheld ho seg med å forføre menn i fjerne verdsdelar ved hjelp av gamle profilbilete. Biletet av Herbjörg Maria Björnsson blir imidlertid langt meir nyansert etterkvart som skjebna hennar kjem fram. Det er ikkje utan grunn at hennar kjæraste eignelut er ein handgranat frå krigen.

Forfattaren understrekar at dette er ei dikta forteljing med utgangspunkt i reelle skjebner,men mykje tydar på at både historia om og stemma til hovudpersonen ligg nær originalen. Ein nettsøk førte meg til Björnssons Facebook-side med bilete og tekst som byggjer opp under den litterære framstillinga. I ei satusoppdatering frå 2011 fortel ho, på tysk, at ho les siste korrektur på boka om livet sitt. Og det er, som ho slår fast, «überhaupt kein Facebuch».

Tusen grader, tusen bitar
Björnssons farfar var Islands første president. Mora var av slitesterkt øybuararmerke. Faren melde seg friviljug for å kjempe for Tyskland i 2. verdskrigen, og dermed bestemte han også skjebna til dottera. I 1942 kom ho bort frå foreldra i Hamburg, og resten av krigen, frå ho var 12 til ho var 15, måtte ho klare seg sjølv.

Forfattaren let Björnsson veksle med å fortelje om notida i 2009, kor ho ligg for døden i ei sjukeseng i ei garasje (!) i Reykjavik, og viktige hendingar tidlegare i livet. Slik alt eksisterer samtidig i minnet til den som fortel, og det som har skjedd sidan påverkar korleis ein ser det som har skjedd før, drar desse hoppa i tid liner gjennom livet, samstundes som biletet for lesaren ikkje er komplett før dei siste dramatiske hendingane er avslørt. Dramaturgien er elegant, og tragedien blir lettare å ta inn over seg når den vert servert i små, ramsalte porsjonar.

Tittelen viser konkret til temperaturen i ein kremasjonsovn, den døyande kvinna er nemleg ikkje meir skvetten enn at ho sjølv ringer krematoriet og bestiller tid då ho kjenner slutten nærme seg. Men temperaturen er også bilete på intensiteten i livet hennar, dramatikken og ikkje minst den stormfulle kjærleiken. Hennar «tusen graders» kjærleik var ein krigstrøytt SS-offiser. Dei fekk to dagar og ei natt saman før han vart skoten, men: «Kjærligheten er målt i grader og ikke i minutter». Deretter blir det berre verre.

I påskeferien høyrde eg tilfeldigvis Bjørn Aufzelius versjon av visa Tusen bitar, og den vart difor lydsporet for denne boka for meg. For kva skjer med eit menneske som får hjartet knust om og om igjen? Vel, i beste fall kan ein bli eit råskinn av ei bestemor med evne til «att se skilnad mellan sanningar och lögner».

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

2 responses to “Hallgrímur Helgason: Kvinnen ved 1000°

  • Pia

    Flott omtale av bok jeg noterer meg. Det er farlig å lese bokblogger i føreksamenstid … Jeg liker godt islandsk litteratur og denne virker å overgå det jeg tidligere har lest 🙂

    • MRG

      Takk for det! Ja, den var verkeleg sterk. Noko eg ikkje fekk skrive så mykje om, var humoren og den erotiske oppvakninga til hovudpersonen. Det er jo ikkje berre den fysiske styrken som gjer mannfolk farlege … Lukke til på eksamen! Trur denne boka vil funke bra for å få tankane over på noko heilt anna 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: