Sara Stridsberg: Beckomberga. Ode til min familie

Himmel over galskapen: Sara Stridsberg skriv fram smerte og håp i ein stil som er meir dempa enn før, men framleis desperat vakker.

Mitt første møte med Sara Stridsbergs særeigne stil var sjokkarta, eg hadde aldri før opplevd litteratur som ein så valdsam kollisjon mellom rått og ømt. Ho debuterte i 2004, men eg oppdaga henne først i 2008. Då hadde ho fått Nordisk Råds litteraturpris for romanen Drömfakulteten, som tok utgangspunkt i livet til Valerie Solanas. I Darling River (2010) syntes eg forfattaren tok stilen for langt mot estetisering av håplaust elende, men somme scener hadde ein intensitet som gjer at eg framleis hugsar dei. Med Beckomberga har Stridsberg funne eit meir dempa uttrykk som kombinerer det særeigne, poetiske språket med forsoning og håp. Og det altså i ein roman som skildrar møtet ein dysfunksjonell familie fekk med det no nedlagte psykiatriske sjukehuset Beckomberga.

Ærleg og kjærleg
Undertittelen Ode til min familie gjer det naturleg å lese boka sjølvbiografisk, noko Stridsberg har bekrefta i intervju. Eg-forteljaren Jackie ser attende på perioden då den alkoholiserte faren Jim var innlagt på Beckomberga på grunn av depresjon og sjølvmordsforsøk, men vi får også glimt frå eit notidsplan der ho lever aleine med sonen Marion.

Vi høyrer om farmora som tok sjølvmord, noko Jim aldri kom over. I alderdomen planlegg han sitt eige sjølvmord, og vil at dottera skal vere der når han går på sjøen. Jackies mor Lone var fotograf og ofte på reise, men framstår likevel som eit trygt punkt i livet, ei som ser dottera og har tillit til at ho klarer seg. Slik representerer Jackie, og Stridsberg, håpet om at det kan kome noko godt av andres dyrkjøpte erfaring.

Gjennom å skildre omsynslaust ærleg, men kjærleg, klarer Stridsberg å vise kva ei kvinne som har vakse opp med ein fridom på grensa til omsorgssvikt har fått som andre, meir priviligerte barn sjeldnare erfarer: Venskap og empati med menneska på botnen og blikk for det vakre i det sjuke og mislukka.

Dette blikket gjer møta med dei innlagde sterke. Ekstra rørande er dei korte scenene med «Den siste pasienten (Olof)». Han levde det meste av livet sitt på Beckomberga, men tok sjølvmord etter at nedlegginga av sykehuset tvang han ut i samfunnet igjen i 1995. Samtalar han har med overlegen før utskrivinga viser ein uendeleg sårbar mann, og under skildringa ligg ein kritikk av psykiatrireformen som sende slike som han frå ein kjend fellesskap til eit liv i einsemd med berre pillar til trøyst.

Det vonde og vakre
Som i dei føregåande romanane skaper Stridsberg ei melankolsk undergangsstemning gjennom skildringar av lufta og himmelen: «Det står en duft av grav over området, skyene er gallefargede, istykkerrevne syke strimler.» Då eg blei merksam på den stadige bruken av sigarettrøyk, solnedgangar og adjektivkonstruksjonar som «døsig og illevarslende og dunlett» kveldslys, blei det litt vanskelegare å fortape seg i den litterære magien, bileta tok til å likne ein serie nostalgiske Instagram-foto med «elda» fargar for dramatisk effekt. Det er knapt ei innvending mot teksten, kanskje snarare uttrykk for yrkesskade hos underteikna. Men Stridsberg balanserer på ein knivsegg her, det hadde ikkje skada om nokre av alle dei ulike himmelsjatteringane var erstatta med fleire replikkar som denne: «Hvis du tviler, skal du gjøre det modige.»

Eg er uansett fan, Stridsberg er unik i Norden. Skal eg samanlikne henne med nokon, må det bli Marguerite Duras. Lolita-motivet som ein finn i både Beckomberga og Darling River minner spesielt om Elskeren og Demning ved stillehavet. Sams er også den eksistensielle laddinga i det poetiske språket, nostalgien og den kompromisslause sympatien for dei svake i samfunnet. Begge gjer det så tydeleg: Livet gjer vondt, men det kan vere vakkert likevel.

Romanen er omsett av Monica Aasprong

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: