Øystein Orten: Risp i berget

Historisk tverrsnitt av sunnmørsbygda: Øystein Orten kombinerer humor med historisk kunnskap, men utmerkar seg ikkje som novellist.

Øystein Orten utgav den gode historiske romanen Rasmus Rebellen i 2013, året då den tradisjonelle, historiske romanen møtte motbør frå sjølvaste Dag Solstad. No utgir han ei samling noveller der handlinga ofte er lagt attende i tid. Tekstane er ordna kronologisk, slik at den første fortel om livet på ein gard i Vikingtida og den siste om daglegliv i vår tid. Sams for alle tekstane er at handlinga er lagt til Sunnmøre, kor Orten også bur.

Traust stil
Tittelen, Risp i berget, kan ein tolke dit at tekstsamlinga til saman gjer eit snitt bakover i historia, ei slags oppsummering av korleis livet gjennom tidene har arta seg på dei smale landtungene mellom fjellet og fjorden.

Orten nyttar korthogne setningar som gjenskaper den trauste og beherska uttrykksmåten ein gjerne assosierer med bygda. Av og til med realistisk alvor, som i skildringa av 16-åringen Dagny som vert avretta, dømt for å ha drepe eit barn ho sjølv veit var dødfødt. Andre gongar med karakteristisk lågmælt humor, som i «Danselæraren og presten som sa fy»: Ein tilreisande, svensk danselærar skaper stor moralsk forarging i bygda, og det toppar seg med at ein maskert bande bryt seg inn på hybelen og dansar rundt han som villmenn. Spørsmålet vert om ein kan finne ut kva for misjonsorganisasjon dei kjem frå basert på stega og lydane dei lagar: Santalmisjonen, Zulumisjonen, Samemisjonen eller Muhammedanarmisjonen?

Sjangerblanding
Eg synes vel det er å tøye sjangeromgrepet å kalle boka ei novellesamling, snarare er det tekstar her av mange slag; frå korte forteljingar om historiske personar til korte stubbar av samtalar, dikt og tekstar som ikkje lar seg kategorisere. I «Kollekt» finn vi godt over hundre mannsnamn oppstilt i alfabetisk rekkjefølgje, følgt av dei to orda «Tok Havet». Ein enkel og verknadsfull illustrasjon av kor dyrt levebrødet kunne vere på desse kantane.

Boka inneheld også nokre meir tradisjonelle noveller. Den beste er «Songen om vinden og fjellet», ei fin og overraskande openhjartig skildring av ein eldre mann som ventar på døden på gamleheimen. Men alt i alt synes eg ikkje Orten heilt har grepet på den fortetta historieforteljinga ein gjerne ventar i ei novelle, han er bedre på humørfylte skildringar av karakteristiske særtrekk ved folk og miljø enn på undertekst.

Det eklektiske og sjangerbrytande ved boka minner mykje om Tomas Espedals Bergeners. Sjølv om eg ikkje syntes hans tekstar heller fungerte godt som noveller, opererer Espedal på eit anna stilistisk nivå som gjer at Bergens-skildringane også har blitt godt mottekne elles i Norden. Ei anna bok det er naturleg å samanlikne med, er novellekransen Berg brest av Arne Ruset (2013). Han skildrar også mørebygder i gamle dagar, men i eit poestisk språk og med ei psykologisk innsikt som løftar novellene til eit heilt anna nivå. Orten leverer mange gode historier, men lenar seg nok meir på gjenkjenning og historisk interesse hos lesaren.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: