Elena Ferrante: Mi briljante venninne

Suksessformelen: Mi briljante venninne er lettlesen og medrivande, men ikkje litterær eliteklasse.

Elena Ferrante er den nyaste litterære sensasjonen frå Italia, og ei lange rekkje kjende kritikarar og forfattarar har trykt henne til sitt bryst. Eller i alle fall bøkene hennar, forfattaren sjølv er av det sky slaget. At forfattarnamnet er eit pseudonym, at ho ikkje stiller opp til intervju og at det ikkje ein gong er sendt ut bilete av henne, har sjølvsagt skapt meir, ikkje mindre merksemd rundt forfattaren. No kjem den første boka i Napoli-serien hennar ut på nynorsk; Mi briljante venninne.

Intelligens og venleik
Boka har ei rekkje ingrediensar som sikrar at historia vert medrivande, om enn på ein noko tabloid måte: Lila er ei lynande intelligent jente frå ein fattig arbeidarfamilie i Napoli på 50-talet, full av trass og mot, men upopulær fordi ho både er rampete og arrogant. Men så utviklar ho seg til ei gnistrande vakker, ung kvinne – og det i ein bydel full av hissige og kåte unge menn –, kommunistar, skulelys og mafia om kvarandre. Historia er fortald av venninna Elena, som er djupt fascinert av Lila og den einaste som – gjennom iherdig skuleinnsats – nesten klarer å halde følgje med henne intellektuelt.

Skildringa av venskapen mellom dei to jentene viser kor viktig likevekt i sosial status er, og spesielt er det interessant å sjå korleis slikt som utsjånad og kjærestar blir viktigare når Lila ikkje får lov til å halde fram på skulen, som er det ho aller helst vil.

Likevel: Eg les i utanlandske artiklar og bokmeldingar for ein sensasjon denne forfattaren er, og så ser eg ned i teksten eg har framfor meg, og eg får det ikkje heilt til å stemme. Denne oppvekstskildringa frå eit fattig bymiljø, desse enkle setningane, er det verkeleg ei av dei aller beste bøkene som er utgjeve etter årtusenskiftet?

Evig oppvekstdrama
Av mange liknande litterært suksessrike oppvekstskildringar kunne ein nemne Engelen på det sjuende trinn av Frank McCourt, for ikkje å snakke om vårt norske bidrag: Knausgårds Min kamp 1-6. Men Mi briljante venninne minner meg spesielt om Det vokste et tre i Brooklyn av Betty Smith, utgjeve i USA 1943. Ho skildrar også oppveksten til ei bokleg interessert jente i eit fattig, katolsk bymiljø. Eg leitte fram boka, og gjensynet demonstrerte at bøker som er store suksessar i samtida, raskt kan framstå som litterært enkle for seinare generasjonar. Appellen ligg i den gjenkjennelege historia om alt som står på spel i oppveksten, ikkje i litterær estetikk eller nyskaping.

Mi briljante venninne er betre, men mykje er likt. Språket er ujålete og detaljert, forteljaren forklarer og reflekterer i staden for å la det vere opp til lesaren å tolke. I nynorsk språkdrakt framstår stilen som ganske ordinær, og i seg sjølv ingen grunn til å lese boka.

Det som derimot gjer historia god, er innblikket vi får i den fattige, patriarkalske italienske arbeidarklassen, og skildringa av korleis borna opplevde ei høgspent atmosfære dei ikkje kjende dei historiske årsakene til: «Vi sansa dei mørke utkantane, dei innestengde kjenslene som alltid var nær ved å eksplodere (…) Vi levde i ei verd der barn og vaksne ofte fekk skadar, frå såra kom det blod, det kom verk, og nokre gongar døydde folk.»

Framhaldet avgjer
I denne første boka, som altså tar for seg barndom og tidleg ungdom, legg Ferrante grunnlaget for dei seinare Napoli-bøkene som, om ein skal tru dei glødande omtalane, gjer heilskapen til eit mesterverk. Det kan godt vere at det stemmer. Men isolert sett kan eg ikkje seie at boka hevdar seg blant dei aller beste. Då ville eg heller ha leita fram oppvekstskildringane til Assia Djebar eller den djupt originale prosaen til Clarice Lispector.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

5 responses to “Elena Ferrante: Mi briljante venninne

  • fivrelden

    Alle omtalene gjør denne fristende å lese, men samtidig er jeg usikker på om den vil falle i smak hos meg. Takk for din vurdering 🙂

  • Marianne

    Jeg setter stor pris på nyanserte omtaler som denne. Nå har jeg ikke lest boka selv, men har fått med meg de stående ovasjonene. Da blir jeg (kanskje feilaktig, men likevel) spesielt skeptisk. Det som massene skryter opp i skyene pleier ikke ofte å passe for meg, av en eller annen grunn. God og gjennomtenkt vurdering! Fortsatt god påske 🙂

    • MRG

      Takk for det! Då er vi nok litt like der. Konteksten gjer alltid noko med lesinga, og eg har ofte trang til å gå mot straumen. Når det er sagt, har eg fått inntrykk av at Ferrante har skrive gode bøker, og at dei tidlegare kanskje er meir særprega enn denne. God påske du også!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: