Terje Sander: Daudmannaland

Ambisøs valdsfantasi: Intrikat og mørk fantasy med samfunnskritisk potensiale.

Ein skiten, forfallen by med konstant skydekke vert jamnleg ramma av stormar med giftig regn. Ein liten overklasse har forskansa seg med tenarskap i enorme borger, medan ingeniørane har blitt ein eigen kaste som styrer byens enorme kraftverk. Fattige arbeidarar døyr tidleg av slitet i enorme maskineri, medan religiøse grupper og kannibalske krigarar har skapt eigne samfunn i utkantane. Maten er laga av resirkulert biologisk materiale, og kvinner eig på ingen måte sjølv sin kropp. Slik er utgangspunktet for Terje Sanders debutroman Daudmannaland, og ein skjønar at her blir det vald.

Dogmatisk lagnadstru
«Ei sann historie» står det på tittelbladet til den 700-siders kolossen som sjangermessig plasserar seg ein stad mellom fantasy og science fiction. I fjor haust var det Lars Petter Sveen som påstod at Guds barn ikkje var ein historisk roman, men ein samtidsroman, sjølv om handlinga var lagt til Jesu tid. Eg veit ikkje om ein skal oppfatte slike utsegner som teikn på ei tillitskrise mellom forfattarar og kritikarar: Å finne ut kva nye romanar har på hjartet om si eiga samtid, er vel ei heilt sentral oppgåve for kritikken. Om kritikk berre var å telje «gode setningar» og setje karakter for forteljeteknikk, ville i alle fall eg gått lei for lenge sidan.

Men sjangerspørsmålet er alltid interessant: Den verda forfattaren presenterar i Daudmannaland kan like gjerne som ei framand verd vere vår eiga verd langt, langt fram i tid, for miljøet framstår som ei blanding av middelalder og høgteknologisk dystopi. Her finn du steinborger med fuktige fangekjellarar, men trylledrikkar og enhjørningar er erstatta med datateknologi der menneskeleg medvit og kunstig intelligens går inn i kvarandre. Elementa av science fiction er altså til stades, men vekta forfattaren legg på gamle spådomar og profetiane til ein «sjåar», gjer at eg likevel les boka som fantasy.

Den rolla lagnad har fått i handlinga formidlar ein fatalisme som forfattaren berre slår fast utan vidare argumentasjon. Dette er, saman med tidvis omstendelege utleggingar, det svakaste med boka. Men Sander har bygd opp eit spanande univers med ei god intrige og fleire interessante karakterar. Riktignok krev eit nesten 100 sider langt tillegg med detaljar om personar og historikk større fascinasjon for romanuniverset enn eg kan mønstre, men ambisjonane er det ingenting å seie på.

Tronespel
Boka verkar inspirert av George R. R. Martins romansyklus A Song of Ice and Fire, betre kjend i form av TV-serien Game of Thrones. Nye personar vert stadig introduserte, og maktspelet erstattar kampen mellom godt og vondt. Her er det ingen heltar i vanleg forstand, skiljet går i staden mellom dei mest intelligente og resten. Men ingen trygge, og ingen har kontroll når borgarkrigen først er laus. Ein lett SM-aktig valdsfascinasjon lar seg også spore, men at angstbearbeiding og underhaldning glir over i kvarandre, sa alt Aristoteles med omgrepet katharsis.

Appellen til fantasy ligg jo i kombinasjonen av mental flukt til ei heilt anna, litt enklare verd og i at den tilbyr ein allegori for tolking både av samtid og grunnleggjande eksistensielle spørsmål. Men der Tolkinens Ringenes Herre-trilogi har blitt lesen som allegori over 2. verdskrigen, skriv Sander inn i ei tid med mange og mindre eintydige fiendebilete, og han synleggjer ein lærdom frå mange pågåande konflikter: Når valden og våpena først er slepte laus, dukkar det stadig opp grupper med vilje og evne til hemn og maktkamp. På eit anna nivå kan ein lese Daudmannaland som ein påstand om at lagnaden til eit samfunn basert på stor ulikskap og utbyttting er eit rykande ragnarok.

Debuten lover likevel godt for ny, norsk fantasy. Men uansett kor mørk fantasien er, vil den alltid framstå som enkel og ukomplisert samanlikna med den verkelege verda.

Tidlegare publisert i Dag ogTid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: