Georg Johannesen: Høst i mars

Etter terrorismen som råka Paris i januar i år, er problemstillinga om kva som får folk til å bli terroristar høgaktuell. Georg Johannesen skreiv om dette alt i 1957 i romanen Høst i mars. Her er eit essay eg skreiv hausten 2011 etter terroråtaket 22. juli.

TIDSBESTEMT TERROR

I sommar leita eg fram att Georg Johannesens debutroman frå 1957, Høst i mars, som skildrar korleis ein gut utviklar seg frå forelska tenåring til attentatmann. Så kom 22. juli. Og samstundes med sjokket, sorga og kvalmen meldte spørsmålet seg: Kven er det som med kaldt blod drep så mange uskuldige? Eg vart medviten at den same tanken alltid dukkar opp når eg høyrer om sjølvmordsbombarar og terroristar: Slikt gjer berre dei som ikkje har noko å tape. Og eg hugsa at tanken vart danna då eg las Høst i mars for første gong. Men etter 22. juli verka forklaringa for enkel. Det var på tide å granske både romanen og mine eigne førestellingar om terror med nye auger.

Eksepsjonell debut Høst i mars er underleg vakker og poetisk til å handle om terror: ”Det er det at jeg har mistet deg og ikke en gang vet hva det betyr. Det ville være sinnssykt å skjønne at du ikke er her. Jeg kan naturligvis si at du er borte, men jeg hører at det er vanvidd, og så tier jeg.” Georg Johannesen stiller i ei særstilling blant norske forfatterar; sprenglærd, kritisk på grensa til urimeleg og alltid spissformulert. Han debuterte 26 år gammal, og det eksepsjonelle talentet var tydeleg; romanen er poetisk, fandenivoldsk, modernistisk polyfon samstundes som han treffsikkert analyserer samtida si.

Når vi først møter hovedpersonen Johan Liman, er han i ferd med å bli blind, og han har nett blitt med i terrorgruppa Du først. Men det er noko han berre sjå før det er for seint. Han reiser attende til byen der han sist såg Liv, og får sjå henne på gata. Dagen etter er han med på drapet av fire politimenn, ein norsk oberst og ein amerikansk general.

Det startar som ei klassisk, tragisk kjærleikshistorie: Tenåringane Johan og Liv møtest i skjul, ho blir gravid, og dei flyktar til København. Men mora og onkelen til Johan overtydar Liv om at ho og den ufødde sonen Anton vil øydeleggje Johans sjansar i livet, dermed tek ho abort og forlet han. Seinare endar ho på psykiatrisk avdeling.

Årsaka Er det difor Johan blir terrorist? ”Da jeg var levende, tok de Liv fra meg for å drepe meg. Og maskingeværet ligger i Leifs kjeller.” Slik ser Johan sjølv på det, og om morda han er med på, seier han: ”På betingelse av at Anton lever er dette en forbrytelse.”Overgrepet han har vore utsett for, gjer at vanleg moral ikkje lenger gjeld for han. Men idet attentatet er fullført, blir Johan blind. Har han, biletleg tala, latt seg blinde av si personlege tragedie?

Kanskje er det likevel ikkje tapet av Liv og Anton aleine som gjer Johan til terrorist. Alt medan Johan og Liv framleis er kjærestar, seier Liv til han: ”Men du har lyst til å dø. (…) Forresten har alle gutter lyst til å dø. Hilda sier det kommer av krigen.” Ein gong snakkar ho om kva som vil skje om dei blir tvinga frå kvarandre: ”Jeg ville gå i tusen deler og ikke vite hvilken som var meg. Du kommer til å drepe, jeg vil at du heller skal forakte oss.” Ho har sett at Johan har sinnet og valden i seg.

Den utløysande årsaka til at Johan blir attentatmann er sjølvsagt at han blir verva av den fanatiske ideologen Leif Laheim. Om han vert det sagt: ”Stakkars jævel, kom til Norge i 1938, og så hadde han plutselig ingen nærmere slektning enn en kusine nede i en eller annen leir.” Johan mista også faren under krigen, dei er altså begge farlause og traumatiserte. Det var det imidlertid mange som var etter 2. verdskrigen. Det avgjerande kan vere korleis desse to velgjer å tolke si eiga ulukke inn i den politiske samtida, og kanalisere hemnlysta dit.

Tidsånda I etterordet til 1994-utgåva av Høst i mars skildrar Per Anders Madsen korleis det politiske og eksistensielle klimaet på 50-talet gjorde ungdommar som Johan og Liv til outsidarar. Den kalde krigen og vekta som vart lagt på nasjonal konsensus i gjenoppbyggingsfasen etter krigen skapte eit polarisert klima kor opposisjon vart tolka som undergraving av demokratiet. Samstundes hadde kunnskapen om konsentrasjonsleirane og atombombene øydelagt trua på gamle verdiar, autoritetar og framtida.

Leif Laheim vil motarbeide det moralske forfallet ved å ”begynne å myrde den andre veien”; han vil hindre krig ved å drepe militære og politiske toppfigurar. Ikkje har han noko å tape heller: ”Leser du ikke aviser: Jeg skal daue. Du skal daue. Han eller hun skal daue. Vi skal daue. Dere skal daue. De skal daue. Enkel gramatikk. Ingen personendelser. Futurum simplex”. Men altså; Du først.

Madsen gjer merksam på det spesielle i at Johannesens skildring kjem 15 år før slik terror ramma Europa: «Det er påfallende å se hvordan vesentlige trekk ved den politiske terrorismen, som den fanatiske moralismen, valget av samfunnets symbolfigurer som ofre, terrorhandlingenes sterke propaganda-preg, fadermordet, terroraksjonens karakter av å være et slags hjelpeløst språk, hvordan dette gjenfinnes i fortellingen om Leif Laheims merkelige terrorgruppe Du først«.

Endå meir påfallande er det at dette er like treffande for terroren Norge har opplevd i sommar.

Kampen om samtida Samanlikna med attentatet i romanen, er ugjerninga til Behring Breivik grusommare, svakare motivert og mindre målretta. Og der Norge på 50-talet var homogent, polarisert og strengt regulert, er vårt samfunn idag etnisk, kulturelt og religiøst pluralistisk, likestilt og seksuelt frigjort.

Likevel kan nett desse forskjellane mellom då og no vere ein nøkkel i forståinga av sommarens åtak: I dag er samfunnet både vanskelegare å orientere og å hevde seg i, og av manifestet til Behring Breivik går det fram at han ønskar seg attende til eit mindre frigjort og meir homogent samfunn. Det er eit ope spørsmål om han ville ha funne seg betre til rette i eit 50-talssamfunn, eller om han ville ha funne andre grunnar til å myrde, som Johan. Eit tankekors er det imidlertid, at om tryggjingstiltaka etter 22. juli leier til auka overvaking, sterkare meiningspoliti og mindre ytringsfridom, vil Behring Breivik likevel ha oppnådd noko av det han ville. Vi må komme oss gjennom sorga etter terroren med gangsynet intakt.

Teksten er tidlegare publisert i Aftenposten K, oktober 2011.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: