Statusoppgradering

Papirboka er ikkje lenger først og fremst ein kommunikasjonskanal, ho har blitt ein gåveartikkel og eit statussymbol. Ikkje minst for den som har namnet sitt på omslaget.

Mann er manns gaman, står det i Håvamål. Helvetet er dei andre, skreiv Jean-Paul Sartre. Til saman gir sitata uttrykk for den lett klaustrofobiske realiteten: Vi er alle grunnleggjande sosiale vesen, nesten like avhengige av andre menneske som av luft, vatn, mat og varme. Den rolla sosiale medium har fått i kvardagen dei siste åra, har blitt eit nytt uttrykk for dette, og for meg har «statusoppdatering», det mest nytta omgrepet for meldingar til verda leverte på Facebook, fått ei ironisk dobbeltyding ettersom profilen vår i sosiale medium, og kor stor gjennomslagskraft vi får der, er så nær knytt til sosial status.

Det har blitt vanleg at dei som lukkast aller best på blogg, Twitter og Facebook får ytringar derfrå publiserte i bokform. Men kva er reell nyskaping, og kva er gamal vin i nye skinnsekkar? Har utviklinga gjort at sosial status pregar inngangen til bokheimen endå meir enn før? Den følgjande teksten kan innehalde spor av sosial angst og paranoide vrangførestillingar.

SOSIALT KJØNN
Det seier seg sjølv at om ein skal få utgitt ei bok basert på tekstar publiserte i sosiale medium, må ein ha nådd mange lesarar, eventuelt dei rette få. Spørsmålet er difor kva som skaper populariteten, og om det er ulikt for menn og kvinner. Ein kan jo få det bestemte inntrykket at kvinner må vere vakre, stereotypt kvinnelege eller alvorleg sjuke, medan menn må vere vittige eller ha sosial status frå før.

Kvinner dominerer bloggmediet med bloggar om mote, sminke, matlaging, innreiing, bøker og livet som mamma. Men ingen regel utan unntak, ein dag tidleg i november er bloggen Pappahjerte rangert som den mest populære: sjølvironisk om livet som småbarnsfar. Altså same oppskrift som Karl Ove Knausgård: Gjer det kvinner har gjort lenge, og som har vore uglesett fordi det er klamt og privat, og få kjempesuksess!

Det skal forundre meg mykje om ikkje størstedelen av publikumet til den openhjartige bloggarpappaen er kvinner, for kvinner er spesielt aktive blogglesarar, flinke til å gi kvarandre – og menn – gode tilbakemeldingar. Denne opninga for sosial interaksjon og opplevinga av å delta i ein fellesskap trur eg har mykje av æra for at kommunikasjonsplattforma når så mange. Er det også slik at menn i større grad nyttar sosiale medium til å promotere seg sjølve og utvalde vener, medan kvinner er rausare? Og er det berre fordi vi er snillare og meir empatiske, eller kan det vere eit motiv at vi vil heve vår sosiale status ved å skape band mellom oss sjølve og folk vi beundrar?

Det er i så fall aktivitet med ei viss fallhøgd, og om du lukkast eller ikkje, kan bli ei realitetsorientering om kor sosialt attraktiv du er. Sjølv om «likes» og støtteerklæringar blømer på nettet som aldri før, har vel nivået av utveksla ukvemsord heller aldri før vore så høgt i den offentlege – og deloffentlege – samtalen.

Som Kjetil Røed har påpeika i boka Dislike, er Facebook like mykje eit antropologisk som eit teknologisk eksperiment. Litt hjelp til å tolke det som skjer der, kan vi få frå eit omgrepspar lansert av den amerikanske psykologiforskaren Elaine Aron: «Ranking» (på norsk «rangering») og «linking» («kopling»). Rangering inneber ei vurdering av om den vi møter, står over eller under oss i det sosiale hierarkiet, kopling handlar om å knyte sosiale band basert på gjensidig velvilje og omsorg. Dei to prosessane skjer parallelt og påverkar alle sosiale relasjonar. Det er definitivt sunnast for psyken å fokusere på kopling og slik byggje opp både seg sjølv og andre sosialt, men den brutale sanninga er at ingen er interessert i å knyte band til kven som helst. Også vårt sosiale liv er i stor grad styrt av lynkjappe «cost–benefit»-analysar.

«Likes» er ein vulgært forenkla versjon av slike sosiale prosessar, men like fullt uttrykk for noko høgst reelt. Det er difor ikkje rart at mange nøler med å ytre seg på Facebook, og då spesielt i dei yngre generasjonane: Dei er redde for å ikkje få mange nok oppovervende tomlar. Resultatet blir at dei som har høg sosial status frå før, i større grad enn andre tør å vere synlege i sosiale medium, medan andre nøyer seg med observatørrolla og knapt nok vågar å kommentere. Blant dei som brukar nettet aktivt, vil dei som lukkast aller best, kunne oppnå eit av dei mest handgripelege teikna på sosial verdi: å få utgitt ei papirbok.

Les resten av essayet i Prosa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: