Ingvild Schade: Drammens rekordbok

Grensesprengande satire: Ein satirisk roman illustrert med absurde tusjteikningar må vere den mest særprega debuten på mange år.

«Og jeg er ikke en hvilken som helst forfatter. Jeg er en kunstner som har brukt ord som materiale til å strukturere et narrativt maleri», står det å lese i Ingvild Schades debutroman. Det kan vere parodisk meint, men utsegna kan faktisk passe på Schade sjølv. For Drammens rekordbok er langt frå ei tradisjonell, lineær historie, dette er ei samling scener skildra i eit språk som liknar dei detaljerte, surrealistiske og morosame tusjteikningane forfattaren sjølv har illustrert teksten med.

Hommage til Vindtorn
Sitatet er lagt i munnen på forfattaren Reidar Larsen, som etter å først ha vore entusiastisk deltakar og så blitt sparka ut av Drammens beste forfattarskule (fordi han ikkje meistra essaysjangeren), omsider utgav ein roman kor handlinga består i at han sit i eit tomt rom og beføler knehasen sin. Den klør nemleg fælt, men sidan det viser seg å vere skrivekløe, er nok meisterverket hans, Fravær i rom, ein parodi på den modernistiske kunstromanen som er mest oppteken av seg sjølv. Eller som Reidar seier: «Under kneet ligger det tekst. Undertekst.»

Det opprørsk karnevalistiske ved Schades prosjekt samt dei fascinerande, absurde illustrasjonane gjer at ein kan lese boka som ein hommage til Drammens store, surrealistiske son, performancepoeten Triztan Vindtorn, døypenamn Kjell Erik Larsen. Etternamnet på Reidar peikar same veg.

Ingvild Schade har sjølv gått på skriveskule, men det kan verke som ho vart grundig lei av smakspolitiet og bestemt seg for å gjere det stikk motsette av det som vart undervist. Her er ingen smakfull minimalisme, ingen kjenslevare miljøskildringar med symbolsk lading, ingen «sterke møter mellom slektninger» eller «nyopererte kvinneskjebner». Drammens rekordbok er i staden eit barokt grenseoverskridande, eksentrisk bokprosjekt, der koplinga til realismen er syltynn og narrasjonen går dit assosiasjonane peikar, og dei finn gjerne vegen vidare gjennom rim og rytme.

Satriren er altså retta mot dei som «veit best», enten det er vi som meinar å vite kva god litteratur er, eller den uangripeleg velmeinande middelklassen – her representert ved eit gjeldfritt ektepar med doktorgrad i pedagogikk som blir adoptivforeldra til den andre hovudpersonen i boka, den uvanleg høge, snille og dumme Jan Beige.

Han er ivrig fan og økonomisk støttespelar for forfattaren Reidar, har gifta seg med søstra hans – Aina Therese som mista alle jekslane sine då ho som barn tygde seg ut av eit bur mora hadde sperra henne inne i og no berre vil liggje på sofaen – og er stefar for sonen hennar Glenn, som er den fødde, ordknappe poet. Jan Beige likar best å chatte med «Jente 16 Mjøndalen», som stadig kjem med seksuelle hint han ikkje skjønar.

Ville assosiasjonar
Eg opplevde det først som mektig irriterande å måtte følgje dei ville assosiasjonane til ein langt over gjennomsnittet sprelsk fantasi. Men teksten har mange genuint morosame augneblinkar, sjølv lo eg høgt første gong då Reidar gjorde greie for kva alle bokstavane i alfabetet står for og kom til at «J står for: Jeg er så redd for den mektige mannskroppen min at jeg dusjer med truse og pysjoverdel.»

Og for ein gongs skuld er det som står bakpå boka særs treffande. «Dette er en uvøren roman som gjør noe rart med deg», står det. Etter å ha lese på sengekanten vart eg liggande med stadig meir skrudde bilete på netthinna ettersom søvnen seig på, og utpå natta vakna eg med det som stod for meg som ekstremt viktige innsikter. Riktignok verka det lille eg hugsa då eg vakna ikkje så revolusjonerande likevel, diverre, men opplevinga var såpass spesiell at eg begynte å lure på om ikkje meir spanande kunne skje under innflyting av kunst som kan, sitat: «demonstrere hvordan man fløtter bevisstheten ut av rigide rammer».

Drammens rekordbok kan vekkje mistanke om at dette er eit stunt snarare enn eit alvorleg forsøk på å skrive stor litteratur, og satiren motset seg forsøk på alvorlege tolkingar. Samstundes gjer satiren, normbrotet og ikkje minst humoren boka til eit velkome og forfriskande utskot. Eg skulle gjere sett meir satire, og helst av det politske slaget. Det litterære parnassset kan vere irriterande nok, men det er no ein gong ikkje der den verkelege makta sit. Så ja, takk, gjerne meir av dette!

Teksten er tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: