Liv Mossige: Tyskland

Tragedie sett innanfrå: Debutant Liv Mossige er ein dyktig forteljar som får til mykje med få ord, men kunne godt ha våga seg lenger inn i kjenslene.

Det var vore lite merksemd rundt debutantane i år, men nokre få unge kvinner stikk seg fram når ulike juryar i det siste har kåra årets beste bøker. Amalie Kasin Lerstangs roman Europa, som eg melde i mars, vart nominert til Ungdommens kritikerpris av Norsk kritikerlags jury. Det same gjeld Dommedøgn, andreboka til Kjersti Wøien Håland som eg melde i førre avis. Diktsamlinga Også det uforsonlige finnes av Anne Helene Guddal har blitt nemt av fleire kritikarar som ei av årets beste, og Tyskland av Liv Mossige, som eg skriv om her, er på langlista til P2-lytternes romanpris.

I eit år med mange utgjevingar av etablerte forfattarar og jamt høg kvalitet, melder spørsmålet seg om dette berre handlar om kvalitet, eller om det også er andre sosiale mekanismar på ferde, som ønsket om å løfte fram nye talent. Eg for min del synes i alle fall det blir stadig vanskelegare å rangere bøker som er gode på kvart sitt vis, spesielt ettersom eg ofte endar med å kritisere dei velkjende stemmene hardare enn dei nye.

Skjønar lite, reagerar sterkt
Liv Mossige er lektor og bokmeldar i Dagsavisen, og markerar seg med ein profesjonell og minimalistisk bruk av litterære verkemiddel. Spesielt valet av synsvinkel skil seg ut i mengda.

Eg-forteljaren er den mentalt tilbakeståande Hanne, som i starten av romanen flyktar frå mora si og ut i skogen. Ho vil til Tyskland, kor ho trur eit nytt liv ventar på henne fordi søstra hennar reiste dit. I staden møter ho onkelen Valj som tar henne med på loffen. Dette skjer rett etter 2. verdskrig, og i tilbakeblikk kjem forhistoria fram; faren var lærar, men er no død, mora sleit med å halde liv i seg og døtrene gjennom krigen og søstra vart gravid med ein tysk soldat. Hanna forstår lite, men er storvaksen og kan reagere sterkt. Ho er farleg og sårbar på same tid.

Teksten vekslar mellom tankane til Hanne og korte replikkvekslingar, og slik blir historia effektivt skrive fram. Men sidan Hanne ved fleire høve har vore valdeleg, saknar eg eit uttrykk for korleis kjenslene pregar den indre verda hennar. Dette heng nok saman med at ho har ei begrensa verbal forståing, slik at det fysiske blir hennar måte å utagere på. Men ho gir til dømes lite uttrykk for fysisk smerte, og det ville eg trudd høyrde til grunnvokabularet i eit barnleg sinn. Blikket hennar er vend utover, ikkje inn i ho sjølv, men dermed forsvinn ein dimensjon som kunne ha vore både litteræret spennande og engasjerande.

Mykje mellom linjene
I staden gir Hanne eit uventa perspektiv på menneska rundt henne, og detaljane i miljøet som vert skrive fram er overtydande. Historia har mange tragiske element, men mykje blir berre hinta om, sidan Hanne sjølv skjønar lite. Til dømes er det uklart kva som eigentleg skjedde med den gravide systra Anja, som etter krigen kjem på besøk eskortert av politiet, og seinare døyr. Den personen eg endar med kjenne sterkast for, er mora til dei to; korleis ho rivest mellom kjærleik, avmakt og sinne i ein særs vanskeleg livssituasjon.

Mossige er ein dyktig forteljar som får til mykje med få ord, men ho kunne godt ha våga seg lenger inn i kjenslene. Ho havnar nok ikkje på mi liste over årets beste. Men skildringa av Hanne er både så ambisiøs og såpass vellukka at eg trur Mossige kan bli ein av finalistane til Tarjei Vesaas debutantpris.

Tidlegare publisert i Dag og Tid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: