Ida Hegazi Høyer: Unnskyld

Der det gjer vondt: Ida Hegazi Høyer viser både mot og evne når ho utfordrar det idealiserte kollektive sjølvbiletet vårt. 

Ingen likar altfor blanke fasader, men vil vi eigentleg vite kva folk har i skapa og kva som skjer der ute i skogen?

Unnskyld er Ida Hegazi Høyers tredje roman på tre år, og i tilbakeblikk er den tematiske samanhengen så sterk at det er naturleg å lese bøkene som del av éit prosjekt: Ho utforskar det som er fortrengt i det på overflata velfungerande norske samfunnet. Dei to tidlegare titlane Under jorden og Ut er talande for viljen til å sprenge dei snevre rammene for vårt kollektive sjølvbilete. Under jorden handlar om ein vordande forfattar som møter bygdedyret i både konkret og overført tyding. Ut grev i eit tilsynelatande perfekt familieliv og granskar kva menneskesyn som viser seg i institusjonane der dei sterkt mentalt og fysisk funksjonshemma er gøymde vekk.

I den nye romanen går Hegazi Høyer uredd inn i det aller såraste punktet i kjernefamilie-samfunnet: Kor mykje born kan lide der dei sosiale nettverka er få og veike og privatlivet heilagt. Jeg tenker nok du skjønner det sjøl er tittelen på boka av Jon Gangdal om lille Christoffer som døydde fordi ingen i nærmiljøet greip inn og hindra overgrepa han vart utsett for heime. Hegazi Høyer utforskar no kvifor vi ikkje skjønar og ikkje gjer noko i slike situasjonar. Unnskyld er difor ein velvalgt tittel.

Umoden kjærleik
Ei ung kvinne kjem heim og finn kjærasten hengande etter halsen på soverommet. Historia vidare er fortalt i tilbakeblikk av eg-forteljaren til han som no kun er eit «du» i skrifta – ho granskar minnet for å skjøne det som har skjedd og om ho kunne ha gjort noko annleis.

Så får vi historia som starta med den store kjærleiken: «Første gang jeg så deg – jeg kom til å kle av meg alt». Dette skjer i strandkanten, og før natta kjem, er dei kjærastar av det slaget som ikkje ser vitsen med andre folk.

Som dømet viser, har Hegazi Høyer ein poetisk og dramatisk stil; det pregar både val av tema og språket. Sjølv om eg likar måten ho skriv på, opplevde eg i starten boka som tung og uspennande – kjærleikshistoria var heller irriterande umoden enn romantisk, og det låg i tjukke lag at mannen ville vise seg å vere ein annan enn forteljaren trudde. Men etterkvart festa historia grepet. Spesielt kontrasten mellom den kjepphøge filosofistudenten med alt sitt prat om kompromisslaus individualisme, og biletet som vaks fram av den guten han ein gong var, gjorde teksten kompleks, gripande og tankevekkjande.

At forteljinga i starten er prega av synsvinkelen til den umodne 20-åringen, viser seg å leggje eit nesten barmhjertig slør av naiv uforstand over møtet med ein tungt traumatisert person. Men gradvis får både ho og vi større innsikt, ikkje minst i kor vanskeleg det er å ta inn andres smerte og vite korleis ein kan hjelpe – og kor lett det er å svikte trass gode intensjonar.

Sterke scener
Boka har scener som er vondt sterke både biletleg og emosjonelt. Som skildringa av den lille guten i barnehagen som først er utagerande, men så blir apatisk. Eller elgen og rådyret som er kvesta av ei påkøyrsle og ventar på døden saman. Symbolikken er gjennomgåande tydeleg, men også treffsikker, dermed klarer Hegazi Høyer både å vekke kjenslene og utforske eit psykologisk komplisert emne: Korleis fortrenging som psykisk sjølvforsvar artar seg både individuelt og sosialt. Eg kan ikkje uttale meg om kor godt ein psykiater vil meine at ho lukkast, men litterært er det overtydande.

Etter ein sterk debut og ei litt svakare andrebok er Hegazi Høyer dermed attende på rett kurs: Mot ein interessant og original forfattarskap.

Ein litt kortare versjon av meldinga er publisert i Dag og Tid.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: