Min mann Martin

Kva for litteraturkritikar som har hatt mest innflyting i verda gjennom alle tider?

For å våge å svare på eit spørsmål av slike dimensjonar måtte eg undertrykke to svake sider: At eg er kvinne og at eg har ein nesten ustyrleg trong til å vere ærleg. Eg veit nemleg ikkje. Sånn generelt. Men eg likar å tenke at eg kan ta igjen manglande kunnskap med logisk tenking. Den går sånn:

Den litteraturkritikken som har hatt størst innflyting, må vere den som gjeld litteraturen som har påvirka verdshistoria mest. Det er Bibelen.

Dermed er vi over i teologien, altså ein vid definisjon av litteraturkritikk. Men sidan dei bibelske skriftene stadig vert prisa som høgverdig litteratur og utlegging av Skrifta ikkje berre er ein tolkingsvitskap, men også min personlege veg inn i kritikken, kjenner eg – som eg ville sagt på bedehuset, og meint at eg var inspirert av Den heilage Ande – at eg er på rett spor.

Teologi er ikkje kvalitetsvurdering, sa du? Men det har det vore ein gong: Utvalet av skriftene i Bibelen er den opprinneleg tydinga av «kanonisering». Det er imidlertid vanskeleg å peike på éin sentral person i den prosessen. Ser vi derimot på tolking og formidling av Bibelen, stig ein kandidat fram i stråleglans: Martin Luther tolka Skrifta slik at kvart menneske sjølv skulle få møte Gud gjennom Ordet, og dermed vart det naudsynt både å omsetje teksten til moderne skriftspråk og lære alle å lese.

Det kan vel hende at litteraturkritikk ville ha eksistert utan han Martin, men – «uten mig». Og då ville elitismeskuldingane hatt noko for seg.

Teksten er tidlegare publisert i Vinduet 3/2014.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: