Mirjam Kristensen: Jeg har ventet på deg

Mjuk og sterk: Mirjam Kristensen fortel ei sterk historie i ein ujålete, men raffinert litterær stil.

Mirjam Kristensens roman Jeg har ventet på deg er ei av årets beste bøker. Det er ikkje så lett å forklare kvifor – for boka har element av dramatikk og romantikk som kunne ha plassert henne på hylla for sentimentalt melodrama, ho skildrar hendingar frå 2. verdskrigen som liknar slikt vi har høyrt før, og språket er enkelt snarare enn blømande. Men boka har ein nerve så sterk at eg i starten måtte ta pause etter kvart korte kapittel.

Historisk realisme
Det handlar om livet til Paula, som ein sommar under krigen møtte den store kjærleiken, fekk skulda for at lillesøstra drukna og vart send bort frå familien sin for aldri å vende tilbake. Vi møter henne som gamal, og skjønar at ho har levd heile livet som einsleg. Spørsmålet er kvifor ho aldri meir møtte han ho elska, den jødiske guten David som vart send i konsentrasjonsleir, men overlevde.

Mirjam Kristensen, som har skrive fire romanar før og fått Tarjei Vesaas debutanpris, jobbar som bibliotekar ved Stiftelsen Arkivet i Kristiansand, statsarkivet som under krigen var houvudkvarter for Gestapo, og som no er senter for historieformidling og fredsbygging. Her har ho henta stoff til den nye romanen, slik Gaute Heivoll også gjorde til romanen Himmelarkivet.

Sjølv om Heivoll fortel om historiske personar medan Mirjam Kristensen diktar, inspirert av ulike kjelder, er det naturleg å samanlikne dei fordi Kristensen har valgt ei form som nesten gjer det vanskeleg å tru at historia ikkje er sann. Men der Heivoll skriv med poetisk patos, nyttar Kristensen eit sakleg og direkte språk, ikkje ulikt slik folk fortel om hendingar dei har tenkt gjennom så mange gongar at forteljinga har blitt tydeleg og kompakt.

Den skjulte historia
Mykje ved romanen minner om Tillers Innsirkling-trilogi: Kristensen vever saman mange korte glimt frå ulike forteljarar og synsvinklar som til saman gir eit riss av avgjerande hendingar, men ikkje heile historia om livet til Paula – slik Tiller også lar mange forteljingar om éin person vise kor lite kvar av forteljarane eigentleg veit om han. Samstundes er hendingane av ein slik livsomveltande karakter at det – som i Innsirkling – nærmar seg melodramaet. Det begge forfattarane tar høgd for, er at livet kan vere minst like dramatisk og tragisk som litteraturen, men at dei som har måtte leve gjennom det, gjerne vil tone ned og skjule heller enn å utbrodere.

Ved å gjere dette til poetikk, oppnår Kristensen at lesaren i staden for å bli oppteken av formuleringane, kjenner seg overvelda av realitetane; korleis tilfeldige hendingar og dei uforståelege valga folk tar, bestemmer heile livsløp. Innimellom har teksten preg av oppramsing eller gjenforteljing. Eller den kretsar om kvardagslege detaljar som slår sterkt inn nettopp fordi dei ikkje er originale, men viser ei kjent verd der likevel kva som helst kunne hende. Men så uendeleg godt og presist skildra! Kristensen viser med dette at ho ikkje berre har stor innsikt i historie og menneskepsyken, men også ein sterk sans for stil; når dei små orda verkar sterkare enn dei store. I det minner ho om Merethe Lindstrøm.

Håp til slutt
Det einaste eg stiller meg tvilande til, er den romantiske slutten. Den verkar forsonande på ein litt for konstruert måte, og bryt med den elles sterke opplevinga av eksistensiell sanning. Samstundes er mangelen på litterært jåleri ein viktig kvalitet ved boka, så kvifor ikkje ein oppløftande slutt? Boka er både mjuk og sterk, slik dei sterkaste menneska sloss for dei mjuke verdiane under krigen.

Eg håpar dette blir Kristensens gjennombrot til eit større publikum, for boka er ei gåve til alle som er opptekne av 2. verdskrigen, eller av å skjøne det heilt vanlege, overveldande livet.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: