Kjersti Annesdatter Skomsvold: 33

Det rare livet: Kjersti Annesdatter Skomsvolds roman 33 er eksentrisk i form og ordinært eksistensiell i innhald. Kombinasjonen er inspirerande unorsk.

Kjersti Annesdatter Skomsvold er ein forfattar som svingar mellom motsetnader. Den første boka hennar, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009) var ein tynn roman om ei gamal enke, og den svarte humoren skaffa henne Tarjei Vesaas debutantpris. Romanen Monstermenneske (2012) var tjukk og sjølvbiografisk. I fjor debuterte Skomsvold som poet med prosanære dikt i Litt trist matematikk, og i år kjem altså den tynne romanen 33, kor fortejaren leikar historia fram gjennom allegoriar, metaforar og poetisk paradoksale setningar. Som poetkollega Erlend O. Nødtvedt er Skomsvold ein forfattar som spenner frå mot tradisjon og konvensjon for å skape seg eit originalt uttrykk, og det klarer ho til gagns.

Eksentrisk eksistensiell
I form er dette ei eksentrisk bok, medan tematikken er eksistensiell på tradisjonelt vis og ikkje så lite sturm und drang-romantisk i kretsinga om sorg og kjærleik, liv og død. Ei relativt ung kvinne (33) jobbar som mattelærar medan ho ventar på lungetransplantasjon. Ho har skrive ei lærebok i matematikk, ho har ein død kjæraste i houvdet og ein levande i Irland og står og dirrar mellom sorg, angst og håp. Historia er isolert sett enkel og kunne i normalspråk ha blitt ordinær på grensa til klisje. Men ein kan også sjå det som ein styrke at Skomsvold ikkje er redd for dei store, men vanlege kjenslene.

Hovudpersonen kan ein imidlertid trygt kalle eksentrisk, ho kjøper eit albatrossegg for å øve opp morskjensla si og gir pistasjenøter frå lomma til legen som har undersøkt underlivet hennar. Måten ho fortel på speglar det indre kaoset, men vi endar likevel i ei ganske idyllisk historie om Kjærleiken med stor K.

Teksten er spekka av tankar om livet og sjølvet, og setningane er prega av det uventa og absurde. Det er ofte artig, men kan bli for mykje innimellom, som når forteljaren seier at ho på kirkegarden har «sydd Ferdinand fast i meg selv, som en omvendt amputasjon». Det er ein overtydleg og undøvendig metafor sidan det er grundig etablert at den døde Ferdinand er høgst levande i minnet hennar.

Europeiske overdrivingar
Likevel er Skomsvolds vilje og evne til å skildre livet gjennom eit metaforisk og uføreseieleg språk den berande kvaliteten i boka. Ikkje berre på grunn av den frigjerande humoren, men fordi ho får uttrykt ei særeiga livskjensle og ikkje minst eit metaperspektiv på den eksistensielle forvirringa vi alle så lett fortaper oss i, og som gjer historier til velkomne livbøyer: «… jeg har en ustoppelig trang til å lage historier med en begynnelse, en midtdel og en slutt, og det forfalsker bestandig ting, jeg er dømt til å mislykkes i å forstå hva et liv er, hva et liv betyr, det finnes ingenting som en sann historie, men jeg kan ikke stoppe å tro at det gjør det, da jeg forsøker å lage mening av livet!»

Det er noko inspirerande unorsk over stilen, og Skomsvold tilkjennegir også å skrive seg opp mot ein europeisk tradisjon der det absurde og overdrivinga står sterkt: Samuel Beckett, Thomas Berhard og Per Olov Enquist er oppgitt som «litteratur», så vi har truleg med omfattande intertekstualitet å gjere. Sitatet «Det gjør godt å ha fiender, man holder seg ung og umedgjørlig», fins også i Tomas Espedals Bergeners, men kanskje hadde han òg lånt det?

At skilja mellom herming og originalitet ikkje er absolutte, veit vi, effekten er uansett slåande. Faktisk verkar alle påfunna nesten overveldande og gjer teksten hektisk på eit vis som trugar innlevinga. Men kombinasjonen av svart humor, eksistensielt alvor og sansen for den uventa formuleringa gjer Skomsvold til eit litterært talent av det slaget som berre sjeldan dukkar opp her på berget.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: