Aina Basso: Finne ly

Fin flukt: Aina Basso kombinerer kontemplasjon, dramatikk og historisk kunnskap i ein reinskoren ungdomsroman.

Aina Basso har gjort det skarpt som forfattar av historiske romanar for ungdom sidan debuten i 2008. Mellom anna vart romanen Inn i elden nominert både til Brageprisen i klassen for ungdomsbøker i 2012, og til den nyoppretta Nordisk råds barne- og ungdomsboklitteraturpris i 2013. Den nye boka, Finne ly, er berre merkt «roman». Tanken er vel at dette er like mykje vaksenroman som ungdomsroman, men dermed blir eg nødt til å fundere litt over kva forskjellen vanlegvis består i.

Til ungdommen
Eg reknar med at mange tenåringar les vaksenbøker slik eg sjølv gjorde, så målgruppa for ungdomsbøker kan strekke seg ganske langt ned i årskulla, alt etter lesekompetansen. Det viktigaste trekket ved ein ungdomsroman er elles at hovudpersonen er mogeleg å identifisere seg med for unge lesarar, men boka bør heller ikkje stille store krav til forkunnskap og språket ikkje vere for komplisert. Om alt anna har slått feil gjennom livet, vil ein vaksen lesar i alle fall ha akkumulert ein del kunnskap og evne til å tolke tekst som berre kjem med erfaring.

Etter desse kritieria er eg ikkje i tvil om at det er ein ungdomsroman Basso har skrive, ein god ein, som både unge i dei seine tenåra og vaksne kan ha glede av.

Houvdpersonen Hanna er ei ung romanikvinne som har røymd frå tukthuset. Ho søkjer ly på ein gard djupt inne i skogen der ho får teneste fordi mora i familien nett døydde, men ho må skjule bakgrunnen sin, som gradvis blir avslørt for lesaren. Imidlertid skal det vise seg at ingen stad er trygg, og at det kan vere vanskeleg å spå kven som er farlege for kven, spesielt når følgjer med reisande slår leir like ved.

Romanen har to eg-forteljarar, og den andre er den mest interessante: Johannes er yngste son på garden, ein tander og taus figur med eit hovud der det innimellom myldrar for sterkt og mykje.

Gjennom desse to får Basso på subtilt vis formidla både korleis livet var for romanifolk i Noreg på 1800-talet og korleis frykta for det framande kunne (og kan) få fram det verste i vanlege fastbuande. Ho blir ikkje pedagogisk overtydeleg, i staden teiknar ho med enkle riss opp truverdige portrett og skjebner. Men som sagt lukkast ho best med den labile Johannes. Hanna er meir anonym og kunne godt hatt ein meir markant personlegdom. Både tidlegare traumer og konflikten mellom behovet for tryggleik og det behovet for fridom som sit i blodet til den reisande, kunne også ha prega henne tydelegare.

Kontemplativ dramatikk
Teksten er på alle måtar reinskoren: Knappe kapittel med konkrete skildringar og korte, ofte ufullstendige setningar som dette: «Ligg vaken ei stund før eg står opp. Kjenner draumane renne av, prøver å fange dei. Draumen eg drøymde sist, og draumen før den. Berre brotstykka att, små villspor i hugen.»

Denne måten å skrive på har noko innåtvend poetisk ved seg som gir lesaren ei kjensle av å få formidla minne sett gjennom forteljarane, i motsetnad til den typen fiksjon kor lesaren blir dregen direkte inn ei dramatisk handling. Stilen minner meg om både Ingrid Z. Aanestad, Mette Karlsvik og Lars Petter Sveen, som alle er på omtrent same alder og skriv på nynorsk.

Finne ly er ein fin roman med ei nesten kontemplativ ro i seg trass ei underliggjande spenning som flammar opp i ein dramatisk slutt. Og eg trur at den sentrale konflikten mellom trongen til tryggleik og trongen til fridom vil appellere sterkt til ung lesarar. Men hei, den kan vel sjølv vi rundt dei førti kjenne på av og til. Kanskje spesielt vi rundt dei førti.

Tidlegare publisert i Dag og Tid.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: